Integrerer arbeidsdeltaking i alle rehabiliteringstilbod

Tekst: Inger Johanne Midtgarden

Alle dei regionale helseføretaka har sendt ut eller er i ferd med å sende ut kravspesifikasjonar for avtalar med private institusjonar om spesialisert rehabilitering og Raskare tilbake frå og med 2014/15. Virk har gått gjennom dokumenta og sett på om og eventuelt korleis arbeidsdeltaking er integrert i tilboda, og om arbeidsretta rehabilitering er lyst ut som eige tilbod.

Helse Midt-Noreg

Helse Midt-Noreg sin anbodsfrist for spesialisert rehabilitering var i oktober 2013, og RHFet har alt inngått avtalar med aktuelle private institusjonar med oppstart 1. januar 2014. Helse Midt-Noreg har ikkje lagt arbeidsretta rehabilitering ut som eige tilbod, i staden skal arbeidsdimensjonen gjelde for alle rehabiliteringstilboda til helseføretaket.

Helseføretaket skriv i kravspesifikasjonen: ”For øvrig legger oppdragsgiver til grunn at tjenestene i nødvendig grad også omfatter arbeidsrettet rehabilitering for pasienter i yrkesaktiv alder som en naturlig og integrert del av tilbudet når det er behov for det.” Og under punktet Tenestene skriv helseføretaket at ”Rehabilitering av pasienter med arbeid som mål” skal dekkast.

Helse Midt-Noreg inngjekk avtalar om arbeidsretta rehabilitering spesielt gjennom den nye Raskare tilbake-avtala for 2014. To private institusjonar har fått avtale om dette tilbodet, medan 4 andre institusjonar har inngått avtalar om ulike typar rehabiliteringstilbod med arbeid som mål.

Helse Vest

Helse Vest har sendt ut ein felles kravspesifikasjon for spesialisert rehabilitering og Raskare tilbake med svarfrist 18. mars. Helse Vest har ikkje utlyst arbeidsretta rehabilitering spesielt i hovudanbodet, men ”[f]or pasienter i yrkesaktiv alder skal det fokuseres på pasientens muligheter og ressurser med hensyn til å komme tilbake i arbeid eller utdanning. Det skal ved behov og etter avtale med pasienten opprettes kontakt med NAV/arbeidsgiver for å avtale lokal oppfølging”

Helse Vest sendte ut kravspesifikasjon for Raskare tilbake parallelt med hovudavtala for spesialisert rehabilitering, og skriv at tilbod her skal gjelde for personar som er sjukmeldt eller står i fare for å bli sjukmeldt og som har behov for spesialisert rehabilitering med arbeid som mål. Arbeidsretta rehabilitering er ikkje nemnt som eige program her.

Helse Sør-Aust

Helse Sør-Aust hadde frist 3. mars for innlevering av tilbod for spesialisert rehabilitering. Dei bad om anbod på arbeidsretta rehabilitering som eige tilbod, men ynskjer å redusere talet på institusjonar med dette tilbodet fordi arbeidsdimensjonen er integrert i 13 av dei 15 andre rehabiliteringstilboda i dette anbodet. No vil helesføretaket gjennomføre forhandlingar og evaluering av tilboda, nye avtalar vil gjelde frå 1. januar 2015.

Før anbodet blei sendt ut, hadde Helse Sør-Aust ein diskusjon med fagråd, brukarorganisasjonar og leverandørar om arbeidsretta rehabilitering skal vera ei eiga yting. Helse Sør-Aust svarar i ein e-post at dei denne gongen bestemte at arbeidsretta rehabilitering skal vera ei eiga yting, men at det også skal vera krav til kompetanse på arbeid og utdanning som mål innanfor alle relevante ytingar.

Nytt for arbeidsretta rehabilitering og fleire av dei andre tilboda er at Helse Sør-Aust er opptatt av å etablere tverrfaglege kartleggings- og vurderingsopphald som kan kombinerast med kommunale tilbod. Samhandlingsreforma er ei viktig årsak til denne dreiinga, der det kjem sterke politiske føringar om at meir av tenestene innan rehabilitering  skal overførast til kommunane.

Helse Sør-Aust er også i sluttfasen av ein anskaffingssprosess for Raskare tilbake. Frist for innsending av tilbod var i februar, og helseføretaket seier det vil vera tildeling om kort tid. I denne anskaffinga ynskte helseføretaket å inngå avtalar om arbeidsretta rehabiliteringstenester i spesialisthelsetenesta for målgruppene ”[k]roniske muskel- og bløtdelssmerter og utmattelsestilstander som er til vesentlig hinder for arbeidslivsdeltagelse” og ”[d]iagnoseuavhengig rehabiliteringstilbud med vekt på arbeidslivsdeltagelse”. Alle tilboda ha fokus på meistring med vekt på arbeidslivsdeltaking etter ICF sine retningslinjer.

Helse Nord

Helse Nord er litt forseinka med å sende ut sine kravspesifikasjonar for anbodet på spesialisert rehabilitering, og seier dei reknar med å ha det klart i midten av mars.

Helse Nord har også sendt ut eit eige anbod for Raskare tilbake. Målgruppa er personar som står i fare for å bli, eller er sjumeldt på grunn av muskel- /skjelettplager. Helse Nord ynskjer med bakrgunn i tidlegare erfaringar med Raskare tilbake-ordninga at tiltak for pasientgruppa skal setjast tidlegare enn per i dag, og at nye arbeidsformer og metodar for samarbeid med Nav blir oppretta og vidareutvikla.

Alle dei regionale helseføretaka har sendt ut eller er i ferd med å sende ut kravspesifikasjonar for avtalar med private institusjonar om spesialisert rehabilitering og Raskare tilbake frå og med 2014/15. Virk har gått gjennom dokumenta og sett på om og eventuelt korleis arbeidsdeltaking er integrert i tilboda, og om arbeidsretta rehabilitering er lyst ut som eige tilbod.