INNOVASJONS- OG FORSKINGSPROSJEKT – forprosjekt, 2020

Kva gjekk prosjektet ut på?

Hensikten med prosjektet var å undersøke erfaringar med og vurdere potensialet knytt til ulike digitale rehabiliteringstilbod, basert på erfaringar etter utbrotet av korona våren 2020.

Kva fann me ut?

Etter intervju med sentrale rehabiliteringsklinikkar er konklusjonen at klinikkane har vist stor omstillingsevne og tatt i bruk ny teknologi i fleire delar av forløpet, og ikkje minst i samhandlinga med eksterne aktørar som NAV, arbeidsgjevar og fastlege.

Digitale løysingar kan likevel ikkje erstatte fysiske møte mellom deltakarar (pasientar) og tverrfaglege team, men kan som tillegg forsterke rehabiliteringsforløpet, gjere det meir effektivt og venteleg gi betre resultat om ein greier å utvikle nye tenester og løysingar som styrkar den viktige dialogen mellom deltakar, arbeidsgjevar, verkemiddelapparat og spesialisthelseteneste.

Meir om prosjektet

Føremål

I dette forprosjektet er føremålet er å studere alternative digitale rehabiliteringsforløp som kan auke kvaliteten på rehabiliteringa.

Om prosjektet

DigRehab er eit forprosjekt der Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering er med som ein av samarbeidspartnarane. Prosjekteigar er Rehabiliteringssenteret AiR klinikk. 

I del 1 har NORCE fått i oppdrag å gjennomføre ei spørjegransking blant dei mest sentrale rehabiliteringsinstitusjonane i landet, for å undersøke erfaringar med og vurderingar av potensiale knytt til ulike digitale behandlingstilbod for ulike målgrupper.

Funna frå spørjegranskinga er oppsummert i ein rapport

I del 2 skal Rehabiliteringssenteret AiR klinikk undersøke i kva for fasar av rehabiliteringa og i kva for delar av tilbodet ei heilt eller delvis digitalisering har størst effekt. Her bidrar kompetansetenesta med fasilitering av workshopar med klinikarar.

I del 3 vil Rehabiliteringssenteret AiR klinikk vurdere om denne kunnskapen kan bidra til å utvikle nye behandlingstilbod. Også i denne delen bidrar kompetansetenesta med fasilitering.

Organisering og samarbeid

DigRehab er eit forprosjekt der Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering med som ein av samarbeidspartnarane. Prosjekteigar er Rehabiliteringssenteret AiR klinikk.

PROSJEKTEIGAR: Rehabiliteringssenteret AiR klinikk

Kontaktperson: Solveig Svardal

SAMARBEIDSPARTNAR: Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering

Kontaktperson: Chris Jensen

SAMARBEIDSPARTNAR FORSKING: NORCE

Kontaktperson: Irene Øyeflaten

Prosjektet er finansiert gjennom FORREGION Telemark, som er eit samarbeid mellom Norges Forskningsråd og Vestfold og Telemark fylkeskommune.