WEBINAR

Unge utanfor arbeid og utdanning

Kor mange er dei og kva kjenneteiknar dei?

1. februar kl. 09.00–10.00

Teams

Gratis

Talet på unge utanfor utdanning og arbeid er større enn nokon gong. Men kor stort er det eigentleg, og korleis skal og kan vi forstå desse tala? Kor mange er utanfor arbeidslivet, kvifor, og kva er eigentleg konsekvensane for velferdssamfunnet vårt? Statistikksjefen i NAV vil ta oss med og gjere tala forståelege.

Ulf Andersen er kjend for si evne til å illustrere tal og sette dei inn i samanhengar som gjer at vi alle forstår.

Kjenneteikn ved unge vaksne som fell utanfor er at dei har samansette diagnosar, ofte med lettare psykiske lidingar, dei har lite utdanning og svak tilknytting til arbeidslivet. Difor er det særleg naudsynt å sjå helsesituasjon, kompetanseheving og arbeidsdeltaking i samanheng.

Etter foredraget var Ulf Andersen tilgjengeleg for spørsmål og kommentarar saman med leiaren for Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering (NKARR) Chris Jensen.

I ein fagblogg på arbeidoghelse.no skriv spesialrådgjevar Solveig Svardal ved NKARR litt om utanforskap og arbeidsretta rehabilitering. Les fagbloggen

Sjå kun foredraget
Ynskjer du å berre sjå Ulf Andersen sitt foredrag, utan spørsmåla og kommentarane som kom i etterkant, kan du gjera det her: Ulf Andersen: «Unge utanfor arbeid og utdanning – kor mange er dei og kva kjenneteiknar dei?

Webinarserie: Ungt utanforskap og arbeidsretta rehabilitering

Dette webinaret er det første i serien «ungt utanforskap og arbeidsretta rehabilitering».

Les meir om webinarserien

Meny