Framover skal det byggast opp eit nytt tilbod for unge som slit med til dømes psykisk helse, skule, nettverk og arbeid – og som har store utfordringar på fleire av desse områda på same tid. Tilbodet kallast FACT Ung, og no kan kommunar og spesialisthelsetenesta saman søkje om tilskot til å opprette FACT Ung- team. Regjeringa har lagt 93,5 millionar i potten.
Av Guro Lien
Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering
Dei tverrfaglege FACT Ung-teama skal opprettast ute i kommunane, gjennom eit bindande samarbeid mellom kommunen og spesialisthelsetenesta. Det skal difor søkjast i fellesskap, og kommunen skal stå som hovudsøkjar. Teama skal etter kvart over i varig drift, og søknaden skal skildre korleis ein skal få til dette.
Vil du vite meir om tilskotsordninga og FACT Ung-modellen, kan du sjå webinaret som Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) sendte i samarbeid med Helsedirektoratet sist veke. På Helsedirektoratet sine nettsider kan du lese meir om kven som kan søkje og korleis.
Kva er FACT Ung?
FACT Ung er eit tilbod til barn og unge som har behov for langvarig, tilpassa og samansett oppfølging. Teama som gjev tilbodet skal vera tverrfaglege og skal gje integrert og langvarig behandling. Målet er å utvikle ein ny modell for integrert samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunale tenester.
I Noreg starta arbeidet med FACT Ung med eit forprosjekt i 2018. Dei første teama var i drift i 2020, og ei forskingsbasert evaluering av desse pilotane er igangsett.
Det er Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) som har ansvar for koordinering og gjennomføring av opplæring og støtte til implementering for FACT Ung-team.
Les meir om FACT Ung på NAPHA si temaside
Basert på ACT – godt dokumentert modell for heilskaplege tenester
Fleire norske rapportar viser at dei ordinære tenestene ikkje gjev god nok hjelp til unge med samansette og alvorlege tilstandar.
ACT er ein godt dokumentert modell for å gje oppsøkjande, samtidige og heilskaplege tenester til menneske med alvorlege psykiske lidingar, ofte også med rusmiddelproblem, som i liten grad sjølve tek kontakt med hjelpeapparetet. FACT står for “Flexible Assertive Community Treatment” – fleksibel aktiv oppsøkjande behandling og er ei vidareutvikling av ACT.
FACT Ung er ei tilpassing av FACT-modellen og rettar seg mot ungdom mellom 12 og 25 år.