Arendalsuka: Stort utanforskap og krevjande tider for kommunane – korleis rehabilitere fleire til arbeid no?

Korleis kan kommunane rehabilitere fleire til arbeid no? Det skal desse fem diskutere under Arendalsuka (øvst frå venstre): Carina Kolnes og Marianne Molle frå Indre Østfold kommune, samtaleleiar Jo Vemund Svendsen, Anne-Sofie Rønningen frå Arendal kommune og Chris Jensen frå Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering. Foto: Privat, Petter Sommer og Mona Hauglid.

Av Guro Lien
Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering

Regjeringa vil i Nasjonal helse- og samhandlingsplan styrke arbeidsretta rehabilitering i kommunane, men mange kommunar står dårleg rusta og kjenner seg usikre på ei slik oppgåve. Samstundes står kvar femte person i arbeidsfør alder utanfor arbeid og utdanning – mange på grunn av helseutfordringar.

Kva i all verda skal kommunane gjera no, når meir og meir ansvar fell på dei?

Møt ein kommune i villreie, og ein kommune som har løyst floka på eige initiativ: Kva kan dei lære av kvarandre, og kva kan me lære av dei?

Kom og bli inspirert til å finne løysingar som passar din kommune!

Desse deltek i panelet:

  • Anne-Sofie Rønningen, avdelingsleiar, Rehabilitering, Arendal kommune
  • Carina Kolnes, avdelingsleiar, Rehabilitering, læring og friskliv, Indre Østfold kommune
  • Marianne Molle, teamkoordinator, Tverrfagleg vurderingsteam, Indre Østfold kommune
  • Chris Jensen, leiar, Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering

Jo Vemund Svendsen, kommunikasjonsrådgjevar ved Rehabiliteringssenteret AiR, leier samtala og programmet.

Dato: Tysdag 13. august kl. 13:00, under Arendalsuka
Stad: Lille Hotell, Arendal / digitalt
Bli med digitalt: Arrangementet strøymast, slik at du kan få det med deg uansett kvar i landet du er.

Finn ut meir og finn lenke til livesending >