Det gjeng føre seg ei nasjonal satsing for å motverke ungt utanforskap. For at me som driv arbeidsretta rehabilitering skal kunne bidra best mogleg inn i denne satsinga, gjennomfører kompetansetenesta ei spørjeundersøking. Målet er å kartlegge behovet for kunnskap om unge vaksne med helseutfordringar.
Av Guro Lien
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering
I undersøkinga spør me mellom anna:
- Kva type kunnskap du treng om unge vaksne med helseutfordringar?
- Korleis likar du best å tileigne deg denne kunnskapen?
- Har du gode eksempel på korleis din organisasjon hjelper unge vaksne inn i utdanning og arbeid?
Målgruppa for undersøkinga er alle som leverer arbeidsretta tilbod for unge vaksne (18-30 år) med helseutfordringar.
Anonymiserte resultat og gode eksempel frå kartlegginga vil bli synleggjort på arbeidoghelse.no. Er du med og bidreg med eksempel, kan det hende me trekker fram nettopp deg og din organisasjon når me skal vise fram eksempel på gode arbeidsretta tilbod for unge vaksne på arbeidoghelse.no.
Undersøkinga tek ca. 5 minutt.