Arbeidsmarknadsmeldinga: Samtidig innsats mellom arbeid og helse viktig for å løyse arbeidskraftutfordringa

Skjermdump frå framsida av Meld. St. 33 "En forsterket arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd".

Av Guro Lien
Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering

Det å få på plass samarbeid om koordinerte, tverrsektorielle tenester mellom arbeid, utdanning og helse er peika ut som eitt av fem hovudinnsatsområde i den ferske stortingsmeldinga om arbeidsmarknaden – «En forsterket arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd».

Stortingsmeldinga er også tydeleg på kva som er viktig for personar som står utanfor arbeidslivet på grunn av helserelaterte utfordringar: Det å vera i jobb er helsefremmande for dei aller fleste, og mange både kan og vil jobbe. Men mange med helserelaterte utfordringar treng bistand frå både arbeids- og velferdsforvaltninga og helse- og omsorgstenesta for å styrke arbeidsevna og koma i jobb. Og – dette er viktig: Bistanden må skje samtidig.

Menneske med helseutfordringar er ein stor arbeidskraftressurs

I arbeidsmarknadsmeldinga skildrar regjeringa bakgrunnen for satsinga på samtidig og koordinert innsats innan arbeid, utdanning og helse slik: Noreg skil seg frå andre land med låg arbeidsløyse, men med mange mottakarar av helserelaterte ytingar frå Nav, slik som arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Dei som får helserelaterte ytingar er den klart største gruppa blant dei som står utanfor arbeid og utdanning. Psykiske lidingar og muskel- og skjelettplager er dei to vanlegaste diagnosegruppene, men for mange ligg det meir samansett problematikk bak «overskriftene» i journalen. Dei som får innvilga uføretrygd blir ofte verande utanfor arbeidslivet. Regjeringa påpeikar at mykje av potensialet for å auke sysselsettinga difor ligg i å inkludere fleire personar med helseutfordringar i arbeidslivet, og redusere tilstrøyminga til uføretrygd.

For å styrke arbeidsevna hos personar med helserelaterte utfordringar, vil regjeringa mellom anna:

  • Vurdere å auke bruken av arbeidsmarknadstiltak for sjukemelde
  • Vidareføre og auke bruken av Individuell jobbstøtte (IPS)
  • Prøve ut to modellar for systematisk tenestesamhandling mellom Arbeids- og velferdsetaten og kommunehelsetenesta

Moglegheit: Meir arbeidsretta oppfølging av sjukemelde

Regjeringa peikar på at arbeidsretta tiltak tidleg i sjukefråværet kan bidra til færre langtidssjukemelde og forhindre fråfall frå arbeidslivet. Difor vurderer dei å auke bruken av arbeidsmarknadstiltak for sjukemelde – altså å gjera meir i det viktige sjukepengeåret, før ein eventuell overgang til arbeidsavklaringspengar. I dag deltek sjukemelde i liten grad i arbeidsmarknadstiltak, og mange kan gå lenge utan arbeidsretta aktivitet.

Ei utfordring med å auke bruken av arbeidsmarknadstiltak for sjukemelde, er at kan det vera krevjande å identifisere dei som har behov for slike tiltak. Men eit forsøk med lovande resultat er på gang: Nav har sett i gang lokale forsøk der sjukemelde svarar på enkle spørsmål om jobbforventningar og kor lenge dei trur dei kjem til å vera sjukemelde. (Oxford Research og Norce, 2023). Slike spørsmål kan bidra til å identifisere personar som står i fare for langtidssjukemelding tidlegare og gjera det enklare å setje inn arbeidsretta tiltak for sjukemelde som har behov det.

Vil forsterke og vidareutvikle innsatsen mot unge

Eit anna hovudinnsatsområde i arbeidsmarknadsmeldinga er å forsterke og vidareutvikle innsatsen mot unge utanfor arbeid og utdanning gjennom nye tiltak som understøttar ungdomsgarantien.

Som ein del av den forsterka innsatsen vil regjeringa mellom anna:

  • etablere eit forsøk med eit nytt arbeidsretta ungdomsprogram
  • utvikle lokale arbeidsretta lågterskeltilbod for unge i eit utval kommunar
  • vurdere om det bør utviklast eigne modellar for systematisk tenestesamhandling mellom Nav og kommunehelsetenesta retta mot unge, og korleis utdanningssektoren kan koplast på når det er behov for det.
  • hente inn meir kunnskap om erfaringar med samarbeid og samordning mellom arbeid, helse og utdanning for å få til meir koordinert og betre oppfølging av unge med samansette bistandsbehov.

–De unge må få lov til å vise hva de kan, i stedet for å bevise at de er syke

Eitt av grepa i ung-satsinga er eit nytt arbeidsretta program som skal gje unge ein ny type inntektssikring frå staten. I dag har personar som ikkje har hatt arbeidsinntekt, heller ikkje rett på dagpengar frå Nav. Dette rammar mange unge. Regjeringa skriv: «Det er uheldig dersom arbeidsavklaringspenger framstår som den eneste muligheten unge uten rett til dagpenger har for en forutsigbar og god inntektssikring. På denne måten kan et ledighetsproblem dreies over til et helseproblem, gjerne omtalt som «medikalisering».»

De unge må få lov til å vise hva de kan, i stedet for å bevise at de er syke.

Tonje Brenna, arbeids- og inkluderingsminister (Ap)

Det nye, arbeidsretta programmet blir ikkje knytt til sjukdom eller diagnose, men til at dei unge er i aktivitet. Målet er å snu trenden, slik at fleire unge kjem over i arbeid og utdanning, i staden for at dei får helserelaterte ytingar frå Nav. Forsøket skal evaluerast.

Lokale lågterskeltilbod for unge

Også kommunane får ei viktig rolle i arbeidet med å inkludere fleire i arbeidslivet. I eit utval kommunar vil regjeringa mellom anna etablere eit forsøk med auka bruk av lønstilskot og utvikle lokale arbeidsretta lågterskeltilbod.

Fleire rapportar peikar på behovet for lågterskeltilbod med vekt på meistring, sosiale aktivitetar og arbeidsretta aktivitet for unge. (Strand, A.H. et al., 2020, Oslo Economics, Proba samfunnsanalyse og Frischsenteret, 2023.) Kva type lågterskeltilbod det er behov for, vil vera avhengig av kva lokale utfordringar kommunen meiner er viktige å ta tak i for å redusere talet på unge utanfor arbeid og utdanning, skriv regjeringa. Forsøket skal evaluerast løpande.

Skal ein følgje Riksrevisjonens ferske anbefaling, bør desse tilboda vera tverrsektorielle, koordinerte og inngå i eit styrkt samarbeid mellom arbeidssektoren og helsesektoren.

Arbeidsretta lågterskeltilbod kan stø opp om lovpålagte, kommunale oppgåver

Eit av formåla med sosiale tenester, er å fremme overgang til arbeid. (Sosialtenestelova, 2009, § 1). Økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogrammet er sosiale tenester og ein del av kommunens lovpålagte oppgåver. Det blir stilt krav til aktivitet for alle som deltek i kvalifiseringsprogrammet, og for sosialhjelpsmottakarar under 30 år. (Sosialtenestelova, 2009, § 20a, § 30). Når eit av formåla med sosiale tenester er å fremme arbeidsdeltaking, er det naturleg at desse aktivitetane er arbeidsretta – noko som også kjem tydeleg fram i lovkrava til innhaldet i kvalifiseringsprogrammet. (Sosialtenestelova, 2009, § 30).

Ei kartlegging av arbeids- og velferdsforvaltningas tilbod til sosialhjelpsmottakarar viser at mange kommunar har ingen eller lite hensiktsmessige aktivitetstilbod til denne gruppa. Mangel på slike tiltak trekkast i rapporten fram som eit teikn på at unge kanskje ikkje får den arbeidsretta bistanden dei har behov for. (Oslo Economics, 2023).  

Me bidreg gjerne!

Me er eit nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, med lang erfaring frå forsking og kompetansespreiing knytt til langvarig sjukefråvær og helserelatert utanforskap. Kompetansesenteret held til i same hus som Rehabiliteringssenteret AiR, som har over 35 års erfaring med å hjelpe menneske med samansette helse- og livsutfordringar i arbeid. Kompetansesenteret driv også eit kvalitets- og kompetansenettverk i tett samarbeid med andre rehabiliteringsklinikkar som har lang erfaring på feltet.

I haust vil kompetansesenteret lansere og tilby eit kurs for kommunar. Kurset handlar om korleis kommunane kan jobbe effektivt mot utanforskap gjennom å opprette heilskaplege, tverrsektorielle, kunnskapsbaserte tiltak.

Me bidreg gjerne i det vidare arbeidet med å utvikle koordinerte og samtidige tenester mellom arbeid, utdanning og helse i norske kommunar!

Vil du vite meir?

Meld deg på nyhetsbrevet vårt  eller sjekk ut vårt nye kurs: Hva virker mot utenforskap?

Les meir om samhandling mellom arbeid og helse:

Riksrevisjonen om ungt utenforskap: Behov for bedre samarbeid mellom arbeid og helse

Tjenestetilbud som kobler arbeid og helse

Samhandling rundt unge: Nav Ung ønsker seg flere tjenester vegg-i-vegg

Samhandling rundt unge: Bjørn Inge hadde 13 lokalleger og 7 Nav-kontakter på ti år. – Nå har livet snudd.

Samhandling rundt unge: Fastlegen savner opplysninger fra Nav 

Arbeidsrettet rehabilitering i kommunene: Utfordringer og muligheter

Artikkelserie: Samhandling rundt langtidssykemeldte 

Referansar

Lima, I.A.Å og Furuberg, J. (2018). Hvem starter i Kvalifiseringsprogrammet og kommer de i arbeid? Arbeid og velferd, utgave 3 – 2018. Nav.

Meld. St. 33 (2023-2024). En forsterket arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd. Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Oslo Economics. (2023). NAVs tjenestetilbud til sosialhjelpsmottakere: Oppfølging, aktivitetstilbud og aktivitetsplikt. (OE-rapport nr. 2023-68).

Oslo Economics, Proba samfunnsanalyse og Frischsenteret. (2023).Områdegjennomgang av arbeidsmarkedstiltak: Kartlegging av kunnskap og praksis. (Rapport 2023:33.)

Oxford Research og Norce. (2023). Evaluering av utvikling og implementering av nye modeller for sykefraværsoppfølging – Sykefraværsprogrammet – NAV Vest-Viken. Sluttrapport fra Oxford Research og NORCE.

Sosialtjenesteloven. (2009). Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. (LOV-2023-12-20-95 fra 01.07.2024). Lovdata.

Strand, A. H., Grønningsæter, A. B., Nielsen, R. A. og Holte, J. H. (2020). Tid for aktivering. Evaluering av forsterket ungdomsinnsats i NAV. (2020:19). Fafo.