Ledig stilling: Kvalitetsregisteransvarleg

Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Er du god på datainnsamling, analyser av større datasett og visualisering av data? Likar du å ha dialog med fagfolk og verksemder som hjelper menneske med helseplager tilbake i arbeid? Då har vi ei stilling som kan vere noko for deg: Ansvarleg for kvalitetsregisteret for arbeidsretta rehabilitering.

Av Guro Lien
Seniorrådgjevar, Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering

Frå nyttår leggast Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering om til Kvalitets- og kompetansenettverk for arbeidsretta rehabilitering, med mandat frå Helse Sør-Øst. Kvalitetsregisteret for arbeidsretta rehabilitering vil vere ein viktig del av den nye oppgåveportefølja vår. Verksemder som leverer arbeidsretta rehabilitering i regi av Nav eller spesialisthelsetenesta kan delta i registeret.

Ansvarsområde og oppgåver

Ansvarleg for kvalitetsregister for arbeidsretta rehabilitering får ansvar for:

  • Å leie, utvikle og drifte vårt kvalitetsregister for arbeidsretta rehabilitering
  • Kontakt og samarbeid med fagfolk og verksemder som deltek i registeret
  • Å formidle og visualisere resultat frå registeret både munnleg og skriftleg
  • Å legge til rette for innsamling av data frå verksemdene som deltek
  • Å kople data frå kvalitetsregisteret med data frå Nav
  • Å rekruttere nye verksemder til å delta i registeret
  • Opplæring av nye deltakarar i bruk av kvalitetsregisteret
  • Å legge data frå registeret til rette for forsking ved behov

Utviklinga av registeret skjer i samarbeid med ei kjernegruppe av verksemder innan arbeidsretta rehabilitering frå heile landet.

Me søkjer deg som:

  • Minimum har kompetanse på mastergradsnivå, med relevant fagbakgrunn
  • Har erfaring med datainnsamling, registeranalyser og statistikk
  • Har evna til å samarbeide med personar frå ulike fagprofesjonar
  • Arbeider sjølvstendig, effektivt og systematisk
  • Har gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar

Me tilbyr:

  • 100 % stilling, engasjement. Stillinga er tidsavgrensa til 1 år med moglegheit for forlenging.
  • Fagleg utvikling i eit leiande fagmiljø
  • Løn etter avtale
  • Delvis heimekontor

Arbeidsstad er heilt eller delvis i Rauland i Telemark i kombinasjon med heimekontor.

Om oss

Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering er eit praksisnært, nasjonalt kompetansesenter som skal sikre nasjonal kompetanseoppbygging og -spreiing til fagfeltet arbeid og helse.

Me driv forsking og innovasjon, fagutvikling, formidling, arrangerer kurs, seminar og nettverkssamlingar og nettstaden arbeidoghelse.no.

Det er 10 tilsette ved kompetansesenteret, som er samlokalisert med Rehabiliteringssenteret AiR på Rauland. AiR driv også ein klinikk som leverer arbeidsretta rehabilitering til spesialisthelsetenesta. Saman utgjer me landets tyngste fagmiljø innan arbeidsretta rehabilitering, med om lag 100 tilsette.

Slik søkjer du

Send søknad via «Enkel søknad» på finn.no eller send søknad med CV til Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering, Rehabiliteringssenteret AiR på e-post til chris.jensen@arbeidoghelse.no
Frist: 23. oktober 2023

Finn ut meir om stillinga eller send inn søknad via finn.no >

For meir informasjon kontakt leiar Chris Jensen