KURS PÅ RAULAND 6. – 7. MARS 2025
Korleis fremje god helse og arbeidsdeltaking?
Korleis fremje god helse og arbeidsdeltaking?
Følger du opp personar som er utanfor arbeid eller utdanning, har helseplager eller som er sjukemelde, og vil lære meir om korleis du kan fremje god helse og arbeidsdeltaking?
I dette kurset delar vi kunnskap og erfaring frå mange års forsking og praksis innan arbeidsretta rehabilitering, der målet er klart: Å hjelpe personar med helse- og livsutfordringar til å stå i arbeid. Arbeidsretta rehabilitering er basert på ei heilskapleg tilnærming, og har i tillegg til arbeidsdeltaking vist seg å fremje både fysisk og psykisk helse.
Målet med kurset er at du som fagperson skal få med deg prinsipp, metodar og verktøy som bidreg til å fremje god helse og arbeidsdeltaking hos dine brukarar.
Torsdag 6. mars
Kl. 10.30 – 19.30
- Velkomen og introduksjon til kurset og AiR. Omvising på klinikken og introduksjon til fagleg tilnærming til helsetilbod som har arbeid som mål. Tarjei Helle, direktør, Rehabiliteringssenteret AiR.
- Lunsj
- Kvifor forhindre fråfall frå arbeidslivet? Lær kva som kjenneteiknar personar utanfor arbeid og utdanning, og få med deg gode argument heim til leiinga for kvifor gjera ein innsats for å styrke helse – og arbeidsdeltaking. Lill-Katrin Nyhus, seniorrådgjevar ungt utanforskap ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering, med erfaring frå arbeids- og inkluderingsbedrift.
- Korleis gjera ei heilskapleg kartlegging av brukars situasjon knytt til arbeidsevne og arbeidsdeltaking? Få kunnskap om ulike modellar for heilskapleg perspektiv og korleis skape forståing for samanhengar. Få innføring i eit heilskapleg samtaleverktøy som hjelper brukaren å sortere i eigen situasjon knytt til helse, livskvalitet og arbeid. Åse Hylland, fysioterapeut og teamleiar ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frå frisklivssentral.
- Korleis halde fokus på ressursar og arbeidsdeltaking når brukaren vil snakke om helseplager? Lær korleis du kan skape ein arena for å snakke om brukarens ressursar og kva som kan vera gode spørsmål å stille ved sjukefråvær. Hilde Rinden, fagleg rådgjevar arbeid ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frå Nav.
- Kva forhindrar fråfall frå arbeidslivet? Lær kunnskapsbaserte prinsipp for tenestetilbod som skal støtte menneske i å stå i eller koma tilbake til jobb. Chris Jensen, leiar og forskar, og Lill-Katrin Nyhus, seniorrådgjevar ungt utanforskap, begge ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering.
- Middag og ei god pause
- Korleis legge til rette for meistringsopplevingar som fremjar helse og arbeidsdeltaking? Lær metodar for å jobbe med meistring og planlegge meistringsaktivitetar. Randi Sørheim, idrettspedagog ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frå oppvekstsektoren.
Fredag 7. mars
Kl. 09.00 – 14.30
- Rørslegruppe. Start dagen med roleg aktivitet basert på prinsipp frå psykomotorisk fysioterapi. Dette er ein aktivitet som bidreg til at kvar enkelt blir merksam på seg sjølv og eigne ressursar i møte med utfordringar. Fysioterapeut ved Rehabiliteringssenteret AiR.
- Kva betyr arbeid for psykisk helse? Å meistre jobben er eit viktig mål for mange med psykiske helseplager, og arbeidsdeltaking er viktig for menneskes psykiske helse. Få kunnskap om kva arbeidsdeltaking kan ha å seie, og korleis det kan bidra til god psykisk helse. Brita Rønning Iversen, psykologspesialist ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frå spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
- Arbeid og helse: Korleis bli trygg i rolla som rettleiar for brukarar med psykiske og fysiske helseplager? Få kunnskap om psykisk helse og korleis du kan møte personar med psykiske helseplager på ein god måte. Brita Rønning Iversen, psykologspesialist ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frå spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
- Lunsj
- Korleis etablere tiltak for å forhindre fråfall frå arbeidslivet? Jobb praktisk og få kunnskap om samhandling: workshop om korleis samhandle på tvers av aktørar, inkludert erfaringsbaserte råd og eksempel til inspirasjon. Chris Jensen, leiar og forskar, og Stefan Brunvatne, seniorrådgjevar, Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering.
- Avrunding og oppsummering. Chris Jensen, Stefan Brunvatne og Lill-Katrin Nyhus ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering.
Velkomen til ei fin kursoppleving i eit spanande fagmiljø – like ved flotte skiløyper på Rauland!
Fagpersonar som følgjer opp personar utanfor arbeid og utdanning, sjukemelde og personar som har helseplager, slik som tilsette i Nav, arbeids- og inkluderingsbedrifter, frisklivssentralar, psykisk helse, rehabiliteringsteam som følgjer opp personar i yrkesaktiv alder, fysioterapeutar, kommunale helsetenester, Helse og arbeid-poliklinikkar, rådgjevarar ved skular og studiestader og andre fagpersonar som ynskjer å fremje god helse og arbeidsdeltaking hos sine brukarar.
Kurset er ein kombinasjon av undervisning, gruppearbeid og fysisk aktivitet ute eller inne. Undervisninga foregår på norsk i alle øktene bortsett frå to, der undervisninga er på dansk.
Kurset varer over to dagar:
Torsdag 6. mars 2025 kl. 10.30 – 19.30
Fredag 7. mars 2025 kl. 09.00 – 14.30
Pris
Prisen inkluderer lunsj begge dagar og middag torsdag.
Early bird, til og med 1. februar: 5480,-
Frå 2. februar: 5980,-
Grupperabatt
Ta med ein eller fleire kollegaer og få 20 % rabatt! Det er mykje lettare å ta i bruk metodar og verktøy frå kurset når de er fleire som kan ta dei med tilbake til eigen organisasjon.
Betaling
Du vil få tilsendt faktura. Forfall er etter at kurset er gjennomført.
Avbestilling
Ei veke eller meir før kursstart: Ingen betaling.
Veka før kursstart: kr 500,- i avbestillingsgebyr.
Same dag: Full pris.
Kursstad
Rehabiliteringssenteret AiR, Haddlansvegen 20, Rauland i Telemark.
Arrangørar
Rehabiliteringssenteret AiR og Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering
Overnatting
Overnatting bestiller du sjølv. Desse stadene tilbyr rom og frukost:
Raulandsakademiet
Avstand frå AiR: 1,7 km – 3 min med bil, 20 min til fots.
Austbø Hotel
Avstand frå AiR: 3,7 km – 5 min med bil.
Rauland Høgfjellshotell
Avstand frå AiR: 10 km – 12 min med bil.
Fleire overnattingsmoglegheiter finn du på www.visitrauland.com
Rabatt på overnatting
Bestiller du opphald på Austbø Hotel eller Rauland Høgfjellshotell, får du rabatt. Rabattkodar får du på e-post frå oss så snart du har meldt deg på kurset.
Kurshaldarane er fagpersonar frå Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering og Rehabiliteringssenteret AiR. Frå kompetansesenteret bidreg forskarar og rådgjevarar, og frå klinikken ved Rehabiliteringssenteret AiR bidreg fagpersonar som har solid erfaring innanfor sitt felt; Psykolog, fysioterapeutar, idrettspedagogar og arbeidskonsulentar.
Vi er eit nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, med snart 20 års erfaring med forsking og kompetansespreiing på kva som verkar mot langvarig sjukefråvær og helserelatert utanforskap.
Kompetansesenteret arrangerer kurset saman med Rehabiliteringssenteret AiR, som i over 35 år har støtta personar med helseplager over i arbeid eller utdanning – dei siste åra med et spesielt fokus på unge vaksne.
Både Rehabiliteringssenteret AiR og kompetansesenteret har i alle desse åra jobba med arbeidsretta rehabilitering. Arbeidsretta rehabilitering hjelper langtidssjukemelde i arbeid, og er samfunnsøkonomisk lønsamt. Rehabiliteringa har også vist seg å vera helsefremjande – både når det gjeld fysisk og psykisk helse.
Har du spørsmål om kurset? Kontakt Guro Lien
Påmeldingsfrist: 12. februar