Hovudmålet til kompetansetenesta er å drive kunnskaps- og kompetansespreiing til alle aktørar som tilbyr arbeidsretta rehabilitering. I praksis har kompetansetenesta eit mykje breiare nedslagsfelt. Vi når ut til både primær- og spesialisthelsetenesta, Nav-kontor og arbeids- og inkluderingsbedrifter gjennom aktivitetane våre. For å legge til rette for at flest mogleg aktørar frå heile landet kan delta, skjer ein stor del av aktivitetane digitalt. Saman med digitale arrangement og kurs, er nettsida www.arbeidoghelse.no og nyheitsbrevet vårt sentralt i kompetansespreiingsarbeidet.

I 2022 satsa vi spesielt på kompetansespreiing knytt til tre tema: 

  1. Ungt utanforskap
  2. Arbeid og helse
  3. Arbeidsretta rehabilitering

Ungt utanforskap

Kompetansetenesta satsa tungt på kompetansespreiing knytt til temaet ungt utanforskap i heile 2022, med tilsetjing av ny rådgjevar innan ungt utanforskap, innovasjons- og forskingsprosjektet “Ungt innenforskap”, artikkelseriar på nettsida, ein webinarserie og eit eige arrangement under Arendalsveka. 

I ein webinarserie våren 2022 sette kompetanestenesta søkeljos på følgjande tema:

  1. Unge utanfor arbeid og utdanning – kor mange er dei og kva kjenneteiknar dei?
  2. Unge utanfor arbeid og utdanning – korleis kan vi samhandle for å gje dei betre hjelp?
  3. Individuell jobbstøtte (IPS) og arbeidsretta rehabilitering – gode tiltak mot ungt utanforskap?

Det var også fullt hus under Arendalsveka, då vi tok opp følgjande tema: Ungt utanforskap – sjuk ungdom eller eit sjukeleggjerande samfunn?

Arbeid og helse

Kompetansetenesta tilbyr fleire ulike nettkurs, mellom anna eit “grunnkurs” for personar som jobbar på arbeid og helse-feltet. Kurset passar for fagpersonar som arbeider med helse, og som ynskjer meir fokus på arbeid som delmål. 

I 2022 vart dette grunnkurset vidareutvikla, og vi tilbyr no ein eigen variant for tverrfaglege team. Målet med kurset er å få ei betre felles forståing for nøkkelbegrep innan arbeid og helse på tvers av fagleg bakgrunn og profesjon. Tilbakemeldingane så langt har vore svært gode!

Dette året publiserte vi også ein ny oversikt over forsking på arbeid og helse. Oversikten inneheld mellom anna systematiske kunnskapsoppsummeringar på feltet, og har blitt godt motteken blant fagfolk. 

Arbeidsretta rehabilitering

Oppsummert forsking var også temaet for 40 digitale “djupnemøte” der fagfolk frå 40 ulike verksemder innan arbeid og helse og arbeidsretta rehabilitering deltok. Alle helseregionar var representerte. 

Tema for djupnemøta om forsking var: 

  1.  Kognitiv fungering hos deltakarar: Korleis trene opp kognisjon innan arbeidsrettet rehabilitering? 
  2. Vurdering av arbeidsevne i rehabilitering og arbeidsretta tiltak
  3. Tverrfaglig teamarbeid
  4. Dag- og døgnbasert arbeidsretta rehabilitering: Korleis utvikle tilbodet?

I djupnemøta vart forskinga først presentert av ein av våre forskarar. Deretter la vi opp til ein diskusjon der deltakarane diskuterer kva forskinga har å seie for praksis. 

I tillegg til dei tre satsingsområda over, arbeidde vi med vidareutvikling av kvalitetsregisteret for arbeidsretta rehabilitering, nettverk, forskings- og innovasjonsprosjekt og vitskaplege publikasjonar.

Kvalitetsregisteret – eit verktøy for å måle resultat av arbeidsretta rehabilitering

Kompetansetenesta driv eit kvalitetsregister for arbeidsretta rehabilitering, som skal bidra til å utvikle fagfeltet og heve kvaliteten på arbeidsretta rehabilitering. I registeret samlar og dokumenterer vi resultat av rehabiliteringa. Tala koblast opp mot data frå Nav, slik at vi kan følgje endringane i arbeidsdeltaking og økonomiske ytingar i eitt år etter arbeidsretta rehabilitering. 

Nettverk

Kjernegruppa er eit nettverk som har som mål å styrke fagfeltet arbeidsretta rehabilitering gjennom fagutvikling, forsking og kompetansespreiing. Fem klinikkar som tilbyr arbeidsretta rehabilitering i ulike delar av landet deltek. Kompetansetenesta leier samarbeidet, som i fellesskap prioriterer satsingsområde og samarbeidsprosjekt.

I tillegg til ulike samarbeidsprosjekt er det faglege treffpunktet «Møteplassen» eit viktig nav i nettverket. I 2022 var temaet «Arbeidsrettet rehabilitering – et fagfelt i endring».

Forsking og innovasjon

Innovasjons- og forskingsprosjektet «Digital arbeidsretta rehabilitering» var ei viktig satsing for oss i 2022. I prosjektet testar tre klinikkar ut Virtual Reality (VR) i arbeidsretta rehabilitering. Utprøvinga vert følgd opp med følgeforsking.

Kompetansetenesta samarbeider også med Universitetet i Sør Øst-Norge og kommunane Fjord, Bamble og Vinje om forskings- og innovasjonsprosjektet «HelseSamArbeid». Målet med prosjektet er å legge til rette for ein tidleg kommunal innsats innan arbeid og helse.

Les meir om forskings- og innovasjonsprosjekta våre >

Vitskaplege publikasjonar

I 2022 bidrog tilsette ved kompetansetenesta i følgjande vitskaplege publikasjonar: 

  1. Johansen T, Kvaal AM, Konráðsdóttir ÁD. Developing and Implementing ICF-Based Tools for Occupational Rehabilitation Supporting the Communication and Return to Work Process Between Sickness Absentees, Clinical Team and Jobcentre Contacts. Front Rehabil Sci 2022;3():830067. Epub 2022 jul 15.
  2. Johnsen TL, Fyhn T, Jordbru A, Torp S, Tveito TH, Øyeflaten I. Workplace Inclusion of People With Health Issues, Immigrants, and Unemployed Youths-A Qualitative Study of Norwegian Leaders’ Experiences. Front Psychol 2022;13():687384. Epub 2022 jun.
  3. Mæland S, Holmås TH, Øyeflaten I, Husabø E, Werner EL, Monstad K. What is the effect of independent medical evaluation on days on sickness benefits for long-term sick listed employees in Norway? A pragmatic randomised controlled trial, the NIME-trial. BMC Public Health 2022 Feb 26;22(1):400. Epub 2022 feb.
  4. Andersen W, Linge AD, Jensen C. What works? A qualitative study of participants experiences of a traditional lifestyle intervention with a work focus. Int J Qual Stud Health Well-being 2022 Dec;17(1).
  5. Fyhn T, Grønås-Werring M, Hjelmeland S, Boysen K, Øyeflaten I, Opsahl J, & Johnsen TL. Evaluering av Senter for sykefraværsoppfølging i Hamarregionen. Sluttrapport. Oxford Research, 2022/3.