– Arbeidsplassen må arbeide for færre sjukmeldte

Gerd Kristiansen LO

Tekst: Inger Johanne Midtgarden

Gerd Kristiansen LO

Virk har intervjua LO-leiar Gerd Kristiansen om kva planar og forventingar LO har til ei ny IA-avtale. Kristiansen sit også i styret for Rehabiliteringssenteret AiR, og vi spurte om kvifor ho har valt å engasjere seg i rehabiliteringsfeltet.

 

IA-avtale eit godt verktøy

Kristiansen seier dei ynskjer ei meir robust IA-avtale, men ser ingen grunn til å utvide med fleire område no.  

– Å få bedriftene til å fokusere på sjukefråvær er noko både vi, arbeidsgjevarorganisasjonane og myndigheitene arbeider for. Og eg meiner IA-avtala i utgangspunktet er eit godt verktøy i forhold til det.

Kristiansen seier LO er svært opptatt av å få ei forlenging av IA-avtala.

– Men vi har nok å halde på med innanfor dei delmåla som ligg der. Så kan ein kanskje seie at delmål 3 om seniorpolitikk og det å få folk til å stå lengre i arbeid har vi oppnådd reint målmessig no. Men det er framleis ei målsetjing for både oss og myndigheitene at folk skal vera i stand til å stå i arbeid lengst mogleg. Det er ein kontinuerleg prosess, tenker vi.

– Når det gjeld delmål 2 om integrering og inkludering har vi ein lang veg og gå. Og vi har ikkje kome langt nok på målet om å redusere sjukefråværet. Vi har nådd eit stykke, men er ikkje i mål når det gjeld å ha fokus på nærvær, som eg likar å kalle det i staden for fråvær.

I ei ny avtale ynskjer både LO og arbeidsgjevarsida å leggje tiltakssida som ei eiga pakke ved sidan av sjølve IA-avtala.

 – Slik har vi moglegheit til å gå inn å diskutere og gjera vurderingar av tiltak undervegs.

 

Ventar på møteinnkalling frå regjeringa

På grunn av stortingsval og regjeringsskifte har ikkje forhandlingar om ny IA-avtale kome i gang enno, og LO ventar på innkalling frå den nye arbeidsministeren til nytt møte.

– Vi er klare, og skulle gjerne ha gått i gang alt no. På sist møte med arbeidsministeren fekk vi og arbeidsgjevarsida ein del konkrete utfordringar som gjekk på måla og innretninga ved avtala, som vi skulle tenke gjennom til neste møte. Alle partane er einige om at vi skal ha ei ny IA-avtale, så vil diskusjonen gå på korleis ho skal innrettast. 

Kva forventningar har du til å samarbeid med ei borgarleg regjering?

– Fyrst vil eg seie at eg  er svært glad for at alle dei borgarlege partia stiller seg bak ei ny IA-avtale. Vi er innretta på eit konstruktivt samarbeid med den nye regjeringa uansett om det gjeld IA-avtala eller andre ting på arbeidslivsområdet. Og vi veit jo enno ikkje kva slags politikk vi får, eller kve som skal sitje i regjeringa (intervjuet er gjort 25.09., red.anmld). Men vi har eit godt utgangspunkt, og eg tvilar ikkje på at vi skal få ei avtale på plass.

– Så kan vi møte på ein del utfordringar når det gjeld innhald, spesielt på tiltakssida, vil eg tru. Vi veit jo at partane som går inn i regjering har ulik tilnærming samanlikna med oss både når det gjeld sjukepengar og innretning på godtgjering i forhold til sjukefråvær.

 

Vil ha mindre byråkrati

Ser LO trong for eventuelle store endringar i ei ny IA-avtale?

– Nei, vi gjer ikkje det. Vi og NHO er veldig einige om å få til ei IA-avtale og verkemiddel som vi ikkje pakkar inn i for mykje byråkrati.

Kristiansen seier båe partar er opptatt av at arbeidsplassane ikkje skal oppleve det som vanskeleg å gjennomføre.

 – Der slike finnast må vi klare å rydde dei bort, og vi må ikkje leggje inn nye barrierar. Sjøvsagt er det viktig med rapportering av tiltak, men vi må vera viljuge til å sjå på korleis rapporteringa fungerer.

 

Meir Raskare tilbake

Om du skal gå litt over til verkemiddel. Korleis vurderer LO effekten av dei ulike type tiltaka som er brukt i denne IA-perioden?

– Det er bare å innrømme at vi er veldig glade i Raskare tilbake. For to år sidan var det ein stor debatt om at ordninga ikkje fungerte skikkeleg, og at vi ikkje får nok effekt ut av dei pengane som blir lagt inn. Då var LO på krigsstien fordi vi får veldig mange tilbakemeldingar frå forbunda våre om at Raskare tilbake fungerer. Dei opplever at dette er eit nyttig og positivt verkemiddel.

Det finnast lite dokumentasjon på kva tiltak innan Raskare tilbake som fungerer godt og ikkje. Kristiansen trur difor ein må stille strenge krav til kven som får køyre Raskare tilbake-tiltak.

– I nokre diskusjonar der LO har vore med og diskutert effekt av Raskare tilbake, har eg kunne vise til gode Raskare tilbake-resultat for arbeidsretta rehabilitering, og i nokre samanhengar trur eg desse tala har vore avgjerande for å overbevise om at ordninga skal vidareførast. Men ordninga kan heilt klart forbetrast. Det er difor viktig med dokumentasjon for å sjå kva som fungerer.

– Somatikken og rehabiliteringsinstitusjonar har også veldig ulik tilnærming til korleis få folk tilbake i arbeid. Eit beinbrot eller ein isjias kan kurerast somatisk . Men når folk får samansett problematikk som mange gonger ikkje er mogleg å diagnostisere, opplever eg at det er rehabiliteringsmiljøa våre som kan gjera ein god jobb.

– No er eg kanskje litt inhabil, i og med at eg sit i styret til Rehabiliteringssenteret AiR, og dette difor er eit område eg fylgjer frå den ståstaden også. Men eg trur også rehabiliteringsmiljøa kan dokumentere resultat spesielt på samansette lidingar.

 

Fagforbundet og rehabilitering

Som du seier, sit du i styret til Rehabiliteringssenteret AiR. Kan du seie litt om kvifor du har valt å engasjere deg i fagfeltet arbeidsretta rehabilitering?

– I utgangspunktet var det veldig tilfeldig. Eg sat i leiinga i Fagforbundet då eg fekk ein førespurnad om å gå inn i styret. Bakgrunnen var at det har vore ein del samarbeid mellom Rehabiliteringssenteret AiR og Fagforbundet. Forbundet har både mange medlemmar på senteret og mange av våre medlemmer kjem til eit opphald på Rehabiliteringssenteret AiR. Eigarskapet til  selskapet er også mangfaldig, der store delar av fagrørsla, både lokalt og sentralt, er inne med bitte små eigarpostar. I tillegg har eg ein helsefagleg bakgrunn, som nok også talde med då eg blei spurt om å sitje i styret.

Kristiansen seier at med styrevervet har interessa for rehabiliteringsfeltet auka, og ho ser kor viktig det er at LO har ein fot innanfor rehabiliteringssystemet og kan fylgje med på utviklinga.

– Styrevervet er til stor hjelp for å halde meg oppdatert på dei store linjene innan rehabiliteringsfeltet, og det hjelpe oss i LO når vi er inne i forhandlinga rundt IA-avtale og sjukefråvær.

 

Må stå på barrikadane for funksjonstilnærminga

Ser du nokre utfordringar for fagfeltet framover?

Den største utfordringa trur eg ligg i forståinga av arbeidsretta rehabilitering, og fagfeltet sitt fokus på funksjon og ikkje diagnose. Der trur eg fagfeltet rehabilitering samla sett må stå mykje meir på barrikadane og snakke funksjon også innan dei somatiske miljøa.

I haust sender dei regionale helseføretaka ut nye anbodsdokument for blant anna rehabilitering. Kristiansen seier ein også må sjå på korleis tildeling av oppdrag skjer.

– Ein burde kanskje sjå på kven som tildelar oppdrag. Er det rett at bare helsesystemet skal gjera det, eller burde ein del liggje under Nav også? For her ligg det to ulike tilnærmingar til utfordringane for fagfeltet. Med eit større diagnosefokus vil det til dømes vera veldig lett å bryte ned ein institusjon som AiR – Klinikk.

Kva rolle vil du seie at fagfeltet har i dag?

I dei åra eg har sete i styret for Rehabiliteringssenteret AiR, opplever eg at fagfeltet har lyft seg. Men det har også blitt ei mykje større politisk forståing for viktigheita av fagfeltet.

 

IA-avtala

  • IA-avtala er eit trepartssamarbeid mellom regjeringa, arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgjevarorganisasjonane.
  • IA-avtala har som overordna mål å førebyggje og redusere sjukefråvær, styrke jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet, samt hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet.
  • IA-avtala 2010-2013 er sett saman av tre delmål:
    • Reduksjon i sjukefråværet med 20 prosent samanlikna med nivået i andre kvartal 2001. Dette inneber at sjukefråværet på nasjonalt nivå ikkje skal overstige 5,6 prosent.
    • Auka sysselsetjing av personar med redusert funksjonsevne. De konkrete måla frå tidlegare tilleggsavtaler blir vidareført.
    • Yrkesaktivitet etter fylte 50 år blir forlenga med seks månadar. Med dette meinast ein auke samanlikna med 2009 i gjennomsnittlig periode med yrkesaktivitet (for personar over 50 år).
  • Partane startar opp med forhandlingar om ny IA-avtale for perioden 2014-2017 hausten 2013

Kjelde: www.lo.no