1. februar sendte vi webinaret «Unge utanfor arbeid og utdanning – kor mange er dei og kva kjenneteiknar dei?». No er opptaket publisert.
Av Guro Lien
Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering
Talet på unge utanfor utdanning og arbeid er større enn nokon gong. I webinaret illustrerte statistikksjefen i Nav, Ulf Andersen, viktige spørsmål knytt til ungt utanforskap med tal:
- Kor stort er ungt utanforskap, og korleis skal og kan vi forstå desse tala?
- Kor mange er utanfor arbeidslivet, kvifor, og kva er eigentleg konsekvensane for velferdssamfunnet vårt?
Etter foredraget var Ulf Andersen tilgjengeleg for spørsmål og kommentarar saman med leiaren for Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering, Chris Jensen.
Sjå webinaret her:
Sjå heile webinaret inkludert kommentarar og spørsmål
Sjå kun Ulf Andersen sitt foredrag
Webinaret var det første i webinarserien «Ungt utanforskap og arbeidsretta rehabilitering»