Tekst: Inger Johanne Midtgarden
Henrik Høberg, lege på Hauglandssenteret i seks år, fortel at han kom inn i rehabiliteringsfeltet som del av spesialistutdanninga si i allmennmedisin. Høberg slutta på Hauglandssenteret sommaren 2013.
– Her fekk eg fort interessa for rehabiliteringsfeltet. Som fastlege sit ein relativt aleine med ein pasient gjennom lengre forløp og ser at mange fell gjennom i eit tregt medisinsk system. Eg opplevde at det var frustrerande å møte så mange du ikkje klarar å gjera det du tenker er best for. Pasienten må jo velje sjølv, men det er noko med å vise dei at livet kan vera annleis og oppleve at ein har moglegheit til å handle annleis.
– Tidlegare arbeidde eg i ein liten kommune og hadde eit tett samarbeid med Nav og fysioterapeuten heile tida. Vi kjente alle bedriftene i kommunen og hadde eit veldig godt samarbeid med dei. Likevel opplevde eg det ofte som eit slit å få til gode løysingar for pasientane mine. Og for meg er institusjonsbasert rehabilitering svaret på denne utfordringa. Difor valte eg å starte opp på Hauglandssenteret i ei deltidsstilling for å lære meg nokre av dei sentrale reiskapane innan fagfeltet. Til dømes står motiverande intervju og kognitiv åtferdsterapi heilt sentralt her.
Korleis er ARR-tilbodet til Hauglandssenteret bygd opp?
– Tilbodet har eit ressursfokus som vi ynskjer å leggje vekt på gjennom opphaldet. Dei fire dimensjonane her er: 1: pasienten driv sjølv sitt eige prosjekt best, 2: pasienten sitt nettverk er viktig, 3: fokuser på interesser og draumar som motsetnad til alt det vonde, 4: ein kan gjera mykje på trass av plagene ein har. Om ein som individ har fått ei kronisk funksjonshemming eller til dømes ein forbigåande utmattingstilstand, så er det ikkje det same som at livet stoppar. Og ein kan ikkje vente på at utmattinga skal gå bort eller vondtar forsvinne. Ein må heller sjå korleis ein kan leve dette livet på trass av, inklusiv sosial og arbeidsmessig deltaking.
– Då blir spørsmålet: Har du lyst til å koma tilbake i arbeid? Og då arbeider vi med det. Å ha mindre plager eller mindre vondt som målsetjing blir vanskeleg, for vi ynskjer nettopp at plagene skal koma i bakgrunnen. I byrjinga kan også arbeid tre i bakgrunnen, og så arbeider vi fyrst med kva som skal til for at du kjem deg dit.
Opplevde du forskjell i tenkemåte når du samanliknar arbeidet som fastlege med å arbeide på ein rehabiliteringsinstitusjon?
– No når eg skal tilbake til full fastlegepraksis opplever eg å stå mykje betre rusta til å arbeide med problemstillingar eg syns er vanskelege i allmennpraksis. Særleg der folk fell gjennom i systemet, er isolert eller er lite deltakande forstått ut frå ICF. No opplever eg at eg har sett og fått opplæring og arbeidserfaring i den multidisiplinære tilnærminga som kjenneteiknar spesialisert rehabilitering på spesialisthelsetenestenivå.
– Fastlegar, helsevesenet og Nav kjenner heller ikkje godt til ressursfokuset innan rehabilitering. Ergoterapeutane har mykje med seg, men dei finnast det ikkje mange av. Så eg trur det er viktig at rehabiliteringsfeltet er tydelege og kommuniserar dette ressursfokuset til omgjevnadane. Folk har noko å lære her.
Kva opplever du at eit vellukka ARR-forløp inneheld?
– Dei situasjonane eg syns er utfordrande og som verkeleg gledar meg når eg lykkas med, er når pasienten har vore lenge borte frå arbeidslivet og har omfattande plager både i rørsleapparatet og kanskje er deprimert eller er utmatta i tillegg.
– Å gå i gang då og sei til pasienten at du ikkje er aleine om å oppleve denne situasjonen, at her får du sjansen til å definere det livet du har lyst til å leve, er givande. Lag dine planer sjølv, så skal vi utfordre deg, støtte deg og sei i frå når planane blir for urealistiske. Og vi skal gje deg dei verktøya du treng. Vi introduserer kanskje kognitiv terapi og hjelper dei i gang med regelmessig fysisk aktivitet som gjev meining for personen. Og når dei kjem att hit etter fire månadar og vi ser at plagene har kome meir i bakgrunnen, så er det ein god dag på jobb.
Når opplever du at det er vanskeleg å få til gode ARR-forløp?
– Det kan vera utfordrande når pasienten er for plaga til å finne feste i ein føremålstenleg plan. Dette gjeld ofte når folk er sosialt isolerte, svært plaga med smerter eller deprimerte. Desse plagene er jo også vanleg i kombinasjon og opplevast svært utmattande. Utfordringa når folk er så dårlege er at ein ikkje får feste i nokon som helst plan, og vi klarar heller ikkje å få pasienten til å sjå dette. Det er trasig når eg opplever at pasienten bare glir gjennom fingrane på oss.
– Eit anna vanskeleg tilfelle er når ein pasient medvite ikkje ynskjer å arbeide med ein plan der deltaking står i fokus. Dei kan seie at dei ynskjer å arbeide, men du kan også sjå på handlingane deira at dei eigentleg ikkje er motivert for å gjera det dei seier. Eigentleg er dei kanskje sendt av Nav, og det er det lite motivasjon i. Heldigvis er nokon ærlege om det, og då kan vi diskutere det. Vi kan spørje om dei ynskjer å leve dette livet om 10 år også.
Ser du nokre utfordringar for fagfeltet arbeidsrette rehabilitering framover?
– Eg ser rehabiliteringsfeltet med utgangspunkt i definisjonane som blir brukt i stortingsmeldingar. Her snakkar ein om sjølvstende og deltaking i samfunnet ut frå ICF-perspektivet. På norsk er dette perspektivet beskrive som å engasjere seg i eigen situasjon, og då blir arbeid ein del av det. Så når vi definerer ARR trur eg det er viktig at vi synleggjer desse perspektiva . Det er viktig å få folk i arbeid, og det er mykje å hente ved å vera i arbeid.
– Slik eg ser vår kliniske praksis, arbeider vi likevel ut frå eit breiare fokus. Det er ikkje slik at vi bare tenker arbeid, vi tenker også heilskapleg
– For meg har ARR vore litt snevert definert, sjølv om eg forstår at ein må snevre inn av og til for å kommunisere kva vi gjer. Eg trur det er viktig å få fram dette for å få andre aktørar med på lag. Og for å kommunisere vår rolle og vise at vi arbeider med heilskaplege tilnærmingar i institusjonsbasert rehabilitering. Slik trur eg også det er større sjanse for at fleire helseaktørar, inkludert Nav, forstår kva vi driv med og kvifor vi eksisterer i behandlingstilbodet i helse-Noreg.
– Sett frå min ståstad, syns eg også at vi får fleire personar som verkeleg slit. Og eg trur Samhandlingsreforma er ei årsak til det. Og det kan vera utfordrande å gjennomføre eit ARR-program for personar vi må bruke mykje ressursar på.
Kva opplever du at vi treng meir kunnskap om i ARR?
– Vi manglar heilt klart kunnskap om effekt av rehabiliteringsintervensjonar for dei pasientane som er mest plaga. Og desse vil vi høgst sannsynleg få fleire av i framtida. Eg ser heller ikkje kvar dei skal få hjelp i dag, i alle fall ikkje om ein ser på dei rehabiliteringsintervensjonane som finnast. Vi har sett effekt av både enkeltintervensjonar og multidisiplinære rehabiliteringsintervensjonar for dagens målgrupper, men det vil vera spanande å sjå om desse intervensjonane også har effekt på dei med mest samansette problemstillingar. Og det er på ein måte der vår eksistens er.