I Nesodden har ein jobbspesialist frå Nav faste kontordagar og faste fellesmøte med Rask psykisk helsehjelp. Terapeutane opplever at dei får ein heilt annan flyt i behandlinga av pasientar som har jobbutfordringar, og jobbspesialisten set pris på terapeutanes kompetanse når ho skal vurdere om brukarane er klare for arbeid.
Av Guro Lien
Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering
Aurélie Larsen arbeider med sjukefråværsoppfølging i Nav Nesodden. Vanlegvis held ho til på det lokale Nav-kontoret. Men to halve dagar i veka er kontorplassen ein heilt annan stad: I lokala til Rask psykisk helsehjelp (RPH). Der fungerer ho som jobbspesialist, som ein del av ei ny, nasjonal pilotsatsing der Nav og RPH samarbeider. Halvparten av arbeidstida går med til prosjektet. Den andre halvdelen går med til vanleg sjukefråværsoppfølging i Nav.
Og Aurélie er ein del av eit lag: Saman leverer ho og terapeutane Helge Skjelstad, Rune Fuglerud, Thomas Holtan og psykologspesialist Olav Hjetland ved Rask psykisk helsehjelp eit tverrsektorielt tenestetilbod for personar som slit med lette til moderate psykiske helseplager og utfordringar på jobben. Dei fem har faste, tverrfaglege møte ei gong i veka der dei diskuterer felles pasientar og brukarar.
Tilbyr hjelp tidleg i sjukemeldinga
Jobbspesialisten og terapeutane beskriv pasientane med følgande stikkord: Kvinner frå 45 år og oppover. Ikkje så langt frå arbeidslivet. Nyleg mista jobben, eller sjukemelde. Ofte tidleg i sjukemeldinga – frå åtte veker og utover. Tilbodet er sjølvsagt for alle som slit med lette til moderate psykiske helseplager og jobbutfordringar, men dette er altså ein typisk pasientprofil.
Ikkje alle som kjem til Rask psykisk helsehjelp har behov for oppfølging frå både terapeut og jobbspesialist. Men dei som snakkar mykje om jobb i den første kartleggingssamtala, får alltid tilbod om oppfølgingssamtale med jobbspesialist. Mange takkar ja.
Har stor nytte og glede av kvarandres kompetanse
Både jobbspesialisten, terapeutane og dei som får oppfølging med samtidig fokus på arbeidsdeltaking og helse, opplever fordelar med samhandlinga. Tilbakemeldingane frå pasientane og brukarane er at dei opplever samarbeidet som utelukka positivt. Dei kjenner seg ivaretekne og trygge – dei har eit lite lag rundt seg.
For terapeutane sin del gjer samarbeidet vegen til Nav mykje kortare – dei treng ikkje lenger ringe det lange Nav-nummeret og vente på svar frå ein tilfeldig tilsett. Helge beskriv fordelane med samarbeidet slik: – Når folk blir deprimerte, er dei midt i eit kaos av følelsar. Dei har ikkje overskot til å sette seg inn i korleis hjelpeapparatet og ulike stønader fungerer, og treng hjelp for å finne fram i systemet. Med hjelp til dette blir vegen til endring mykje kortare.
Terapeutane beskriv samarbeidet som å få tilgang til ein ekstra terapeut med ein annan kompetanse, som styrkar tilbodet deira og gjev ein heilt annan flyt i behandlinga av pasientar med jobbutfordringar.
Også Aurélie opplever at samarbeidet gjev tilgang på kompetanse som utfyller hennar eigen. Ho fortel at dei faste fellesmøta er nyttige for å få fleire perspektiv på brukarens situasjon, og for å få terapeutane si vurdering på om brukaren er klar for arbeid eller ikkje.
Systematisk tenestesamhandling mellom Nav og kommunehelsetenesta
– Samarbeidet på Nesodden er éin av ni nasjonale pilotar
– I dei nasjonale pilotane blir det prøva ut to ulike modellar for systematisk tenestesamhandling
– I modell éin samarbeider Nav-rettleiar og kognitiv terapeut frå Rask psykisk helsehjelp om oppfølging av felles brukarar
– I modell to samarbeider Nav-rettleiar, kognitiv terapeut og fastlege om oppfølgjng av felles brukarar
– Modellane er retta mot personar som har behov for tidlege, samtidige og koordinerte tenester frå arbeids- og helsesektoren
– Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet leier utprøvinga, og forskarar følger prosjekta
– Satsinga har fått 18,7 millionar over statsbudsjettet for 2024
Samtidig og koordinert støtte til psykisk helse og arbeidsdeltaking
Det jobbspesialisten og terapeutane tilbyr saman, er samtidig og koordinert behandling og oppfølging knytt til psykisk helse og arbeidsdeltaking.
Tilbodet består av:
- Rask psykisk helsehjelp, som er ei helseteneste for personar over 16 år med angstproblem, mild eller moderat depresjon og eventuelt søvnproblem. Tenesta er gratis, og du treng ikkje tilvising frå lege. Tilbodet består av telefonkonsultasjon, rettleia sjølvhjelp og/eller kortvarig samtaleterapi. Omfanget blir tilpassa kvar enkelts behov. Dei som har jobbutfordringar og ynskjer hjelp med dei, får tilbod om oppfølging frå jobbspesialist i tillegg.
- Oppfølging frå jobbspesialist basert på Supported employment-metodikk. Nokre treng berre eit par samtaler, andre har behov for oppfølging over lengre tid. Oppfølginga kan vare i inntil eitt år eller meir dersom personens Nav-rettleiar vurderer at det er behov for det. Jobbspesialisten har færre personar å følge opp og dermed betre tid til oppfølging enn ein vanleg Nav-rettleiar.
–Må kunne arbeide litt annleis enn det som er vanleg i Nav og psykisk helse
For at Aurélie, Rune og Helge skal kunne samarbeide om felles pasientar og brukarar, skriv personen under på eit vanleg kommunalt samtykkeskjema, der hen samtykker til at Nav og kommunen kan utveksle informasjon.
For å få til eit tverrsektorielt samarbeid mellom Nav og helsetenesta, nemner dei tre nokre forutsetningar som må vera til stades. For det første, trengs det nokon som er villige til å arbeide på ein litt annan måte enn det som er vanleg både i Nav og primærhelsetenesta. For det andre, er det viktig at det personlege samarbeidet fungerer godt – ein må fungere godt som lag. For det tredje er leiarforankring viktig. For eksempel starta samarbeidet mellom dei opp etter at leiarane deira snakka saman.
Og sist, men ikkje minst, er tid og pengar ein viktig faktor: Prosjektmidlane gjer det mogleg for Aurélie å bruke halvparten av arbeidstida si i prosjektet. Dei tre trur at for å få til eit samarbeid, må det anten ligge midlar til ein ressurs slik som hos dei, eller så må leiinga vere svært interessert i å få til noko.
God erfaring med samarbeid frå tidlegare
–At Nav og helsetenesta har eit strukturert samarbeid om felles brukarar og pasientar, er ennå ikkje så vanleg i norske kommunar. Kva er bakgrunnen for at de kom i gang?
– I starten av 2023 blei vi ein del av prosjektet «Arbeidsfokus i fastlegekontor» i regi av Nav Øst-Viken. Samarbeidet var utfordrande for fastlegekontoret, men samtidig fungerte samarbeidet mellom Nav og Rask psykisk helsehjelp så bra at me ville halde fram med det, fortel Aurélie, Rune og Helge.
Dei tre fortel at inntektsmodellen til fastlegane gjorde det utfordrande å delta, sidan legane ikkje kunne knyte samarbeidsmøta til nokon takst.
Dei gode erfaringane med samarbeidet mellom Nav og Rask psykisk helsehjelp gjorde likevel at dei søkte om og fekk midlar til å bli ein av ni nasjonale pilotar for samhandling mellom Nav og kommunale helsetenester. Satsinga er eit samarbeid mellom Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet, og er i tråd med Nasjonal strategi for fagfeltet arbeid og helse, Nasjonal helse- og samhandlingsplan og Arbeidsmarknadsmeldinga.
Gode resultat så langt
Sidan oppstart i mai i år har terapeutane ved Rask psykisk helsehjelp vist 25 personar vidare til jobbspesialist. For fem av desse er oppfølginga avslutta. Fire av dei fem er no i jobb. Dei fire var sjukemelde då dei starta opp i tiltaket.
I tillegg til at Nav og Rask psykisk helsehjelp på Nesodden følgjer med på eigne resultat, vil Oxford Research følgje opp dei og dei andre nasjonale pilotane ved hjelp av følgeforsking.
Og når eg spør Aurélie, Rune og Helge om dei vil anbefale tilsette i andre kommunar å jobbe på denne måten, er svaret eit rungande «ja».
Vil du vite meir?
Meld deg på nyheitsbrevet vårt
Les meir om lokal, tverrsektoriell innsats mot fråfall fra arbeidslivet:
Indre Østfold: Jobbspesialist fra Nav i kommunalt rehabiliteringsteam
Tjenestetilbud for unge: Avslutter i monsterbakke – klare for å satse
Bli med på kurs for tilsette i Nav og kommunale helsetenester: