Tre kommunar skal utvikle nye tenester for sjukemelde

Litt over 30 personar frå kommunane Vinje, Bamble og Norddal var samla i Morgedal i Telemark før helga for å markere startskotet for innovasjons- og forskingsprosjektet «HelseSamArbeid – Helsefremmande samarbeid for å styrke arbeidsdeltaking». Prosjektet har som innovasjonsidé å utvikle eit saumlaust tenestetilbod for sjukemelde. Føremålet med tenestetilbodet er å styrke arbeidsdeltakinga.

av Guro Lien
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering

Saman skal kommunane få ei felles forståing for kva det inneber å utvikle eit saumlaust tenestetilbod for sjukemelde, og korleis dei kan koma i gang med utvikling av tenestetilbodet i sin kommune.

Eit saumlaust tilbod til den største pasientgruppa hjå fastlegen

HelseSamArbeid ynskjer å utvikle eit saumlaust tenestetilbod for den største pasientgruppa hjå fastlegen. Felles for pasientane i denne gruppa, er at dei har samansette helseutfordringar knytt til muskel- og skjelettplagar og lettare psykiske lidingar. Pasientgruppa utgjer om lag 60 % av dei med langvarig sjukefråver og uføre i Noreg. Det saumlause tenestetilbodet skal hindre at desse personane fell utanfor arbeidslivet.

Tre kommunar samarbeider

For å få få til eit saumlast tilbod til sjukemelde, samarbeider tre kommunar som har jobba med sjukefråversoppfølging og rehabiliteringstilbod i fleire år: Vinje (3.700 innbyggarar) og Bamble (14.100 innbyggarar) i Telemark og Norddal (2.600 innbyggarar) i Møre og Romsdal. Kommunane har jobba med sjukefråversoppfølging og rehabiliteringstilbod i fleire år, og Vinje kommune la i sitt forprosjekt mykje av grunnlaget for HelseSamArbeid. I løpet av prosjektperioden på fire år, skal kommunane og forskarane møte kvarandre på samlingar for å lære av kvarandre sine erfaringar, løyse felles utfordringar og styrke kompetanse og kvalitet i tenestene.  Skilnadar i geografi og storleik mellom kommunane kan gje ulike utfordringar når dei skal utvikle det nye saumlause tilbodet til sjukemelde, men dei kan likevel lære mykje av kvarandre.

Skal løyse felles problemstilling

Kvar kommune skal finne sin måte å løyse den overordna problemstillinga i prosjektet på:

«I kva grad og på kva måtar kan kommunen i samarbeid med NAV, arbeidsgjevar, bedriftshelseteneste og spesialisthelseteneste tilby integrerte tenester som styrkar arbeidsdeltaking for sjukemelde med fare for langtidsfråvær?»

Krev samarbeid på tvers av sektorar

For å få tilby integrerte tenester som styrkar arbeidsdeltaking for sjukemelde, er tverrsektorielt samarbeid essensielt. Difor var både representantar frå arbeidsgjevarar, bedriftshelsetenesta, spesialisthelsetenesta, fastlegen, kommuneleiinga, NAV og brukarrepresentantar samla i Morgedal desse dagane. Eit tettare og meir strukturert samarbeid mellom involverte aktørar skal bidra til å sikre kvalifisert oppfølging av sjukemelde med særlege behov på eit tidlegare tidspunkt enn i dag. Deltakarane på samlinga arbeidde difor saman i kommunevise grupper for å kome fram til eit felles ønska resultat for prosjektet, avklare forventningar og få tips til vidare prosjektkoordinering lokalt.

-Fastlegane må med

Eit av dei første tiltaka kommunane skal i gang med, er å utvikle screeningverktøy for fastlegar. Verktøyet skal legge til rette for tilvising av sjukemelde til rett tiltak til rett tid.  Chris Jensen ved Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering (NK-ARR) er ein av initiativtakarane til prosjektet. Han sit no i prosjektgruppa som er ansvarleg for at hovudaktivitetane setjast i gang. -For å få til eit samlaust tenestetilbod, må fastlegane vera med. Utan fastlegane, har me ikkje noko prosjekt, seier Jensen.

Samarbeid med institusjonar som tilbyr arbeidsretta rehabilitering

Kompetanse om arbeidsretta rehabilitering må med når kommunane skal skape ein saumlaus teneste for sjukemelde. Kommunane Bamble og Vinje har alt etablert eit samarbeid med Arbeidsretta rehabiliteringspoliklinikk på Sjukehuset Telemark. På samlinga i Morgedal hadde Norddal kommune med seg Muritunet, ein solid institusjon innan arbeidsretta rehabilitering. -Tilgang på kompetansen i arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta er ein viktig grunn til at det er akkurat desse kommunane som er med i prosjektet, seier Jensen.

Prosjektgruppa som har ansvar for at hovudaktivitetane setjast i gang, består av tre av forskarane i forskarteamet: Torill Helene Tveito (til venstre) frå Universitetet i Søraust-Noreg og Chris Jensen og Irene Øyeflaten fra Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering. (Foto: Bjørn Kvaal)

Forsking som stør innovasjon

Eit team på fem forskarar frå Universitetet i Søraust-Noreg og Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering (NK-ARR) skal følgje prosjektet. -Forskinga skal først og fremst støtte opp om innovasjonsarbeidet i kommunen og bidra til at dei kan gjera justeringar lokalt undervegs, seier Chris Jensen ved NK-ARR.

Skal skape kunnskapsbaserte løysingar

Forskarane skal hjelpe kommunane med å utvikle systematisk kartlegging av sjukemelde. Ved hjelp av spørjeskjema og data frå NAV, skal dei dokumentere om kartlegginga fungerer som den skal. Dei skal også delta på møte for å støtte utviklinga av dei nye tenestene i kommunane, og gje råd undervegs for å inspirere til kunnskapsbaserte løysingar. Mot slutten av prosjektet skal dei gjennomføre intervju og spørjeskjema-undersøkingar der dei sjukmelde deltek.

Neste steg: Formalisere prosjektgrupper

Dei tre kommunane er på ulike stadie i prosjektet, og skal møtast igjen på ei ny samling i løpet av våren 2019 for å utveksle erfaringar på tvers av kommunane, og saman med forskarane. Før samlinga, skal dei tre kommunane formalisere prosjektgrupper og roller, slik at dei kan koma i gang med å utvikle prosedyrer for oppfølging av sjukemelde og for samarbeid med arbeidsgjevar.

Kontakt Irene Øyeflaten, FOU-koordinator i HelseSamArbeid for meir informasjon om prosjektet.