Ny rapport: Unge med samansette utfordringar – kan tverrfaglege team hjelpe?

Team med folk fra ulike etnisiteter som hjelper hverandre å sette sammen et puslespill
Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Fråvære og fråfall frå skulen, sosial isolasjon og relasjonsvanskar er nokre av dei vanlegaste utfordringane blant unge som har fått hjelp frå dei tre første FACT ung-teama i Noreg. Det viser ein ny rapport.

Av Guro Lien
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering

I Oslo-området har tre tverrfaglege pilot-team kalla «FACT ung» vore i drift sidan 2020. Teama skal hjelpe unge mellom 12 og 25 år som treng langvarig og samansett innsats frå fleire tenester og nivå. Heilt konkret vil det seie unge som har funksjonssvikt innan område som til dømes skule, arbeid, psykisk helse, nettverk, familie og rus.

Teama skal etablerast som ei forpliktande samhandling mellom kommune eller bydel og spesialisthelsetenesta.

I mai 2022, halvvegs inne i det andre driftsåret, vart satsinga evaluert. No er rapporten klar.

Skulefråvære og sosial isolasjon – og svært lite rus

På evalueringstidspunktet fekk til saman 55 unge hjelp frå dei tre tverrfaglege teama. 29 av desse gjekk heilt eller delvis på skulen. Dei vanlegaste utfordringane blant dei unge var:

  • Fråvære eller fråfall frå skulen
  • Sosial isolasjon
  • Relasjonsvanskar
  • Vanskar i familien

Innafor helse var den vanlegaste problematikken ADHD, asperger syndrom, depresjon, sosial angst og andre angstlidingar. Få av dei unge hadde psykoseproblematikk, og berre ein av dei hadde eit rusproblem.

Det er Nasjonal kompetanseteneste for samtidig rusmisbruk og psykisk liding som står bak evalueringa, som er gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet.

Opplevde lyttande, støttande og løysingsorienterte team

Evalueringa viser at dei unge er nøgde med oppfølginga dei har fått frå FACT ung-teamet. Dei opplever å bli høyrde, støtta og aksepterte, og at teamet ikkje gjev dei opp. Teamet opplevast som meir ope, fleksibelt og tilgjengeleg enn andre tenester ungdommane har erfaring med frå før. Dei unge opplever løysingsorienterte team med lite fokus på symptom og problem. Fleirtalet fortel om aukande meistring, spesielt i skulesamanheng, men også betre kommunikasjon og relasjon med familien.

Mange skulle ynskje at teama var tilgjengelege også utanom ordinær arbeidstid. Dette forbetringspunktet er også noko teama sjølve peikar på.

Finn ut meir om FACT ung

Les heile rapporten

Finn ut meir om FACT ung på napha.no

Nyheitsartikkel: Helseministeren merker seg de positive erfaringene med FACT ung

Finn ut meir om ungt utanforskap

På temasida vår finn du rapportar, opptak av webinar og anna bakgrunnstoff om ungt utanforskap >


Kjelde:
Nord-Baade, S., Johansen, M., Stuen, Hanne K., Jensen, C. B., Landheim, A. (2022): Evaluering av FACT ung-piloter. Sluttrapport. Nasjonal kompetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse, Sykehuset Innlandet.