Koronakrisa har sett fart i utviklinga av digitale løysingar innanfor dei fleste sektorar, også innan arbeidsretta rehabilitering.
Av Solveig Svardal og Chris Jensen
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering
Dei første dagane og vekene etter dei omfattande nedstengingstiltaka i landet, frå 12. mars 2020, var digitale løysingar i hovudsak kriseløysingar som erstatning for dei konvensjonelle tenestene og møteplassane. Etterkvart ser vi at digitalisering ikkje først og fremst handlar om teknologi og teknologiinnovasjon, men særleg er føresetnaden for å utvikle betre kvalitet og nye tenester, både til eksisterande og nye marknadar og kundegrupper. Digitale løysingar kan ikkje erstatte fysiske møte mellom deltakarar (pasientar) og tverrfaglege team, men kan som tillegg forsterke rehabiliteringsforløpet, gjere det meir effektivt og venteleg gi betre resultat om ein greier å utvikle nye tenester og løysingar som styrkar den viktige dialogen mellom deltakar, arbeidsgjevar, verkemiddelapparat og spesialisthelseteneste.
Ny rapport: Digitale tillegg kan styrke dialogen med eksterne aktørar
I mai og juni 2020 gjennomførte NORCE, i samarbeid med og på oppdrag frå Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering, ei omfattande spørjegransking blant sentrale rehabiliteringsinstitusjonar i landet. Hensikten var å undersøke erfaringar med og vurderingar av potensiale knytt til ulike digitale behandlingstilbod for ulike målgrupper. Les heile rapporten (pdf)
Resultata viser at klinikkane har vist stor omstillingsevne og har tatt i bruk digitale møte og ulike former for instruksjonsvideoar som erstatning for eller supplement til fysiske møte og undervisning. Mange peikar på nye muligheiter framover når det gjeld å styrke eksisterande tilbod, som er basert på fysisk oppmøte. Ikkje minst gjeld dette oppfølging etter opphaldet og i dialogen med eksterne aktørar som arbeidsgjevar og NAV. Sjølv om deltakarar/pasientar i stor grad aksepterte den nødvendige endringa i ein vanskeleg situasjon, og dei opplevde den som godt lagt til rette frå klinikkane si side, trekkjer dei fram fleire kritiske faktorar. Relasjonsbygging, tillit og alliansar er viktige element i all rehabilitering og dette kan vere vanskelegare å få til digitalt, særleg for sårbare brukargrupper.
Tidlegare forsking og utgreiingsarbeid underbyggjer desse funna.
Digital behandling fungerer best når relasjonen alt er etablert
All rehabilitering byggjer på ein god relasjon mellom behandlar og deltakar/pasient. Erfaringane er at digital behandling fungerer best når det allereie er etablert ein god relasjon (Varsi C. 2016). Dette kan ta tid å byggje opp og vil nok alltid krevje aktivitetar med fysisk oppmøte. Omfanget av fysisk oppmøte betyr også noko. Ein norsk studie av arbeidsretta rehabilitering for sårbare grupper av langtidssjukemelde viste at døgnbaserte behandlingstilbod har gitt betre resultat enn mindre intensiv poliklinisk behandling (Gismervik SØ. et al. 2020).
Etter utbrotet av covid 19 er det registrert aukande omfang av angst og depresjon i befolkninga, i større grad blant yngre enn blant eldre (Ebrahimi et al. 2020). Dette har mellom anna samanheng med at fleire har ramla utanfor arbeidslivet (Holmes et al. 2020), og det er grunn til å anta at desse mønstra kan feste seg framover. For denne gruppa vil fysiske møte og kontakt vere ekstra viktig.
Digitale tillegg kan heve kvaliteten på rehabiliteringa
Oppfølginga etter rehabiliteringsopphald er ofte mangelfull viss det ikkje blir etablert lokale tiltak i heimkommunen. Manglande oppfølging av deltakarar/pasientar i etterkant av rehabilitering kan bidra til å redusere effekten av tiltaket (Econ Pöyry 2010). Direkte oppfølging med jamnleg telefonkontakt mellom behandlar og pasient kan gi betre resultat av rehabiliteringa, vurdert etter andel som heilt eller delvis kjem tilbake til arbeid (Hara KW. et al. 2018). Både direkte oppfølging av deltakar/pasient og dialog med lokale aktørar kan bli betre med gode digitale løysingar.
Digitale løysingar opnar altså for å gi noko i tillegg, som gjer at rehabiliteringstilbodet blir meir fleksibelt, differensiert og tilpassa den enkelte sitt behov, både før, under og etter det fysiske opphaldet, eventuelt mellom fleire fysiske opphald. Digitale løysingar kan også styrke den viktige dialogen mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar (evt NAV), og bidra til å gjere overgangen frå sjukmeld til jobb enklare.
Vi kan difor forvente at digital omstilling gir muligheit for å heve kvaliteten på rehabilitering, dersom digitale løysingar blir brukt for å supplere og styrke fysiske opphald og fysiske møte mellom deltakar/pasient og tverrfaglege team, men ikkje som erstatning for kunnskapsbasert behandling.
Referanser
Ebrahimi, Omid V., Asle Hoffart, and Sverre U. Johnson (2020). “The Mental Health Impact of Non-pharmacological Interventions Aimed at Impeding Viral Transmission During the COVID-19 Pandemic in a General Adult Population and the Factors Associated with Adherence to These Mitigation Strategies.” PsyArXiv. May 9. doi:10.31234/osf.io/kjzsp.Econ Pöyry (2010). Arbeidsrettet rehabilitering – innhold og resultater. Econ-rapport nr. R-2010-057. Utarbeidet for Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Econ Pöyry (2010). Arbeidsrettet rehabilitering – innhold og resultater. Econ-rapport nr. R-2010-057. Utarbeidet for Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Gismervik, S. O., Aasdahl, L., Vasseljen, O., Fors, E. A., Rise, M. B., Johnsen, R., . . . Fimland, M. S. (2020). Inpatient multimodal occupational rehabilitation reduces sickness absence among individuals with musculoskeletal and common mental health disorders: a randomized clinical trial. Scand J Work Environ Health. doi:10.5271/sjweh.3882
Hara, K. W., Bjorngaard, J. H., Brage, S., Borchgrevink, P. C., Halsteinli, V., Stiles, T. C., . . . Woodhouse, A. (2018). Randomized Controlled Trial of Adding Telephone Follow-Up to an Occupational Rehabilitation Program to Increase Work Participation. J Occup Rehabil, 28(2), 265-278. doi:10.1007/s10926-017-9711-4
Holmes EA, O’Connor RC, Perry VH, et al. Multidisciplinary research priorities for the COVID-19 pandemic: a call for action for mental health science. Lancet Psychiatry 2020; 7: 547–60.
Varsi C. (2016). Implementation of eHealth patient-provider communication tools into routine practice. University of Oslo: Faculty of Medicine, University of Oslo; 2016.