HelseSamArbeid – Helsefremmande samarbeid for å styrke arbeidsdeltaking

INNOVASJONS- OG FORSKINGSPROSJEKT

Personar med samansette helseutfordringar knytt til muskel- og skjelettplagar og lettare psykiske lidingar er den største pasientgruppa hjå fastlegen. Pasientgruppa utgjer om lag 60% av dei med langvarig sjukefråver og som er uføre i Noreg. Dette inneber store kostnadar for individet og samfunnet. Innovasjonsidéen i vårt prosjekt er å utvikle eit saumlaust tenestetilbod for å hindre fråfall og utanforskap.

I kva grad og på kva måtar kan kommunen i samarbeid med NAV, arbeidsgjevar, bedriftshelseteneste og spesialisthelseteneste tilby integrerte tenester som styrkar arbeidsdeltaking for sjukemelde med fare for langtidsfråver?
Meny