Riksrevisjonen: Store manglar i rehabiliteringstenestene – går ut over arbeidsevne og samfunnsøkonomi

Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Av Guro Lien
Seniorrådgjevar, Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering

Målet med undersøkinga har vore å kaste lys over tenestetilbodet som blir gjeve til pasientar som treng rehabilitering.

I rapporten kjem Riksrevisjonen med fire hovudkonklusjonar:

  • Mange pasientar får ikkje rehabiliteringa dei treng.
  • Samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta fungerer ikkje til det beste for pasientane.
  • Der det er svakheiter i rehabiliteringstenestene får dette store konsekvensar for pasientanes helse, arbeidsevne, familieliv og fritid.
  • Styringa av rehabiliteringstenestene er mangelfull.

Kommunane manglar lovpålagt kompetanse

Undersøkinga frå Riksrevisjonen viser at mange pasientar ikkje får den rehabiliteringa dei treng. Over 85 prosent av kommunane manglar lovpålagt kompetanse i rehabiliteringsarbeidet. Ingen norske kommunar kan skilte med at dei har både lovpålagt og anbefalt kompetanse.

Kommunane er lovpålagt å ha følgjande kompetanse tilgjengeleg i rehabiliteringsarbeidet:

  • Ergoterapeut
  • Fysioterapeut
  • Lege
  • Psykolog
  • Sjukepleiar

Sosionom og ernæringsfysiolog er døme på fagpersonell kommunane er anbefalt å ha, men som ikkje er lovpålagt.

Ulik og tilfeldig tilgang til rehabilitering i spesialisthelsetenesta

Når det gjeld rehabilitering i spesialisthelsetenesta, viser undersøkinga at pasientar i ulike helseregionar har ulik tilgang til spesialisert rehabilitering. I tillegg manglar dei regionale helseføretaka oversikt over behovet for rehabilitering.

Nokre pasientar har fått avslag på søknad om opphald på privat rehabiliteringsinstitusjon fordi regional vurderingseining forventar at pasienten skal få eit tilbod i kommunen. Desse pasientane opplever at det ikkje finst eit kommunalt rehabiliteringstilbod til dei.  

Svak samhandling

I følgje rapporten fungerer ikkje samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunane til det beste for pasientane.

Nokre av grunnane til dette er

  • at koordinerande einingar i helseføretaka ikkje fungerer som tenkt
  • uklar arbeidsdeling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta
  • at ordningane med individuell plan og koordinator brukast lite

Samhandling mellom helsesektoren og Nav er ikkje omtalt i rapporten.

Mangelfull rehabilitering påverkar arbeidsevne, helse og livskvalitet

Pasientintervjua Riksrevisjonen har gjort, viser at mangelfull rehabilitering påverkar pasientanes helse, familieliv, fritid og arbeidsevne negativt. Fleire trekker fram at dei saknar tilbod som hjelper dei å meistre livet med skade eller sjukdom betre. Når det gjeld arbeidsevna, peikar pasientane på at manglande eller mangelfull rehabilitering påverkar arbeidsevna negativt. Dei som har erfaring med å vera ute av arbeidslivet i kortare eller lengre periodar på grunn av helsa, meiner dei kunne kome seg tilbake i jobb tidlegare dersom dei fekk meir rehabilitering.

Vellukka rehabilitering er god samfunnsøkonomi

I konklusjonen peikar Riksrevisjonen på at vellukka rehabilitering kan gjera innbyggarar i stand til å få eit betre liv og bidra til samfunnsøkonomien gjennom høgare arbeidsevne og mindre behov for andre tenester. Tal frå kommunane understrekar dette: 90 prosent av kommunane opplever at manglar i det kommunale rehabiliteringstilbodet fører til auka belastning på andre kommunale tenester.

Riksrevisjonen slår fast at gode rehabiliteringstenester er viktige for å sikre både berekraftige helsetenester og ein berekraftig velferdsstat i framtida.

Les pressemeldinga frå Riksrevisjonen: Rehabilitering: Nesten ingenting har blitt bedre siden 2012

Referansar
Riksrevisjonen. (2024). Riksrevisjonens undersøkelse av rehabilitering i helse- og omsorgstjenestene. Dokument 3:12 (2023−2024).