Kurs: Korleis fremje god helse og arbeidsdeltaking?

Heilskapleg tilnærming, meistring og ressursfokus er viktige stikkord i kurset. Illustrasjonsfoto: Rehabiliteringssenteret AiR / Jo Vemund Svendsen

I dette kurset delar vi kunnskap og erfaring frå mange års forsking og praksis innan arbeidsretta rehabilitering, der målet er klart: Å hjelpe personar med helse- og livsutfordringar til å stå i arbeid. Arbeidsretta rehabilitering er basert på ei heilskapleg tilnærming, og har i tillegg til arbeidsdeltaking vist seg å fremje både fysisk og psykisk helse.

Målet med kurset er at du som fagperson skal få med deg prinsipp, metodar og verktøy som bidreg til å fremje god helse og arbeidsdeltaking hos dine brukarar.

Dato: 6. – 7. mars 2025
Stad: Rehabiliteringssenteret AiR, Rauland i Telemark
Arrangør: Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering og Rehabiliteringssenteret AiR

Kursinnhald

Her er nokre smakebitar frå programmet:

  • Arbeid og helse: Korleis bli trygg i rolla som rettleiar for brukarar med psykiske og fysiske helseplager? Få kunnskap om psykisk helse og korleis du kan møte personar med psykiske helseplager på ein god måte. Brita Rønning Iversen, psykologspesialist ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frå spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. 
  • Korleis gjera ei heilskapleg kartlegging av brukars situasjon knytt til arbeidsevne og arbeidsdeltaking? Få kunnskap om ulike modellar for heilskapleg perspektiv og korleis skape forståing for samanhengar. Få innføring i eit heilskapleg samtaleverktøy som hjelper brukaren å sortere i eigen situasjon knytt til helse, livskvalitet og arbeid. Åse Hylland, fysioterapeut og teamleiar ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frå frisklivssentral. 
  • Korleis halde fokus på ressursar og arbeidsdeltaking når brukaren vil snakke om helseplager? Lær korleis du kan skape ein arena for å snakke om brukarens ressursar og kva som kan vera gode spørsmål å stille ved sjukefråvær. Hilde Rinden, fagleg rådgjevar arbeid ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frå Nav.

Lang erfaring med arbeid og helse

Vi er eit nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, med snart 20 års erfaring med forsking og kompetansespreiing på kva som verkar mot langvarig sjukefråvær og helserelatert utanforskap.

Kompetansesenteret arrangerer kurset saman med Rehabiliteringssenteret AiR, som i over 35 år har støtta personar med helseplager over i arbeid eller utdanning – dei siste åra med et spesielt fokus på unge vaksne.

Både Rehabiliteringssenteret AiR og kompetansesenteret har i alle desse åra jobba med arbeidsretta rehabilitering. Arbeidsretta rehabilitering hjelper langtidssjukemelde i arbeid, og er samfunnsøkonomisk lønsamt. Rehabiliteringa har også vist seg å vera helsefremjande – både når det gjeld fysisk og psykisk helse.

Finn ut meir og meld deg på >