Arendalsuka: Stort utanforskap og krevjande tider for kommunane – korleis rehabilitere fleire til arbeid no?

SAMTALE / WEBINAR

Stort utanforskap og krevjande tider for kommunane – korleis rehabilitere fleire til arbeid no?

13. august 2024

Lille Hotel, Arendal / Facebook Live

Kommunane får meir ansvar for personar utanfor arbeid og utdanning, men vegen fram er framleis uklar. Korleis løyse floka? Bli med når to kommunar delar sine perspektiv og erfaringar under Arendalsuka!

Regjeringa vil i Nasjonal helse- og samhandlingsplan styrke arbeidsretta rehabilitering i kommunane, men mange kommunar står dårleg rusta og kjenner seg usikre på ei slik oppgåve. Samstundes står kvar femte person i arbeidsfør alder utanfor arbeid og utdanning – mange på grunn av helseutfordringar.

Kva i all verda skal kommunane gjera no, når meir og meir ansvar fell på dei?

Møt ein kommune i villreie, og ein kommune som har løyst floka på eige initiativ: Kva kan dei lære av kvarandre, og kva kan me lære av dei?

Kom og bli inspirert til å finne løysingar som passar din kommune!

Desse deltek i panelet:

  • Anne-Sofie Rønningen, avdelingsleiar, Rehabilitering, Arendal kommune
  • Carina Kolnes, avdelingsleiar, Rehabilitering, læring og friskliv, Indre Østfold kommune
  • Marianne Molle, teamkoordinator, Tverrfagleg vurderingsteam, Indre Østfold kommune
  • Chris Jensen, leiar, Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering

Jo Vemund Svendsen, kommunikasjonsrådgjevar ved Rehabiliteringssenteret AiR, leiar samtala og programmet.

VIL DU VITE MEIR?