Møteplassen 2025: Kvinners arbeidshelse

Møteplassen er ein populær arena for fagleg påfyll og nettverksbygging for fagpersonar, team og leiarar som jobbar med arbeidsretta rehabilitering.

Av Guro Lien
Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering

Kvinners arbeidshelse er temaet for årets konferanse. Temaet vil bli belyst gjennom faglege innlegg om mellom anna kvinners

  • arbeidshelse – status og tal
  • utbyte av arbeidsretta rehabilitering
  • utbyte av heildigitale tilbod

I tillegg er ein stor del av Møteplassen sett av til utviklingsarbeid i fleire delar. Temaet for utviklingsarbeidet er «Kva kan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering gjera for å betre kvinners arbeidshelse?»

Temaet kvinners arbeidshelse erstattar dei tidligare utlyste temaa ungt utenforskap, digital oppfølging og utvikling av nye tenestetilbod. Vi som arrangørar ynskjer å bruke Møteplassen 2025 til å aktualisere og vitalisere fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Kvinners arbeidshelse er gjennom NOU 2025:5 «Kvinners arbeidshelse – kunnskap og tiltak» eit aktuelt helsepolitisk tema, og vi ynskjer at fagfeltet skal ta ein sentral posisjon i arbeidet med å betre kvinners arbeidshelse. Sidan kvinner er den største gruppa deltakarar på arbeidsretta rehabilitering, ligg det også eit stort potensial i å betre utbytet av rehabiliteringa.

Program

Her er nokre smakebitar frå programmet:

  • Heildigitale intensive tilbod med fokus på kvinners utbyte v/professor i klinisk psykologi Gerd Kvale og legespesialist og forskar Eirik Søfteland, Safe Choice Clinic
  • Kvinnelege deltakarar og arbeidsretta rehabilitering v/leiar og forskar Chris Jensen, Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering

Arrangør er Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsrettet rehabilitering, som består av Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Muritunet og Hernes Institutt. Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering ved Rehabiliteringssenteret AiR leier nettverket.

Hald av dagane, og gjer deg klar for to dagar med læring, utviklingsarbeid og nettverksbygging!

Finn ut meir og sjå program >