13.oktober inviterte vi folk som jobbar på poliklinikkar, dagtilbod og døgntilbod innan arbeidsretta rehabilitering til digitalt fagnettverksmøte med tema fysisk aktivitet i arbeidsretta rehabilitering. Her får du oppsummeringa.
Av Guro Lien
Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering
På møtet deltok ti fagfolk frå seks ulike arbeidsretta rehabiliteringstilbod, både dag- og døgntilbod. Institusjonane som deltok var Muritunet, Idrettens Helsesenter, Rehabiliteringssenteret AiR, Skogli Helse- og Rehabiliteringssenter og Hernes Institutt.
Møtet bestod av to gruppeøkter der møtedeltakarane sjølve fekk velge diskusjonstema, samt ei plenumsøkt med innspel til kapittelet om fysisk aktivitet i fagveiledaren for arbeidsretta rehabilitering.
Dette er noko av det som vart diskutert under gruppeøktene:
- Korleis motivere deltakarar til å fortsette med fysisk aktivitet etter opphaldet?
- Bruk av testing, hensiktsmessig i samband med vidare arbeidsdeltaking?
- På kva måte opplever du at det fysiske aktivitetsprogrammet i rehabiliteringstilbodet bidreg til å hjelpe folk tilbake i jobb?
- Intensiv trening i arbeidsretta rehabilitering
Sjå heile oppsummeringa frå fagnettverksmøtet om fysisk aktivitet 13.oktober 2020 (pdf)
Blir det fleire fagnettverksmøte?
Våren og hausten 2020 har me hatt tre litt ulike typer digitale fagnettverksmøte for dykk som jobbar med arbeidsretta rehabilitering. Me tek no ei lita pause der me evaluerer opplegga og bestemmer oss for vegen vidare. Så fort me har lagt ein plan, kjem det ut informasjon på arbeidoghelse.no.
Vil du få beskjed med ei gong planen er klar? Då kan du melde deg på nyhetsbrevet vårt.