120.000 unge mellom 20 og 29 år er utanfor utdanning og arbeid. Kven er dei? Kva kan hjelpe? No har du sjansen til å bli med og byggje kunnskap og spreie kompetanse om nettopp dette.
Av Chris Jensen
Leiar, Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering
Kompetansetenesta styrkar no innsatsen mot utanforskap, og søkjer difor etter rådgjevar – ungt utanforskap, som kan skal bidra til å byggje kunnskap og spreie kompetanse primært til tiltaksarrangørar i fagfeltet arbeid og helse, som jobbar med ungt utanforskap.
Ansvarsområde og oppgåver
Rådgjevaren skal ha ansvar for å samle og systematisere kunnskap om
- utanforskapet i aldersgruppa 18 til 30 år
- kjenneteikn ved unge i utanforskap
- sentrale tiltak mot ungt utanforskap
- tilgjengelege resultat av dei ulike tiltaka
Oversikta vil byggje på til dømes forskingsartiklar og -rapportar, kontakt med NAV og andre myndigheiter og gjennom analysar av tilgjengelege data.
Arbeidet vil innebere å gjere resultata tilgjengelege på nettsidene våre, arbeidoghelse.no, i samarbeid med webredaktøren, skrive rapportar, halde foredrag og medverke til å arrangere seminar og andre faglege samlingar.
Me søkjer deg som:
- Har mastergrad eller tilsvarande, med relevant fagbakgrunn
- Har god skriftleg og munnleg framstillings- og formidlingsevne
- Arbeider sjølvstendig, effektivt og systematisk
- Har evne til å finne fram til og formidle kunnskap til ulike målgrupper
- Har kunnskap om, og gjerne praktisk erfaring frå fagfeltet arbeid og helse
- Likar dialogen med både praksisfeltet og forskarar
Me tilbyr:
- 100% fast stilling
- Fagleg utvikling i eit leiande fagmiljø
- Løn etter avtale
Arbeidsstad er Rauland eller Oslo i kombinasjon med heimekontor. Det vil bli ein del reiseverksemd.
Om oss
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering er eit praksisnært, nasjonalt kompetansesenter som skal sikre nasjonal kompetanseoppbygging og -spreiing til fagfeltet arbeid og helse.
Me driv forsking og innovasjon, fagutvikling, formidling, arrangerer kurs, seminar og nettverkssamlingar og nettstaden arbeidoghelse.no.
Det er 10 tilsette ved kompetansesenteret, som er samlokalisert med Rehabiliteringssenteret AiR på Rauland. AiR driv også ein klinikk som leverer arbeidsretta rehabilitering til spesialisthelsetenesta. Saman utgjer me landets tyngste fagmiljø innan arbeidsretta rehabilitering, med om lag 100 tilsette.
Slik søkjer du
Søknad med CV til Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering, Rehabiliteringssenteret AiR på e -post til chris.jensen@arbeidoghelse.no.
Frist: 15. august 2022
For meir informasjon kontakt leiar Chris Jensen