Rapport: Veien videre
I denne rapporten kjem Forandringsfabrikken med nye råd til NAV-rettleiarane og leiarane deira om kva som skal til for å få gode møte som bidrar til gode resultat. Eigentleg handlar dette mykje om tillit og dei tre sentrale komponentane i tillit: At brukaren opplever at den ein møter vil ein vel, at vedkomande er oppteken av deg som menneske, og ikkje berre saka. At vedkomande har den nødvendige kompetansen til å møte og stå i utfordringane og finne gode løysingar. Og ikkje minst at vedkomande har integritet og er til å stole på.
Forandringsfabrikken samlar, systematiserer og formidlar kunnskap om barn og unge og deira møte med hjelpeapparatet, og gir råd til myndigheiter og politikarar basert på desse erfaringane.
Dei sentrale spørsmåla i denne rapporten er kva som kjenneteiknar gode og dårlege møte, frå det første møtet, via samarbeidet undervegs og møta for å gi hjelp på vegen vidare. Med bakgrunn i desse erfaringane kjem rapporten med råd til NAV.
Rapporten er basert på intervju med 215 unge vaksne (18-25 år, men flest i alderen 19-21 år) i heile landet.
Forandringsfabrikken Kunnskapssenter (2021). Redaktør Marit Sanner. Veien videre.
Les heile rapporten:
Rapport: Veien videre (2022)