Jobbar du med unge utan arbeid og utdanning, og er på utkikk etter kunnskap og bakgrunnsstoff? Då er vår nye temaside om ungt utanforskap ein god start.
Av Tone Skau Jonassen
Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering
Det hastar å få fleire unge tilbake i utdanning og arbeid. Difor held me fram med å formidle kunnskap knytt til ungt utanforskap – denne gongen i form av ei ny temaside på arbeidoghelse.no.
Webinarserien «Ungt utanforskap og arbeidsretta rehabilitering» var starten på denne satsinga, og den har gjeve positive ringverknader:
Eg set stor pris på seminarserien! I høve tiltak ovanfor denne gruppa, endte me med å baka inn ulike aldersgrupper inkludert dei unge som generelle fokusgrupper i eit nytt forskingsprosjekt me har saman med NAV.
Kristin Hestmann Vinjerui, lege, postdoktor ved Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie, NTNU
På den nye temasida finn du nyttig bakgrunnsstoff om ungt utanforskap, slik som:
- relevante publikasjonar, rapportar og forskingsartiklar
- rapportomtaler – me les sentrale rapportar for deg, og gjev deg ei kort oppsummering
- overordna nasjonale dokument og føringar
- relevante forskings- og innovasjonsprosjekt
Målet med temasida er å bidra til ein betre oversikt over kunnskapsgrunnlaget knytt til ungt utanforskap, noko som igjen kan bidra til at unge vaksne kjem raskare i arbeid og/eller utdanning.
Har du innspel eller tips til publikasjonar eller prosjekt som bør vere med i oversikten?
Ta kontakt med Tone Skau Jonassen