WEBINAR
Webinar: Unge utanfor arbeid og utdanning – korleis kan vi samhandle for å gje dei betre hjelp?
Unge utanfor arbeid og utdanning: Korleis kan vi samhandle for å gje dei betre hjelp?
I dette webinaret er det store spørsmålet korleis vi kan få alle dei gode hjelparane med alle sine ulike verktøy til å jobbe saman, på ein slik måte at det faktisk verkar mot utanforskap og dei unge føler at dei blir sett, høyrt og forstått som personar med sin eigen personlegdom og med spesifikke behov; at dei får møte «eit menneske», ikkje «eit system».
Utfordringane knytt til unge utanfor utdanning og arbeid er større enn nokon gong. Talet på hjelparar og talet på verkemiddel er også større enn nokon gong. Likevel får vi ikkje dei resultata vi ønsker.
I møtet med hjelpeapparatet er det mange som opplever å ikkje bli sett som heile menneske. Dei opplever å bli sendt frå den eine spesialisten til den neste i eit endelaust løp der hovudfokuset er problema.
Hjelparane på si side opplever eit uoversiktleg og fragmentert system og tette skott mellom helse-, utdannings- og arbeidssektorane.
Solveig Svardal, som er spesialrådgjevar ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering (NK ARR), vil gi ein kort oppsummering av forskingsfunn om korleis unge vaksne opplever møta dei har med hjelpeapparatet.
Deretter vil Tarjei Helle, som er koordinator for UngRehab ved Rehabiliteringssenteret AiR, presentere sine erfaringar med å jobbe saman med NAV, Oppfølgingstenesta og ulike lokale helsetenester slik at møtet dei unge har med hjelpeapparatet blir meir positivt og heilheitleg, slik dei etterlyser.
Han kan fortelje at dei er i ferd med å få til gode modellar, men at det framleis er fleire tunge systemiske utfordringar, både på helse- og arbeidssida, som står i vegen for nye smarte arbeidsmåtar.
Etter foredraget vil leiaren for Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering Chris Jensen komme med sine kommentarar, og det blir ein samtale med han og dei to innleiarane.
Møteleiar: Stefan Brunvatne, seniorrådgjevar ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering
I ein fagblogg på arbeidoghelse.no skriv spesialrådgjevar Solveig Svardal ved NK ARR litt om utanforskap og arbeidsretta rehabilitering. Les meir
KONTAKT
Har du spørsmål, ta kontakt med Tone Skau Jonassen