Sjukefråværssamarbeid mellom frisklivssentralen og Nav: – Viktig at nokon ser heilskapen

I Åsnes skal kommunetilsette som er sjukemelde eller står i fare for å bli det, raskt få tilbod om sjukefråværsoppfølging frå frisklivssentralen. Frå venstre: Ingrid Haagensen Woll ved frisklivssentralen, Janne Kristiansen Hynne i Nav og Kine J. Gjerdrum ved frisklivssentralen.

Av Guro Lien
Seniorrådgjevar, Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering

I den vesle kommunen ved svenskegrensa er kommunen sjølv den største arbeidsgjevaren. Det høge sjukefråværet blant kommunens tilsette gjorde det viktig å ta grep. Eitt av grepa er eit tilbod i samarbeid mellom kommunen, frisklivssentralen og Nav. Kommunetilsette som blir sjukemelde eller står i fare for å bli det, får tilbod om oppfølging frå frisklivssentralen. Målet er å koma inn så tidleg som råd.

Nav fangar opp sjukemelde som kan ha nytte av tilbodet

Janne Kristiansen Hynne, som representerer Nav Solør i samarbeidet, er utdanna sosionom. I Nav jobbar ho med oppfølging av sjukemelde generelt, men ho er også Åsnes kommunes faste kontakt. Det betyr at når kommunetilsette blir sjukemelde, blir Janne kopla på som Nav-rettleiar.

Slik skildrar ho Navs rolle i samarbeidet: – Den viktigaste jobben er å fange opp dei som kan ha nytte av oppfølging frå frisklivssentralen. Der er dei gode på å sjå heilskapen rundt kvar enkelt – 24-timars mennesket. Dei ser ofte meir enn ein behandlar gjer.

Forankra i kommunens sjukefråværsprosedyre

To av dei som arbeider ved den interkommunale frisklivssentralen er Ingrid Haagensen Woll og Kine J. Gjerdrum. Ingrid er leiar, og Kine er rettleiar. Dei fortel at frisklivssentralen har sett av fleire ressursar til sjukefråværsoppfølging, og at dei er aktive og informerer både leiarar i kommunen og tilsette i Nav lokalt om sjukefråværstilbodet.

Tilbodet er forankra i Åsnes kommunes prosedyre for sjukefråværsoppfølging. Frisklivssentralen og andre kommunale helseeiningar sit i same leiargruppe som Nav. Den tverrfaglege leiargruppa legg til rette for eit tett samarbeid på tvers, og eit godt og stabilt arbeid med felles satsingar – til dømes sjukefråværsoppfølging.

Kartleggingssamtaler for å førebygge sjukemelding

Som eit ledd i sjukefråværsarbeidet tilbyr frisklivssentralen oppfølging av alle kommunetilsette som er eller står i fare for å bli sjukemelde. Målet er at tilsette snakkar med leiar før lege. Gjennom kontakt med leiar skal den tilsette få tilbod om ei kartleggingssamtale med frisklivsrettleiar. Den tilsette kan be om samtala sjølv, eller hen kan be leiar om å ta kontakt.

Målet er å undersøke om det kan setjast inn førebyggande tiltak for å unngå 100 % sjukemelding.

Funksjonsvurdering knytt til arbeidsoppgåver

For å finne ut kva arbeidsoppgåver den tilsette kan gjennomføre, fyller leiar og tilsett ut eit funksjonsvurderingsskjema. Dette skjemaet skal takast med til fastlegen, slik at fastlegen i samarbeid med den tilsette kan vurdere kva arbeidsoppgåver som kan gjennomførast, og kva som ikkje kan gjennomførast.  

Frisklivssentralen baserer samtalene sine på metoden «Motiverande intervju». Før oppstartssamtala svarar tilsette og andre deltakarar ved frisklivssentralen på spørsmåla i kartleggingsverktøyet «Min livsstil».

– Verktøyet gjer at me kan kartlegge breitt, og gjev god oversikt over heilskapen rundt kvar enkelt. Målingane gjev oss god oversikt over utviklinga frå oppstart til avslutning. Me får tal knytt til psykisk helse, aktivitet, kosthald, nikotin og søvn som seier noko om nytten av oppfølginga brukarane får ved frisklivssentralen, fortel Kine.

Førebels finst det ikkje tal på kor mange som fått redusert sjukefråvær som resultat av oppfølginga.

Vil jobbe, men kroppen seier stopp

– Kroppen seier stopp, men hovudet vil mykje meir. Når sjukemelde kjem til oss, er det mange som ikkje forstår kvifor dei er så slitne, men når me får kartlagt situasjonen, forstår dei plutseleg kva det handlar om, forklarar Kine.

Kine, Ingrid og Janne peikar spesielt på tre ting frisklivssentralen kan tilby, som gjer at tilbodet passar sjukemeldes behov godt:

  • ei heilskapleg tilnærming til kvar enkelt
  • ein kombinasjon av gruppebasert fysisk aktivitet og individuell oppfølging
  • kort ventetid: kommunalt tilsette som står i fare for å bli eller er sjukemelde vil bli prioriterte og tatt inn til kartlegging raskt

Gjer kroppen klar for jobb

– Dei fleste sjukemelde som kjem til frisklivssentralen ynskjer å jobbe, men kjenner at kroppen ikkje spelar på lag. For mange kan difor innsikt i eigen fysisk funksjon vera ein augeopnar, fortel Kine og Ingrid.

Frisklivssentralen tilbyr individuelt tilrettelagt trening, som også kan gjennomførast i gruppe. Treninga, saman med samtaler om totalbelastning, gjer at mange både blir klar over – og overraska over – sin faktiske situasjon og fysiske form.  

Kine og Ingrid delar følgjande eksempel på korleis sjukefråværstilbodet fungerer i praksis: Ein leiar i kommunen tek kontakt med ein tilsett som er 90 % sjukemeldt. Den tilsette elskar jobben sin, men opplever utmatting og smerter. Vedkomande forstår ikkje bakgrunnen for plagene, og leiaren tipsar om sjukefråværstilbodet ved frisklivssentralen. Den tilsette tek kontakt med frisklivssentralen, og får raskt plass.

Etter ei helsesamtale og fysiske funksjonstestar blir det klart at det fysiske funksjonsnivået er lågt. Både fysioterapeut, Nav, arbeidsgjevar og lege blir kopla på undervegs i prosessen, og legen stadfestar at det ikkje er nokon fysiologisk årsak til utmattinga og smertene. Den sjukemelde og aktørane nemnd over blir saman einige om 100 % sjukemelding i ein periode. Planen er å ha fokus på opptrening i roleg tempo, inkludert regelmessig eigentrening og to økter i veka ved frisklivssentralen.

Etter over tre månader ved frisklivssentralen, opplever den sjukemelde stor betring. Hen opplever mindre smerter og utmatting, kroppen toler meir – og innimellom er det overskot til gjeremål heime.  Det er framleis tett dialog mellom den tilsette, frisklivssentral, arbeidsgjevar, Nav og fastlege. Den sjukemelde kjenner på meir energi, og får framleis oppfølging frå frisklivssentralen for å legge til rette for rett framdrift. Hen er eitt steg nærare jobb.    

Har tru på at samarbeidet vil redusere sjukefråværet

Janne, Ingrid og Kine er nøgde med samarbeidet mellom kommunen, Nav og frisklivssentralen.

–Eg har tru på at dette samarbeidet vil redusere sjukefråværet i kommunen, avsluttar ein optimistisk Janne frå Nav.