Følgjer du opp sjukemelde, personar som har helseplager eller som er utanfor arbeid eller utdanning, og vil lære meir om korleis du kan fremje god helse og arbeidsdeltaking? Bli med på kurs på Rauland i mars!
Nokre gonger blir livet komplisert, og utfordringar med helsa, livet og jobben samlar seg til ei stor floke. Har du brukarar som står i ein slik situasjon, og ynskjer kunnskap om kva du kan gjera for å fremje god helse og arbeidsdeltaking?
I dette kurset delar vi kunnskap og erfaring frå mange års forsking og praksis innan arbeidsretta rehabilitering, der målet er klart: Å hjelpe personar med helse- og livsutfordringar til å stå i arbeid.
Dato: 6. – 7. mars 2025
Stad: Rehabiliteringssenteret AiR, Rauland i Telemark
Arrangør: Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering og Rehabiliteringssenteret AiR
Kursinnhald
Her er nokre smakebitar frå programmet:
- Korleis halde fokus på ressursar og arbeidsdeltaking når brukaren vil snakke om helse? v/arbeidskonsulent ved AiR
- Forsking: Kva forhindrar fråfall frå arbeidslivet? Prinsipp i arbeid med å motvirke fråfall v/kompetansesenteret
- Å jobbe heilskapleg – kva vil det seie i praksis? v/klinikar med lang erfaring frå AiR
- Verdien av meistringsopplevingar for helse og arbeidsdeltaking – fysisk aktivitet ute eller inne med refleksjon i etterkant, v/idrettspedagog ved AiR
- Kva betyr arbeid for psykisk helse? v/psykolog ved AiR
- Verdien av samarbeid mellom arbeid og helse i oppfølginga – erfaringar frå praksis v/klinikarar ved AiR
Lang erfaring med arbeid og helse
Vi er eit nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, med snart 20 års erfaring med forsking og kompetansespreiing på kva som verkar mot langvarig sjukefråvær og helserelatert utanforskap.
Kompetansesenteret arrangerer kurset saman med Rehabiliteringssenteret AiR, som i over 35 år har støtta personar med helseplager over i arbeid eller utdanning – dei siste åra med et spesielt fokus på unge vaksne.
Både Rehabiliteringssenteret AiR og kompetansesenteret har i alle desse åra jobba med arbeidsretta rehabilitering. Arbeidsretta rehabilitering hjelper langtidssjukemelde i arbeid, og er samfunnsøkonomisk lønsamt. Rehabiliteringa har også vist seg å vera helsefremjande – både når det gjeld fysisk og psykisk helse.