– Det er avgjørende å se arbeid, helse og utdanning i sammenheng

Frå venstre: Geir Jørgen Bekkevold, direktør kommunikasjon og samfunnskontakt Sykehuset Telemark HF, Geir Riise, styremedlem Rehabiliteringssenteret AiR, Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje kommune (Sp), Marte Mjøs Persen, arbeids- og inkluderingsminister (Ap), Svein Kostveit, direktør Rehabiliteringssenteret AiR, Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, Lene Vågslid, stortingsrepresentant (Ap) og Åslaug Sem-Jacobsen, stortingsrepresentant (Sp). Foto: Guro Lien

Dette sa Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap), som var klar i si tale då ho besøkte Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering måndag 30.januar. Stortingsrepresentantane Lene Vågslid (Ap) og Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) var ein del av delegasjonen.

Av Guro Lien
Seniorrådgjevar, Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering

Under besøket viste statsråden engasjement og interesse for ungt utanforskap. Ho var tydeleg på at det ikkje er gjort nok for å inkludere fleire i arbeid og utdanning. Ho påpeika at det er avgjerande å sjå feltet i samanheng, og at me treng samhandling mellom arbeid, helse og utdanning.

Også stortingsrepresentant Lene Vågslid (Ap) peika på viktigheita av samarbeid: – Regjeringa styrker samarbeidet mellom helse, utdanning og arbeid. Det viser AiR blant anna kor viktig er, å sjå dette i samanheng, forske og bygge sterk tverrfagleg kompetanse.

Under besøket klatra Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (til venstre) til topps i klatreruta «Samarbeid». Også stortingsrepresentant Lene Vågslid nådde toppen. Foto: Guro Lien

Ein drivar i oppbygging av fagfeltet

Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering blei etablert i 2005. Kompetansetenesta har i samarbeid med forskingsmiljø og tenestetilbydarar innan arbeidsretta rehabilitering arbeidd for å forbetre kvaliteten på tenestetilbod som skal hjelpe menneske med samansette helse- og livsutfordringar i jobb. Gjennom ein eigen rettleiar for arbeidsretta rehabilitering, kompetansespreiing og nettverksbygging mellom forskingsmiljø, tenestetilbydarar, brukarar og myndigheiter, har kompetansetenesta vore ein drivar i oppbygginga av arbeidsretta rehabilitering som eige fagfelt. Frå 2021 har kompetansetenesta også samla og formidla kunnskap knytt til den store samfunnsutfordringa ungt utanforskap. Det overordna samfunnsoppdraget er å bidra til å inkludere fleire menneske med samansette utfordringar og helseplager i arbeid.

–Vi trenger denne koblingsboksen

Nettopp behovet for å betre hjelpe menneske med samansette helse- og livsutfordringar inn i arbeid eller utdanning, dannar grunnlaget for eit stort spenn av tenestetilbod innan arbeid og helse og ei felles satsing på fagfeltet frå myndigheitene si side: Ein nasjonal strategi for arbeid og helse. Eit sentralt grep i strategien er å etablere ein felles nasjonal kompetanseteneste for alle nivå og begge sektorar, for å utvikle og styrke fagfeltet.

Under statsrådbesøket måndag var Geir Jørgen Bekkevold, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt ved Sykehuset Telemark HF, tydeleg på behovet for ei slik kompetanseteneste: – Vi trenger denne koblingsboksen for at vi ikke skal bli siloer som ikke samhandler. Vi trenger også tydelige felles oppdrag fra myndighetene på begge sider.

–Denne tjenesten bør bestå, bygges opp og utvides

Direktør for Rehabiliteringssenteret AiR, Svein Kostveit, er utolmodig: – Me stiller vår kompetanse og våre ressursar til disposisjon, slik at me kan bidra til å realisere den nasjonale strategien for arbeid og helse. Me er klare for å ta på oss eit oppdrag som ny nasjonal kompetanseteneste for arbeid og helse, og bygge vidare på og vidareutvikle den kompetansen og dei nettverka me har bygd opp dei siste femten åra.  

Også Iren Luther, som er varamedlem i styret i Rehabiliteringssenteret AiR og leiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, var klar i si tale under statsrådbesøket: – Denne kompetansetjenesten bør bestå, bygges opp og utvides!

Det var ein breitt samansett delegasjon som var til stades under statsrådbesøket 30.januar. Foto: Guro Lien