ARENDALSVEKA
Nasjonalformua: Utanforskapet – vår største unytta ressurs?
Nasjonalformua: Utanforskapet – vår største unytta ressurs?
Vi snakkar stadig om korleis vi skal forvalte oljepengane for å auke og få mest mogleg ut av denne formua, og har etablert oljefondet, eller generasjonsfondet som det også blir kalla, for å sikre at framtidige generasjonar også skal få utbyte av verdiane vi har i dag.
Oljefondet utgjer snaue 10% av nasjonalformua vår, medan verdien av noverande og framtidig arbeid utgjer 74%. Likevel snakkar vi ikkje om korleis vi skal forvalte humankapitalen vår, så å seie sette den i arbeid, til beste for fellesskapen. Når 20% av denne formua ikkje er i bruk (fordi så stor andel av befolkninga i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet) tilsvarar det heile oljeformua og finanskapitalen vår, og det er naturleg å spørje om vi har råd til å delvis la den stå urørt.
Har vi råd til den omfattande utanforskapen?
Kanskje på tide å lære litt av oljefondet, og etterspørje meir aktiv forvalting av denne kapitalen?
PROGRAM
Oppdrag: Inkludere fleire, særleg unge, i utdanning, arbeids- og samfunnsliv, trass helseplager v/ Svein Kostveit, direktør, Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering
Nasjonalformua – frå passiv forvalting til meir risikovilje? v/Tuva Moflag, fraksjonsleiar, Arbeids- og sosialkomiteen (Ap)
Korleis ser framtida ut for komande generasjonar? Oljefondet skal sikre ansvarleg og langsiktig forvalting av inntektene frå Norges olje- og gassressursar, slik at formua kjem både dagens og framtidige generasjonar til gode. Men kva gjer vi med resten av nasjonalformua? Korleis kan vi sette humankapitalen i arbeid til beste for framtidige generasjonar?
Frå passiv til aktiv forvalting av humankapitalen v/Hans Christian Holte, direktør, Nav
Det store samfunnsoppdraget vårt: Å investere i å inkludere fleire unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Kva for avkasting kan vi forvente om vi vågar meir?
Korleis bør vi investere for å få eit samfunn der alle får muligheiter til å delta? Kva for avkasting kan vi forvente? v/Roger Bjørnstad, sjeføkonom, LO
LO arbeider for å skape eit trygt og rettferdig arbeidsliv og bidra til eit samfunn der alle har like muligheiter til utdanning, helse og andre velferdstenester. Eit rettferdig samfunn der alle får muligheiter til å bidra.
Korleis kan næringslivet skape verdiar ved investering i redusert utanforskap blant unge? Kva for avkasting kan vi forvente? v/Øystein Dørum, direktør for samfunnsøkonomi, NHO
NHO arbeider for å styrke konkurranseevne og lønsemd i næringslivet, og slik skape grunnlag for ein god leve- og livsstandard i eit økonomisk sunt og vekstkraftig samfunn.
Samtale: Nasjonalformua: Utanforskapet – vår største unytta ressurs?
Med Tuva Moflag, Hans Christian Holte, Roger Bjørnstad og Øystein Dørum. Fasilitert av Torbjørn Røe Isaksen.
Risikovilje er nødvendig for læring og avkasting. Kva må til? v/Jan Otto Risebrobakken, styreleiar, Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering
Torbjørn Røe Isaksen, samfunnsredaktør i E 24, leier samtala og leier oss gjennom programmet.