Ny rapport: Evaluering av omlegginga frå «Raskare tilbake» til «Helse og arbeid»

Skjermdump frå framsida av SINTEF-rapporten "Sluttrapport. Følgeevaluering av omleggingen fra prosjekt "Raskere tilbake" til drift av Helse og arbeid-tilbud i spesialisthelsetjenesten"

I fleire år har forskarar følgd omlegginga av «Raskare tilbake»-ordninga. Kva har omlegginga å seie for vidareføring og nyetablering av «Helse og arbeid»-tilbod i spesialisthelsetenesta? Kva konsekvensar har omlegginga for systemet, tenestene og pasientane? Det skal ein ny rapport gje svar på.

Av Guro Lien
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering

«Raskare tilbake» var eit tilbod i spesialisthelsetenesta, som skulle gje folk som var sjukemelde eller stod i fare for å bli det, hjelp til å koma raskare i arbeid. Målet var å førebygge eller redusere langvarig sjukefråvære. Ordninga vart avslutta i 2017, og frå 2018 vart tiltaka i ordninga ein del av ordinær drift og «sørge for»-ansvaret i dei regionale helseføretaka. Satsinga vart vidareført under nytt namn: «Helse og arbeid.» Gjennom tre år har forskarar frå SINTEF og NTNU følgd og evaluert denne omlegginga. Her er nokre av funna dei har gjort.  

Effekt på sjukefråvære?

Me går rett på det store spørsmålet: Gjev «Helse og arbeid»-tilboda redusert sjukefråvære? Dette er det vanskeleg å svare på – av to grunnar. For det første er det vanskeleg å vise til effekt av dei arbeidsretta behandlings- og rehabiliteringstiltaka i spesialisthelsetenesta når du ser på systematiske litteraturgjennomgangar. Det vert poengtert at få av desse studiene er gjennomførde slik at ein kan ha høg tillit til resultata. For det andre er «kodepraksisen» – altså at «Helse og arbeid»-tilbod blir registrert med rett kode i systemet, ikkje bra nok. På grunn av dette har ein ikkje gode nok data på kven som har fått arbeidsretta utreiing og behandling. Då blir det også vanskeleg å seie noko eintydig om effekten. Difor skriv forskarane: «Som tiltak for å få ned sykefraværet på nasjonalt nivå er det tvilsomt at det har effekt.»

Nokre tiltak har betre effekt

Sjølv om hovudkonklusjonen i rapporten er at det er tvilsomt at arbeidsretta behandlings- og rehabiliteringstiltak har effekt på å få ned sjukefråværet på nasjonalt nivå, trekker forskarane fram ein type intervensjon som har effekt på retur til arbeid: Komplekse intervensjonar som går over tid. Slike intervensjonar gjev betre effekt enn kortare polikliniske intervensjonar. Dette gjeld særleg for muskel- og skjelett- og smertelidingar. I følgje rapporten viser forskinga så langt best effektar av IPS (Individual placement and support), jobbfokusert kognitiv terapi, kreftrehabilitering med jobbfokus og intervensjonar som fokuserer på å redusere stress og å bygge problemløysingskompetanse.

Pasientane står lengre unna jobb no enn før

Både offentlege og private tilbydarar av «Helse og arbeid» opplever å få meir komplekse pasientar som står lengre frå jobb no enn tidlegare. Dette stadfestast av registerdata forskarane har hatt tilgang på: Pasientane som fekk «Helse og arbeid»-tilbod i 2018 hadde vore lenger sjukemelde i perioden før dei fekk behandling, enn dei pasientane som fekk «Raskare tilbake»-tilbod før 2018.

Svakare skilje mellom arbeidsretta behandling og rehabilitering

Etter omlegginga til «Helse og arbeid» har alle helseføretaka polikliniske tilbod innan tverrfagleg arbeidsretta behandling. Samstundes har ein del av dei som har hatt tilbod om døgnbasert arbeidsretta rehabilitering, gått over til å også tilby kortare meistringstilbod og dagtilbod. Slik sett har skiljet mellom arbeidsretta utredning og behandling og arbeidsretta rehabilitering blitt svakare etter omlegginga.

I tillegg til funna og problemstillingane over, har forskarane hatt fokus på:

  • Status og innhald i «Helse og arbeid»: Kor langt har regionane kome i implementeringa?
  • Arbeidsretta tiltak: Kva tiltak kan definerast som arbeidsretta, og korleis ser det ut i praksis når ein jobbar arbeidsretta?
  • Organisering og samhandling internt og eksternt: Korleis har omlegginga påverka samhandlinga rundt og organiseringa av dei arbeidsretta tilboda?
  • Kva har omlegginga hatt å seie for pasientar med muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar?

Tilrådingar: Korleis bør rapporten følgjast opp?

Basert på funna i følgeevalueringa kjem forskarane med tilrådingar for vidare arbeid. Under finn du nokre av tilrådingane.  

Forsking og utvikling

Forskarane tilrår mellom anna at ein

  • Utarbeider ein felles nasjonal forskingsstrategi der leiarforankring i «Helse og arbeid»-tilbod og samarbeid med fagrådet for arbeid og helse og helse- og velferdsmyndigheitene blir viktig.
  • Forskar meir på kva som gjer at arbeidsretta behandlingstilbod i større grad enn andre tilbod kan sjå ut til å gje friskare pasientar, og kvifor det likevel er vanskeleg å påvise effekt på sjukefråvære og retur til arbeid
  • Revitaliserer og samkøyrer kodepraksisen
  • Ser på moglegheitene for å kople data frå Norsk pasientregister til Nav-data, slik at «Helse og arbeid»-tilboda kan få tilbakemelding på når og kor mange pasientar som kjem tilbake i arbeid

Implementering

Forskarane tilrår mellom anna at ein

  • Har ei overordna nasjonal teneste med ansvar for å skape ein felles framtidig arena for forsking, kunnskapsutveksling og metodeutvikling innan fagfeltet arbeid og helse.
  • Gjev større fridom til å etablere diagnoseuavhengige tilbod
  • Inkluderer IPS (Individual placement and support) som ein del av Helse og arbeid

Organisering og samhandling

Forskarane tilrår mellom anna å jobbe for

  • Samlokalisering. Det er gode erfaringar med samlokalisering av fysikalsk medisinske tilbod, psykologtilbod, Nav, kommunehelsetenesta og Rask psykisk helsehjelp. Ein bør også vurdere samlokalisering med Frisklivssentral og kommunale rehabiliteringstiltak innan muskel og skjelett.  
  • Meir samarbeid mellom «Helse og arbeid»-tilboda, kommunehelsetenesta og fastlegane.

Prioritering av pasientar

Forskarane tilrår mellom anna at ein

  • Jobbar med utvikling av metodar som gjer at ein kan møte pasientar med komplekse helseproblem som står langt frå arbeid på ein god måte.
  • Forskar meir på kva type intervensjonar som passar for kven på kva tidspunkt i sjukefråværet.

Samfunnsøkonomisk vurdering

Forskarane tilrår mellom anna at ein

  • Tilpassar tenestene til pasientane som skal prioriterast sine behov, framfor å prøve å finne pasientar som er «riktige» for tenestene.
  • Vurderer om tiltak som førebygger helseproblem og reduserer behovet for sjukemelding ute på arbeidsplassane og i kommunane, kan gje ein tydelegare effekt på sjukefråværet enn «Helse og arbeid»-tilbod i spesialisthelsetenesta.
  • Identifiserer kva mål, innhald og mekanismar som må på plass for at eit auka samarbeid mellom Nav og spesialisthelsetenesta skal føre til at sjukefråvære og fråfall frå arbeidslivet faktisk blir redusert.

Finn ut meir

Sjå rapportar frå følgjeevalueringa >
Gå til vår oversikt over forsking på arbeid og helse >

Kjelde:
Kaspersen, S.L., Gunnes, M. og Ose, S. O. (2022): Sammendrag og anbefalinger fra sluttrapport i følgeevaluering av omleggingen fra prosjekt «Raskere tilbake» til drift av Helse og arbeid-tilbud i spesialisthelsetjenesten.