Utanforskapet er stort, og det går ofte i arv. Kan arbeidsretta rehabilitering hjelpe?

Skjermdump: Animasjonsfilm laga av Animaskin for AiR.

Fem tusen heile skuleklasser med unge vaksne står utanfor. Utanfor arbeid og utdanning. Kan me som driv med arbeidsretta rehabilitering hjelpe dei?

Av Guro Lien
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering

700 000. Utanfor.

Utanforskapet er stort.

21 % av alle nordmenn mellom 20 og 66 år er utanfor. Det er nesten 700 000 menneske, det. Kvinner, menn, fedre, mødre og unge. Utanfor utdanning. Utanfor arbeid; dei jobbar verken heiltid, deltid eller som sjølvstendig næringsdrivande. Nokre av dei får trygd. Andre: Ingenting. Dei er utanfor velferdssystemet, og ofte aleine – utan eit meiningsfullt fellesskap.

Av desse er det 120 000 unge mellom 20 og 29 år. Det er fem tusen skuleklasser, det! Med livet og arbeidslivet framfor seg, men likevel nesten utanfor rekkevidde.

Utanforskapet går ofte i arv.

Nesten 20 % av dei som har ein forelder som får sosialhjelp når dei er mellom 11 og 17 år, går sjølve på Nav når dei er mellom 18 og 25 år. Og omvendt: Born som veks opp med foreldre med høg utdanning, har mykje større sjanse for å vere i utdanning og arbeid som unge.

Tala kjem frå statistikksjefen i Nav, Ulf Andersen – så det er liten grunn til å tvile på dei. Då kjem det store spørsmålet: Kan arbeidsretta rehabilitering bidra i arbeidet mot ungt utanforskap?

Arbeidsretta rehabilitering – også for unge?

Den mest innlysande vegen er å hjelpe dei unge direkte. Men i arbeidsretta rehabilitering (ARR) – iallefall i spesialisthelsetenesta, er det få unge deltakarar. Me har liksom ikkje nådd heilt ut til dei. Kanskje me bør prøve meir?

Iselin Marstrander i Nordlandsforsking oppsummerer utfordringane dei unge står i godt: Dei har mange hjelparar, men ingen som ser dei – som ser heile mennesket. Dei får hjelp til eitt og eitt problem, men ikkje til alle på same tid. Fokuset blir på diagnosen. Alle feila. Ikkje på det dei kan.

Kjernen i arbeidsretta rehabilitering er nettopp dette: Heilskapen. Ressursane.

Eit tverrfagleg team i arbeidsretta rehabilitering vil sjå heile mennesket, heile situasjonen, heile livet. Ikkje bitar, delar, diagnoser. Saman vil fagfolka på teamet hjelpe dei unge til å sjå ressursar og moglegheiter. Ikkje berre hinder og feil.

– Jippi, mamma jobbar igjen!

Men det finst også ein annan, mindre innlysande veg: Å hjelpe foreldra til dei unge.

Jobbar du med arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta, er sjansen stor for at mange av deltakarane du og teamet tek imot, er godt vaksne. Kvinner og menn som har vore gjennom mange kvardagar, og som er i den siste delen av eit langt arbeidsliv. På toppen har dei kanskje ei lang sjukemelding eller fleire år på arbeidsavklaringspengar. Det er fort å tenke: Er det verkeleg verdt strevet?

Kanskje nokre ord frå Ulf Andersen, statistikksjefen i Nav, kan vera til trøyst – eller til og med til inspirasjon. Andersen peikar på det han meiner er det viktigaste Nav kan gjera for å førebyggje utanforskap: Å sørgje for at foreldra er i arbeid.

Så tenk litt på det: Kvar gong du hjelper ein mamma eller pappa i jobb, gjev du femteklassingen eller tenåringen i huset litt større sjansar. Større sjansar for eit liv – i arbeidslivet.

Du er altså ikkje berre ein «reparatør». Du er ein førebyggjar!

35 år mot utanforskap – i takt med samfunnsutviklinga

I Noreg er det mange dyktige fagpersonar, team og organisasjonar som tilbyr arbeidsretta rehabilitering, og som er med på å førebyggje utanforskap. Nokre av dei har gjort det lenge. Rehabiliteringssenteret AiR er ein av dei: i 2021 har AiR levert arbeidsretta rehabilitering i 35 år. Det vart markert i Oslo 26.oktober under overskrifta: Kva er medisin mot ungt utanforskap?

Slik skildrar Svein Kostveit, direktør på AiR, utviklinga sidan opninga i 1986:
Rehabiliteringstilbodet på AiR har utvikla seg i takt med samfunnet: Dei første deltakarane var gjerne mannlege industriarbeidarar med tungt fysisk arbeid. Så kom dei «dobbeltarbeidande» kvinnene – med omsorgsansvar både heime og på jobb. No er det dei unge sin tur. AiR tilbyr no eit nytt, arbeidsretta rehabiliteringstilbod for unge vaksne: UngRehab.

Kanskje du og ARR-teamet ditt også har noko å tilby dei unge?

Kjelder og inspirasjon

Dette blogginnlegget er inspirert av Rehabiliteringssenteret AiR si satsing på arbeidsretta rehabilitering for unge, UngRehab og arrangementet «ÅBIT – medisin mot ungt utanforskap». «ÅBIT» gjekk av stabelen i Oslo 26. oktober 2021, og var AiR si markering av 35 års innsats mot utanforskap.

Under finn du Ulf Andersen og Iselin Marstrander sine presentasjonar frå arrangementet.

Andersen, Ulf (2021): Refleksjoner om utenforskap i Norge (pdf)

Marstrander, Iselin (2021): Ungt utenforskap – forskning (pdf)