Kurs for legar: Fysikalskmedisin og rehabilitering

Telemark Legeforening inviterer til klinisk emnekurs i fysikalskmedisin og rehabilitering for fastlegar og allmennpraktiserande legar i spesialist- og etterutdanning. Eitt av læringsmåla er å auka legane sin kunnskap om arbeidsretta rehabilitering.

Av Guro Lien
Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering

Kurset er godkjent som 20 timars vidareutdanning i fysikalsk medisin og arrangerast på Rehabiliteringssenteret AiR på Rauland i Telemark 26. – 28.mars 2020. Sidan rehabiliteringssenteret ligg rett ved det flotte langrennsløypenettet på Rauland, er det sjølvsagt lagt opp til ekstra lang lunsj alle dagane – slik at dei som vil, kan nyte ein skitur.

Den første kursdagen er det fokus på smertefysiologi, den vonde skuldra, det vonde kneet og utfordringar i kvardagen. William Goldsack, spesialist i allmennmedisin og fysikalskmedisin og rehabilitering er forelesar.

Randi Brendbekken, som er spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering og spesialist i arbeidsmedisin er sentral i programmet den andre kursdagen. Arbeid med sjukefråvær, ISIVET, eit verktøy for kartlegging, behandling og oppfølging av samansette lidingar og arbeidsretta rehabilitering – kva er det? er noko av det som blir tatt opp denne dagen.

Den tredje og siste kursdagen er forelesaren Ingar Heier, spesialist i fysikalskmedisin og rehabilitering og godkjend veiledar i kognitiv terapi. Tema for dagen er den vonde ryggen.

Læringsmål
  • Oppdatere legen innan området fysikalsk medisin og rehabilitering.
    • Gje legen kunnskap om undersøking, utgreiing og behandling innan fagfeltet
  • Bevisstgjera legen på eiga rolle i behandlings – og rehabiliteringskjeda
  • Auka legen sin kunnskap om arbeidsretta rehabilitering

Sjå program og meld deg på

Påmeldingsfrist: 26.januar 2020

Meny