Arbeidsretta rehabilitering mot ungt utanforskap

Spesialrådgjevar Solveig Svardal
Spesialrådgjevar Solveig Svardal. Foto: Guro Lien

120.000 unge står utanfor arbeid og utdanning. Mange av dei opplever eit fragmentert hjelpeapparat med fokus på problem og diagnosar. I arbeidsretta rehabilitering kan dei få det motsette: Eit tverrfagleg og heilskapleg tilbod med fokus på ressursar – ikkje problem.

Av Solveig Svardal
Spesialrådgjevar, Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering

Unge vaksne som fell utanfor arbeidslivet har ofte samansette diagnosar, gjerne med lettare psykiske lidingar, dei har lite utdanning og svak tilknytting til arbeidslivet. Dei har som regel hatt tilbod om mange enkelttiltak lokalt, kjenneteikna av at dei er serielle og fragmenterte med fråver av tverrfagleg tilnærming. Spesialtilpassa program innan arbeidsretta rehabilitering vil kunne møte nokre av desse utfordringane og spele ei viktig rolle for å redusere utanforskapen og vere bidrag til den nasjonale dugnaden for å få fleire i arbeid.

Ungt utanforskap

120.000 menneske i alderen 20-30 år står utanfor arbeid og utdanning [1]. Talet på unge uføre er dobla dei siste sju åra, og vi har no om lag 40.000 personar under 30 år som mottar uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar (AAP). Til samanlikning vart det fødd 54 500 barn i Noreg i 2019 [2]. I denne gruppa står mange i fare for å falle varig ut av arbeidsmarknaden [3].

Dette har store konsekvensar; for den einskilde, men også for samfunnet. Det samfunnsøkonomiske tapet av at ein person fell ut av arbeidslivet tidleg i 20-åra, samanlikna med ein som er i arbeid fram til pensjonsalder er av Vista analyse rekna til 15,9 millionar 2020-kroner.

Kjenneteikn ved unge som fell utanfor arbeid og utdanning

Kjenneteikn ved unge vaksne som fell utanfor er at dei har samansette diagnosar, ofte med lettare psykiske lidingar, dei har lite utdanning og svak tilknytting til arbeidslivet. Dei har som regel hatt tilbod om mange enkelttiltak lokalt, kjenneteikna av at dei er serielle og fragmenterte med fråver av tverrfagleg tilnærming [4].

Fleire av utfordringane denne gruppa har kan vi omtale som livsstilsutfordringar, knytt til vekt, døgnrytme og søvn, inntak av mat og drikke, samt lågt aktivitetsnivå og dekondisjonering [5]. Dei manglar meistringserfaring og meistringsglede. I tillegg manglar dei kunnskap om arbeidslivet og kompetanse som kan gjere dei i stand til å søke og få arbeid, og bli i arbeidslivet.

Å bryte dårlege kvardagsmønster, få struktur i livet og nye vanar krev samanhengande tverrfagleg behandling eller rehabilitering som går over tid.

For ungdom og andre grupper som står i fare for å miste fotfestet i arbeidsmarknaden, er det særleg naudsynt å sjå helsesituasjon, kompetanseheving og arbeidsdeltaking i samanheng. 

Unges møte med hjelpeapparatet

I møtet med hjelpeapparatet er det mange som opplever å ikkje bli sett som heile menneske, men som problem. Dei opplever å bli sendt frå den eine spesialisten til den neste i eit endelaust løp der hovudfokuset er problema. Til slutt identifiserer dei seg med si eiga diagnose. I staden for ønskjer dei å bli sett, høyrt og forstått som personar med sin eigen personlegdom og med spesifikke preferansar, og vil gjerne møte «eit menneske», ikkje «eit system» [6].

Dei har behov for kvalifisert behandling og hjelp. For ungdom og andre grupper som står i fare for å miste fotfestet i arbeidsmarknaden, er det særleg naudsynt å sjå helsesituasjon, arbeidsdeltaking og kompetanseheving i samanheng [7].

Det manglar ikkje verkemiddel. Det manglar kompetanse til å sette dei saman på ein måte som verkar, tilpassa den som treng dei. Menneska treng å bli sett som unike og annleis, som eit heile, ikkje som ein haug med brikker som ikkje fungerer. Dette kan tverrfagleg tilnærming gjennom arbeidsretta rehabilitering bøte på.

Arbeidsretta rehabilitering – tverrfagleg og heilskapleg

Arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta har arbeid som mål, ser helse og arbeid i samanheng og varer over tid. Sentrale element i rehabiliteringa er å løfte fram deltakarens ressursar framfor diagnosane, la ho eller han oppleve meistring, utvikle meistringsstrategiar og sette seg i førarsetet for eige liv, gjennom mellom anna fysisk aktivitet og trening, undervisning, rettleiing og samtalar. Denne heilskaplege og tverrfaglege tilnærminga gjer at pasienten kan kome både raskare og meir varig i aktivitet, utdanning eller arbeid.

Samansette helseplager som fører til sjukefråver må sjåast i samanheng med sosiale faktorar, arbeidsplassrelaterte tilhøve og fleire andre forhold. Spesialisthelsetjenesta tilbyr difor ulike arbeidsretta tverrfaglege avklaringar, arbeidsretta behandlingstilbod og arbeidsretta rehabilitering for sjukemelde. Dei inngår alle i ei samhandlingskjede av tilbod i oppfølginga av sjukemelde.  Dei må koordinerast med aktivitetar i NAV-regi for å sikre samtidigheit og samhandling på tvers av sektorar.

Spesialtilpassa program innan arbeidsretta rehabilitering vil kunne møte nokre av desse utfordringane og spele ei viktig rolle for å redusere utanforskapen og vere bidrag til den nasjonale dugnaden for å få fleire i arbeid.

Fleire i arbeid!

Den samla verdien av arbeidet vi legg ned her i landet utgjer heile 74 % av nasjonalformua vår. I Perspektivmeldinga[8], som er Regjeringas melding til Stortinget om kva som er dei viktigaste utfordringane framover, og korleis dei bør løysast, blir det slått fast at «Regjeringens viktigste strategi for å møte utfordringene for et bærekraftig velferdssamfunn er å få flere i arbeid og styrke kunnskap og kompetanse»[9]. Den noverande regjeringas politikk er nedfelt i Hurdalsplattformen[10]. Overordna formulerer dei politikken sin slik: «Vi vil gjøre trygt arbeid til alle til jobb nummer én».

Grunngjevingane for dette er fleire:

I åra framover vil vi oppleve ei utflating av folketalsauken, fordi fruktbarheit og innvandring har gått ned. Levealderen aukar, slik at det blir færre i arbeidsfør alder til å forsørge dei som ikkje er i arbeid, den såkalla forsørgarbyrda aukar altså. Dette er kritisk for fundamentet for heile velferdssamfunnet vårt. Endå meir kritisk er dette fordi vi samtidig registrerer ein auke i andelen som av ulike årsakar fell utanfor arbeidslivet. 20 prosent av personane mellom 20 og 66 år står utanfor arbeidsstyrken[11] over 40% av desse mottar uføretrygd eller AAP. Nedstenging som følgje av korona har ført til at arbeidsløysa stig sterkt. Auken er sterkast for unge vaksne, både når det gjeld tal arbeidsledige og tal utanfor arbeidsstyrken.


[1] Andersen, Ulf (2021). Refleksjoner om utenforskap i Norge (pdf). Foredrag. Nav.

[2] SSB

[3] Perspektivmeldinga, Kap 4.4.3.

[4] Olesen, Esben (2021). Kunnskapsstatus utsatte ungdommer. Foredrag. Nordlandsforskning.

[5] Folkehelserapporten. Om barn og unges fysiske helse. Om barn og unges livskvalitet og psykiske lidingar.

[6] Olesen, Esben (2021). Kunnskapsstatus utsatte ungdommer. Foredrag for AiR 15.01.2021. Nordlandsforskning

[7] Perspektivmeldinga, kap 9.3.3 Bedre fleksibilitet og lettere innpass i arbeidslivet.

[8] Meld. St. 14 (2020–2021) Perspektivmeldingen 2021.

[9] Perspektivmeldingen, kapittel 9.5.

[10] Hurdalsplattformen: For en regjering utgått fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet 2021-2025. 13.10.2021.

[11] Arbeidskraftundersøkinga (AKU) til SSB

Meny