Har vi råd til den omfattande utanforskapen? Er det på tide å lære av oljefondet, og etterspørje meir aktiv forvalting av humankapitalen vår? Vi inviterer til samtale under Arendalsveka.
Av Solveig Svardal og Guro Lien
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering
Vi snakkar stadig om korleis vi skal forvalte oljepengane for å auke og få mest mogleg ut av denne formua, og har etablert oljefondet, eller generasjonsfondet som det også blir kalla, for å sikre at framtidige generasjonar også skal få utbyte av verdiane vi har i dag.
Oljefondet utgjer snaue 10% av nasjonalformua vår, medan verdien av noverande og framtidig arbeid utgjer 74%. Likevel snakkar vi ikkje om korleis vi skal forvalte humankapitalen vår, så å seie sette den i arbeid, til beste for fellesskapen. Når 20% av denne formua ikkje er i bruk (fordi så stor andel av befolkninga i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet) tilsvarar det heile oljeformua og finanskapitalen vår, og det er naturleg å spørje om vi har råd til å delvis la den stå urørt.
Det er bakteppet for ei samtale mellom sentrale aktørar i samfunnet og arbeidslivet under Arendalsveka. Samtala vert innleia med mellom anna desse innspela:
- Nasjonalformua – frå passiv forvalting til meir risikovilje? v/Tuva Moflag, fraksjonsleiar, Arbeids- og sosialkomiteen (Ap)
- Frå passiv til aktiv forvalting av humankapitalen v/Hans Christian Holte, direktør, Nav
- Korleis bør vi investere for å få eit samfunn der alle får muligheiter til å delta? Kva for avkasting kan vi forvente? v/Roger Bjørnstad, sjeføkonom, LO
- Korleis kan næringslivet skape verdiar ved investering i redusert utanforskap blant unge? Kva for avkasting kan vi forvente? v/Øystein Dørum, direktør for samfunnsøkonomi, NHO
Etter innspela følgjer ei samtale med temaet «Nasjonalformua: Utanforskapet – vår største unytta ressurs?»
Desse deltek:
- Tuva Moflag, fraksjonsleiar, Arbeids- og sosialkomiteen (Ap)
- Hans Christian Holte, direktør, NAV
- Roger Bjørnstad, sjeføkonom, LO
- Øystein Dørum, direktør for samfunnsøkonomi, NHO
Torbjørn Røe Isaksen, samfunnsredaktør i E 24, leier samtala og leier oss gjennom heile programmet.
Tidspunkt: Torsdag 17. august 2023 kl. 17.00 – 18.00, under Arendalsveka
Stad: Sal A, Clarion Hotel Tyholmen, Arendal / Live stream
Praktisk informasjon: Arrangementet er gratis og ope for alle. Påmelding er ikkje nødvendig.