1. mars sendte vi webinaret «Unge utanfor arbeid og utdanning: Korleis kan vi samhandle for å gje dei betre hjelp?». No er opptaket publisert.
Av Guro Lien
Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering
I dette webinaret er det store spørsmålet korleis vi kan få alle dei gode hjelparane med alle sine ulike verktøy til å jobbe saman, på ein slik måte at det faktisk verkar mot utanforskap og dei unge føler at dei blir sett, høyrt og forstått som personar med sin eigen personlegdom og med spesifikke behov; at dei får møte «eit menneske», ikkje «eit system».
I webinaret får du mellom anna høyre om og sjå:
- Ei kort oppsummering av forskingsfunn om korleis unge vaksne opplever møta dei har med hjelpeapparatet v/ Solveig Svardal, spesialrådgjevar ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering
- Erfaringar frå samhandlinga med NAV, Oppfølgingstenesta og ulike lokale helsetenester v/Tarjei Helle, koordinator for UngRehab ved Rehabiliteringssenteret AiR
Etter foredraga kjem leiaren for Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering Chris Jensen med sine kommentarar, og det blir ei samtale mellom han og dei to innleiarane.
Webinaret var det første i webinarserien «Ungt utanforskap og arbeidsretta rehabilitering»