Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering startar 2022 med å setje søkeljos på ei av vår tids største samfunnsutfordringar: ungt utanforskap.
Av Guro Lien
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering
Det gjer me gjennom ein webinarserie om ungt utanforskap og arbeidsretta rehabilitering. I denne serien set me mellom anna fokus på:
- Ungt utanforskap – kva handlar det eigentleg om?
- Kor stort er omfanget?
- Korleis kan me som driv arbeidsretta rehabilitering bidra inn i den felles innsatsen mot ungt utanforskap?
Målgruppe er alle som jobbar med arbeidsretta rehabilitering og andre arbeidsretta tilbod, anten det er i Nav eller spesialisthelsetenesta.
Tre webinar i første halvdel av 2022
I kvart webinar presenterer me tal, kunnskap og erfaringar knytt til ungt utanforskap. Me diskuterer også korleis me kan bruke denne kunnskapen i praksis i arbeidsretta rehabilitering.
Webinara går i første halvdel av 2022, og set søkeljos på tre ulike tema:
- Unge utanfor arbeid og utdanning – kor mange er dei og kva kjenneteiknar dei?
- Korleis kan vi samhandle for å gje dei unge utanfor arbeid og utdanning betre hjelp?
- Individuell jobbstøtte (IPS) og arbeidsretta rehabilitering – gode tiltak mot ungt utanforskap?
Praktisk informasjon og påmelding
Meir informasjon om og påmelding til webinara vil bli lansert fortløpande på informasjonssida for webinarserien. Der finn du også opptak av allereie sendte webinar.
Vil du ha beskjed rett i innboksen når påmeldinga opnar?
Meld deg på nyheitsbrevet vårt