120.000 unge mellom 20 og 29 år er utanfor arbeid og utdanning. Kvifor er det slik? Er systemet til hjelp? Måndag 15. august – den første dagen i Arendalsveka, inviterer me til debatt.
Av Guro Lien
Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering
Ulf Andersen, statistikksjef i Nav, innleier debatten med tal og fakta rundt ungt utanforskap i Noreg.
Etter innlegget frå Ulf Andersen vil panelet mellom anna diskutere:
- Er psykiske lidingar blant unge like mykje ein konsekvens av å bli ståande utanfor skule, utdanning og arbeid for lenge, som årsak til utanforskap?
- For å få utløyst ressursar krevst diagnosar. Korleis påverkar dette individet?
Desse deltek i panelet:
- Sebastian Dahl, fylkesleiar, Elevorganisasjonen i Agder
- Geir Riise, rådgjevande lege og tidlegare generalsekretær i Den norske legeforening
- Elisabeth Swensen, spesialist i allmennmedisin og overlege ved UngRehab, Rehabiliteringssenteret AiR
Etter paneldebatten er det ope for spørsmål frå publikum.
Tarjei Helle er debattleiar, og den unge, lokale musikaren Jakob Tørå Hæier bidreg med musikalske innslag.
Dato: 15. august 2022 kl. 18:00–19:15, under Arendalsuka
Stad: Thon Hotel Arendal, Møterom «Williams» i 1.etasje
Pris og påmelding: Arrangementet er gratis og ope for alle. Påmelding er ikkje nødvendig.