Får fleire med angst og depresjon i arbeid

Forsker Silje Reme

Tekst: Inger Johanne Midtgarden

Nav har utvikla og etablert Senter for Jobbmeistring (SJM) i 6 fylke. Tilbodet som har som mål å hjelpe personar med lettare psykiske lidingar, primært angst og depresjon, og er retta like mykje mot arbeid som betring av psykisk funksjon. Deltakarane i prosjektet måtte enten stå i fare for å bli sjukmeldt og føle at det byrja å butte i mot, vera sjukmeldt, eller vera utan eit arbeidsforhold.

Silje Reme, prosjektansvarleg og forskar ved Uni helse, seier SJM er eit forsøk på å kople det beste frå to verder.

– Kognitiv terapi, som er rekna for å vera det beste innan psykologisk behandling for angst og depresjon, og individuell jobbstøtte.  Som grunnlag for sistnemnte har Nav brukt prinsipp frå ein modell for arbeidsrehabilitering kalla Individual Placement and Support, eller IPS-metodikken. I internasjonale studiar har metoden vist seg å vera effektiv på alvorlege psykiske lidingar, men er her prøva ut på lettare psykiske lidingar.

Fleire i arbeid på Senter for jobbmeistring

Arbeids- og velferdsdirektoratet ynskte å finne ut om deltaking i SJM hadde større effekt på arbeidsdeltaking enn ordinære Nav-tiltak. Direktoratet bestemte difor at det skulle gjerast ein randomisert kontrollert studie der deltakarane vart tilfeldig fordelt til enten SJM eller ordinært Nav-tiltak.

Reme fortel at dei som hadde fått SJM som intervensjon hadde auka arbeidsdeltaking etter eitt år, samanlikna med kontrollgruppa som hadde fått vanlege tiltak i Nav. I SJM-gruppa var 44 prosent heilt eller delvis tilbake i arbeid etter eitt år, mot 37 prosent i kontrollgruppa, og effekten heldt seg ved målinga etter 18 månadar.

– Men resultatet som skil seg mest ut er for undergruppa som hadde vore lengst ute av arbeidslivet og enten mottok arbeidsavklaringspengar eller uførepensjon. Her var 24 prosent av dei som mottok SJM heilt eller delvis i arbeid, mot 12 prosent i kontrollgruppa etter 12 månadar, og forskjellen auka også etter 18 månadar.

Reme seier dei var ganske overraska over dette funnet sjølve, ikkje minst Nav og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Lenge ute av arbeidslivet – størst effekt

– Nav-tilsette som arbeider med denne gruppa til dagleg var sikker på at SJM hadde best effekt for dei som var sjukemeldte.

– Det er vanskeleg å seie kva som kan vera årsakene til dette funnet, sjølv om vi har spekulert litt. Kanskje Nav generelt er flinkare med gruppa som er sjukmeldt, det er stort fokus og trykk på at dei skal koma tilbake i arbeid. Det finns det mange gode og tilgjenglege tiltak for denne gruppa som kan ha effekt. Medan for gruppa som har vore lengre ute av arbeidslivet, er kanskje alternativa dårlegare. Då vil SJM ha veldig god effekt samanlikna med tilboda kontrollgruppa fekk, som typisk er meir tradisjonelle tilnærmingar, slik som arbeidspraksis og skjerme verksemder.

– Ei anna forklaring kan vera at ytingane frå Nav går litt ned når ein har vore sjukmeldt eitt år, og at det påverkar motivasjonen for å nyttiggjera seg slik type tiltak. Men som sagt veit vi bare at forskjellen er der, men ikkje kvifor.

Betre helse i båe gruppene

Endring i psykisk helse og helserelatert livskvalitet var to sekundære utfallsmål. Her fann forskarane ein effekt både på angst og depresjon, der gruppa som hadde fått SJM hadde signifikant mindre symptom på dei ulike oppfølgingstidspunkta. Effekten var likevel ikkje veldig stor, og båe gruppene har ein nedgang i symptom.

– Alle blir betre, men SJM blir noko betre, for å seie det enkelt. Vidare fann vi ein effekt når det gjaldt deltakaranes eigne tankar og førestillingar om korleis arbeid påverkar helsa. Det tenker vi er eit viktig funn, for litt av filosofien til SJM er at ein ikkje skal behandle symptoma for å koma tilbake til arbeid, arbeid skal vera ein del av behandlinga. Deltakarane endrar førestilling, dei får ein tanke om at arbeid er bra for helse og ei stor forventning om at dei klarar å arbeid på trass av plagene.

Minitemaet rundt pasienten viktig

Kva inneheldt tiltaka som intervensjonsgruppa fekk?

– Kognitiv terapi er kanskje kjent for dei fleste, men nytt her er at vi har eit spesifikt fokus på å koma tilbake i arbeid. Tilnærminga har delvis bakgrunn i ein nederlandsk studie som viste at kognitiv terapi med eit spesifikt arbeidsfokus ser ut til å ha mykje betre effekt enn bare vanleg kognitiv terapi. Noko som kanskje også naturleg når ein fokusere direkte på utfordringa. I hovudsak har psykologar, sosionomar eller sjukepleiarar med vidareutdanning i kognitiv terapi gjeve denne intervensjonen. Kvar deltakar fekk i gjennomsnitt 5-15 timar med kognitiv terapi, så det er relativt kort tid med oppfølging.

– Individuell jobbstøtte basert på IPS-metodikken var den andre delen av intervensjonen, og arbeidskonsulentar som stod for denne. Dette er ein arbeidsrehabiliteringsmodell som byggjer på ein filosofi om at ein person med alvorlege psykiske lidingar som ynskjer å arbeide, kan arbeide. Føresetnaden er at ein finn eit arbeid som passar og at det blir gjeve god støtte.

– Behandlarane og arbeidskonsulenten utgjorde ein miniteam rundt pasienten, og samarbeidde både om symptomlette, arbeidsmeistring og spesifikk oppfylging på arbeidsplassen. Og denne integreringa av kognitiv terapi og IPS var viktig del av intervensjonen.

Ser ikkje kva som påverka mest

Sjølv om de ikkje kunne analysere effekt av dei to intervensjonane som SJM er bygd opp av kvar for seg, kan de likevel seie noko om det var kognitiv terapi eller IPS som påverka mest?

– Slik studien er bygd opp kan vi bare konkludere med at det er pakka som fungerer, men vi kan jo tenke litt høgt. For det fyrste var det bare om lag 32 prosent som hadde trong for å få  IPS-delen. Dersom deltakarane var i arbeid, lika seg der og ikkje hadde andre problem med arbeid, fekk dei ikkje IPS. Mest sannsynleg kan vi difor konkludere at den kognitive terapien påverka mest, i og med at alle fekk den.

– Men ein kan også lure på om den store effekten vi ser på gruppa som har vore lengst ute av arbeidslivet skuldast at dei har fått IPS i tillegg til kognitiv terapi.  Vi veit at mange fekk oppfylging av ein arbeidskonsulent i denne gruppa, og det var kanskje akkurat det dei hadde behov for.

Økonomisk lønsamt for undergruppe

Det har også gjort ei samfunnsøkonomisk kost-nytte analyse, kva fann de her?

– Vi fann ikkje ein slik effekt for intervensjonen totalt sett. Det skuldast nok at tiltaket SJM kostar en del pengar. Tiltakseffekten på 7 prosent var difor ikkje stor nok til å vega opp for kostnadane. Men når vi ser på undergruppa som hadde vore lengst ute av arbeidslivet, var SJM svært lønsamt. Føresetnad for analysen er at effekten varer eitt år, om han gjer det for alle deltakarane i denne studiegruppa, vil det utgjere ein årleg gevinst på 4,7 millionar kroner.

– Dersom desse resultata held seg over lengre tid, noko det ser ut som ut frå dei førebels resultata, vil den samfunnsøkonomiske gevinsten for denne gruppe som er heilt ute av arbeidslivet sjølvsagt auke monaleg.

Eit spesielt sjukefråværsland

De viser til at mange andre norske studiar ikkje har funne effekt på sjukefråvær når dei har sett på arbeidstiltak. Kva kan årsakene til dette vera?

– Blant anna har vårt forskingsmiljø på Uni helse har gjort ein del studiar på effekt av arbeidstiltak tidlegare, utan å funne noko. Ei forklaring er at Noreg er eit veldig spesielt land når det gjeld sjukefråvær. Vi er einaste land i verda som har 100 prosent kompensasjon frå dag 1 av sjukefråvær, og i det heile er det få økonomiske insentiv for å få folk som er i ferd med å falle ut eller har falle ut av arbeidslivet til å koma tilbake til arbeid. I denne konteksten har det vist seg svært vanskeleg å finne signifikante forskjellar på tiltak som ser på arbeidsplasstiltak og effekt på sjukefråvær. Vi meiner difor det er relevant å trekke inn denne konteksten når vi tolkar resultata i studien.

Ein OECD-rapport frå 2013  viste at Noreg ligg på topp når det gjeld sjukefråvær og uføretrygd for lettare psykiske lidingar. OECD skriv at Noreg nærmast skaper ei velferdsfelle for dei med lettare psykiske lidingar fordi landet har eit så generøst velferdssystem og få verksame tiltak for å få denne gruppa i arbeid.

– Sett i denne samanhengen er studien også svært aktuell både i Noreg og internasjonalt, fordi vi faktisk kan vise til eit effektivt tiltak for denne gruppa, seier Reme.

Om studien

  • Senter for jobbmeistring blei oppretta under Nasjonal strategi for arbeid og psykisk helse som forsøk på å nå den store gruppa av personar med lettare psykiske lidingar når det gjeld arbeidsdeltaking.
  • 1200 deltakarar deltok i studien. Dei blei tilfeldig fordelt til inntak på Senter for jobbmeistring og vanleg oppfølging gjennom Nav eller fastlege.
  • Gjennomsnittalderen var 40 år, 67 prosent var kvinner, 55 prosent hadde høgare utdanning, og dei rapporterte i gjennomsnitt 8.6 år med psykiske plager. På tidspunktet dei blei inkludert i prosjektet var 32 prosent i arbeid eller delvis sjukmeldt, 39 prosent var sjukmeldt og 27 prosent mottok arbeidsavklaringspengar eller uførepensjon.
  • Alle deltakarane blei fylgd opp etter 6 og 12 månadar, nokre blei også fylgd opp etter 18 månadar.
  • Referanse: Effektevaluering av Senter for Jobbmestring. Uni helse og Uni Rokkansenteret. Juni 2013