Kompetansesenteret sitt hovudfokus er kompetansespreiing knytt til nokre av vår tids store samfunnsutfordringar: utanforskap og langvarig sjukefråvær. Ein av fem i arbeidsfør alder deltek ikkje aktivt i arbeidslivet, og mange av desse har helseplager. 

    I 2023 satsa vi på kompetansespreiing knytt til tre tema:  

    1. Arbeid og helse 
    2. Arbeidsretta rehabilitering 
    3. Ungt utanforskap 

    I praksis er alle desse tre knytt til samfunnsutfordringane utanforskap og langvarig sjukefråvær, sidan dei alle handlar om korleis ein hjelper menneske med helseplager inn i eller tilbake i arbeid og utdanning. Nettopp dette spørsmålet er kjernen i fagfeltet vårt – arbeidsretta rehabilitering. 

    Kompetansesenteret skal synleggjera, tydeleggjera og vidareutvikle fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Hovudmålgruppa er aktørar som tilbyr arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta. I praksis har vi eit mykje breiare nedslagsfelt innanfor arbeid og helse. Vi når ut til både primær- og spesialisthelsetenesta, Nav-kontor og arbeids- og inkluderingsbedrifter gjennom aktivitetane våre.  

    For å legge til rette for at flest mogleg aktørar frå heile landet kan delta, skjer ein stor del av aktivitetane digitalt. Saman med digitale arrangement og kurs, er nettsida www.arbeidoghelse.no og nyheitsbrevet vårt sentrale i kompetansespreiinga.
     

    Arbeid og helse

    Mange menneske i arbeidsfør alder er utanfor arbeid eller utdanning på grunn av helserelaterte plager, og har behov for heilskapleg rettleiing og behandling – med fokus på både arbeid og helse.  

    Mange får utgreiing, behandling og rehabilitering i helsevesenet knytt til plagene. Mange får også ytingar og arbeidsretta tiltak frå Nav. Nav sine verkemiddel aleine er ofte ikkje nok til å hjelpe desse innbyggarane på ein meiningsfull måte.  Helsesektoren har heller ikkje tradisjon for å vera oppteken av deltaking i arbeidslivet. Ofte blir arbeid først eit tema når behandlinga er sluttført.  

    Nettopp behovet for heilskapleg bistand innanfor både arbeid og helse, dannar grunnlaget for eit etter kvart stort spenn av tenestetilbod som på ulike måtar og i ulik grad koplar arbeid og helse. Målet er å betre møte behova til personar med samansette helse- og livsutfordringar slik at dei kan koma inn i eller tilbake i jobb. 

    Tenestetilboda skjer i regi av spesialisthelsetenesta, Nav, arbeids- og inkluderingsbedrifter og andre aktørar. Samarbeid på tvers av sektorar og profesjonar er vanleg, og ofte heilt nødvendig. Det er også oppretta nokre få tenestetilbod i regi av primærhelsetenesta, og framover vil vi ha meir fokus på kva ein kan få til innanfor arbeid og helse i kommunane.  

    Behovet for eit betre tilbod til denne gruppa har også resultert i ei satsing på fagfeltet frå myndigheitene si side: Ein nasjonal strategi for arbeid og helse 

    Ein av grunntankane bak tenestetilboda er at aktivitet og arbeidsdeltaking kan gje betre helse, og at arbeid og aktivitet kan verke helsefremmande og vera ein del av behandlinga.  

    I 2023 satsa vi på kompetansespreiing knytt til arbeid og helse gjennom følgjande kurs, webinar og artikkelseriar:  

    Webinar 

    • Kva skal til for å koma varig i arbeid trass helseplager? Sjå opptak > 
    • Individuell jobbstøtte og arbeidsretta rehabilitering – kva seier forskinga om effekten på arbeidsdeltaking og samfunnsøkonomi? Sjå opptak >

    Artikkelseriar 

    Kurs 

    Finn ut meir om arbeid og helse > 

    Arbeidsretta rehabilitering

    Arbeidsretta rehabilitering er eit viktig verktøy i arbeidet mot helserelatert utanforskap, og i 2023 lanserte vi både den første boka i Noreg som gjev ei samla skildring av faget og fagfeltet arbeidsretta rehabilitering og eit nytt og betre kvalitetsverktøy for fagfeltet.  

    Boka «Arbeidsrettet rehabilitering – en vei mot deltakelse» gjev ei teoretisk innføring i faget og fagfeltet og er samtidig ei praksisnær handbok for fagutøvinga.  

    Målgruppa er alle som jobbar med arbeidsretta rehabilitering, studentar på helsefagutdanningar, Nav-tilsette, myndigheiter og alle som er interesserte i feltet og eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid: Korleis hjelpe menneske til å behalde god arbeidsfunksjon?  

    Les meir om boka, og bla i den > 

    Korleis går det med dei som får arbeidsretta rehabilitering? Det seier tala frå kvalitetsregisteret for arbeidsretta rehabilitering mykje om, og i 2023 lanserte vi ein interaktiv portal som gjer det mogleg for verksemder som tilbyr arbeidsretta rehabilitering å enklare sjå resultata av arbeidet. Slik kan verksemdene til dømes finne ut kva som kjenneteiknar dei som har best nytte av arbeidsretta rehabilitering, og kor mange som får ytingar frå Nav etter arbeidsretta rehabilitering.   

    Les meir om det nye kvalitetsverktøyet 

    Finn ut meir om arbeidsretta rehabilitering > 

    Ungt utanforskap 

    Å inkludere fleire unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv er eit av vår tids viktigaste samfunnsoppdrag. Kompetansesenteret har over fleire år hatt fokus på denne samfunnsutfordringa, og har tilsett ein eigen rådgjevar på feltet.  

    I 2023 satsa vi på kompetansespreiing knytt til temaet gjennom ulike prosjekt, artikkelserie og arrangement under Arendalsuka.  

    Rundt om i landet er ei rekke tenestetilbod for unge under etablering. Felles for tilboda er at dei har som mål å inkludere fleire unge i utdanning og arbeidsliv. Målgruppa er unge med ulik grad av sosiale eller helsemessige utfordringar. I ein artikkelserie viste vi fram eksempel på tenestetilbod for unge, korleis dei fungerer i praksis og erfaringar med samhandling mellom helse, arbeid og utdanning.  

    I ljos av samfunnsutfordringa ungt utanforskap har arbeidsretta rehabilitering for unge har vore eit sentralt tema for oss dei siste åra. I 2023 initierte vi difor, saman med Rehabiliteringssenteret AiR klinikk, ei kvalitativ evaluering av AiR UNG, som er eit arbeidsretta rehabiliteringstilbod for unge. Målet var å undersøke deltakarane si oppleving av programmet for å identifisere effektive metodar og område for forbetring. Les rapporten >    

    I forskingsprosjektet «Regionale forskjeller i utenforskap» kom det fram at det er stor variasjon mellom kor mange som er utanfor arbeid og utdanning og som mottar ei yting mellom ulike område – frå 2,9 % i Røyrvik i Trøndelag til 14,2 prosent i Eidskog i Innlandet. Ungt utanforskap blei synleggjort som ein eigen kategori.  

    Hovudmålet med innovasjons- og forskingsprosjektet «Ungt innanforskap» er å identifisere årsaker til utanforskap, å auke motivasjonen for å starte eller fullføre læretid, studie eller arbeid og å auke opplevinga av inkludering hos unge. 

    Har vi råd til den omfattande utanforskapen? Det var temaet under Arendalsuka, då vi mellom anna inviterte Nav-direktøren og representantar frå LO og NHO og spurte: Korleis skal vi forvalte humankapitalen vår? Kanskje er det på tide å lære litt av oljefondet, og etterspørje meir aktiv forvaltning av denne kapitalen? Sjå opptak > 

    Finn ut meir om ungt utanforskap > 

    Kommunane blir viktige framover 

    Vi er eit nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, etablert etter eit vedtak i Stortinget i 2005. Vi skal synleggjera, tydeleggjera og vidareutvikle fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. 

    Frå 2012 og ut 2023 har vi levert tenesta Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering. 

    Frå 01.01.2024 får vi eit nytt mandat, og framover skal vi levere tenesta Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering. Kvalitets- og kompetansenettverket skal representere ei vidareføring av fagmiljø og kompetanse som er bygd opp av kompetansetenesta.  

    Framover vil arbeid og helse og arbeidsretta rehabilitering i kommunane vera eit viktig satsingsområde for oss.  

    Finn ut meir om kompetansesenteret > 

    Nettverk 

    Kjernegruppa er eit nettverk som har som mål å styrke fagfeltet arbeidsretta rehabilitering gjennom fagutvikling, forsking og kompetansespreiing. Fem klinikkar som tilbyr arbeidsretta rehabilitering i ulike delar av landet deltek. Kompetansetenesta leier samarbeidet, som i fellesskap prioriterer satsingsområde og samarbeidsprosjekt. 

    Forsking og innovasjon 

    Innovasjons- og forskingsprosjektet «Digital arbeidsretta rehabilitering» var ei viktig satsing for oss i 2023. I prosjektet testar tre klinikkar ut Virtual Reality (VR) i arbeidsretta rehabilitering. Utprøvinga vert følgd opp med følgeforsking. 

    Kompetansetenesta samarbeider også med Universitetet i Sør Øst-Norge og kommunane Fjord, Bamble og Vinje om forskings- og innovasjonsprosjektet «HelseSamArbeid». Målet med prosjektet er å legge til rette for ein tidleg kommunal innsats innan arbeid og helse. 

    Les meir om forskings- og innovasjonsprosjekta våre > 

    Vitskaplege publikasjonar 

    I 2023 bidrog tilsette ved kompetansesenteret i følgjande vitskaplege publikasjonar:  

    1. Jacobsen, H. B., Lyby, P. S., Johansen, T., Reme, S. E., & Klungsøyr, O. (2023). Can cognitive inflexibility reduce symptoms of anxiety and depression? Promoting the structural nested mean model in psychotherapy research. Psychotherapy Research. doi: 10.1080/10503307.2023.2221808 2023 
    1. Johansen, T., Øyeflaten, I., Eriksen, H. R., Lyby, P. S., Dittrich, W. H., Holsen, I., Jakobsen, H., & Jensen, C. (2023). Changes in memory and attention during and after occupational rehabilitation: A longitudinal study. WORK: A Journal of Prevention, Assessment & Rehabilitation. doi: 10.3233/WOR-230027 2023. 
    1. Skinnes, M. N., Moe, R. H., Johansen, T., Lyby, P. S., Eid, K. D. I., Fagertun, T. C., Habberstad, A., Johnsen, T. J., Kjeken, I., Klokkerud, M., Linge, A. D., Lyken, A. D., Orpana, A., Rajalahti, T., Wilkie, R., Uhlig, T. (2023). Work Ability in the Year after Rehabilitation—Results from the RehabNytte Cohort. Journal of Clinical Medicine, 12, 7391. doi: 10.3390/jcm12237391 2023.