Vi inviterer til fagleg oppdatering, refleksjon og praktiske perspektiv på bruk av PRT i rehabilitering. Årets konferanse blir arrangert på Hotel Zander K i Bergen 3.–4. november 2026.
Av Tarja Kvalheim
Forskingsleiar, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
Møteplassen er ein årleg arena for fagleg påfyll, erfaringsdeling og nettverksbygging innan arbeidsretta rehabilitering. Sidan årets tema er relevant for mange ulike rehabiliteringstilbod der smerter og symptom står i vegen for deltaking i arbeid, utdanning og kvardagsliv, inviterer vi i år klinikarar frå alle typer rehabiliteringstilbod til å delta.
Smakebitar frå programmet
- Psykologspesialist og smerteforskar Peter Solvoll Lyby gir ei innføring i PRT, nevroplastisk smerte og den systematiske tilnærminga metoden byggjer på. Til dagleg arbeider han ved Smertepoliklinikken ved Sykehuset Østfold og har meir enn 15 års erfaring frå rehabiliteringsfeltet, mellom anna frå Sunnaas sykehus og CatoSenteret.
- Erfaringsdeling frå ulike institusjonar
- Implementering av PRT i arbeidsretta rehabilitering: Kva bør justerast når metoden blir tilpassa fagfeltet?
Vi ser fram til to inspirerande dagar med faglege diskusjonar, nye perspektiv og eit sterkt, tverrfagleg fellesskap.
Early bird-pris til 31. august
Arrangørar
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter arrangerer Møteplassen 2026 på vegner av Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering. Nettverket består av Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, Muritunet og Hernes Institutt, og blir leia av Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering ved Rehabiliteringssenteret AiR.

