Psykisk helse og arbeidsliv

Se Mulighetene - forside

Tekst: Arvid Skjerve, Psykologspesialist ved Rehabiliteringssenteret AiR

Det er to erfarne klinikarar og forfattarar innan psykisk helse-feltet som har skrive boka «Se mulighetene. Arbeidsliv og psykisk helse». Boka handlar mellom anna om korleis legge til rette for samordning av psykisk helsehjelp med tiltak på arbeidsplassen, der ein ikkje nødvendigvis treng å tenkje på behandling først og integrering etterpå, men der dette vert gjort som parallelle prosessar. Verdien av nytenking og å etablere gode metodar vert framheva for å dempe effekten av psykiske lidingar på arbeidsevna, styrke jobbmeistring og redusere sjukefråvere.

Boka har åtte delar der rekkefølja bidreg til ein god oversikt: Del 1 er om kvifor det er aktuelt og viktig å sjå psykisk helse og arbeidsliv i samanheng, om ulike psykologiske tilnærmingar til temaet ut frå teoriar og modellar, og verdien av arbeid for anerkjenning og identitet for den enkelte. Del 2 er om depresjon på arbeidsplassen med kjenneteikn og konsekvensar av depresjon, og behandlingstiltak knytt opp mot arbeid og jobbmeistring.  Vidare har boka fokus på sosial angst og arbeid (del 3) , verdien av rask psykisk helsehjelp ved sjukefråvere (del 4), integrert behandling og yrkesretta attføring ved psykoselidingar (del 5), mistrivnad på arbeidsplassen og ulike årsaker til mistrivnad – frå opplevd urettferd til mobbing og trakassering (del 6), jobbtrivnad, engasjement og entusiasme (del 7) og arbeid sett i samanheng med familieliv (del 8). Forfattarane avrundar boka med eit etterord med refleksjonar rundt eit inkluderande arbeidsliv og ivaretakande samfunn.

Dei åtte delane omfattar 24 kapittel med kvart sitt tema, og saman med stikkordsregisteret gjer dette at boka er godt eigna som oppslagsbok. Det kan også vere nyttig å lese boka frå perm til perm for å kunne sjå samanhengen mellom ulike temaområde. Det er ei lettlest, men samtidig grundig bok fagleg sett. Temaområda vert illustrert med utdrag frå pasienthistorier og med døme frå arbeidslivet. Råda som vert gitt i boka er konkrete og anvendelege, og vektlegg at det fins mogelegheiter og at tiltak nyttar.

Av dei mange interessante kapitla vil eg trekkje fram kapittel 14 som handlar om barrierar mot inkludering i arbeidslivet for personar med alvorleg psykisk liding slik som psykose. Forfattarane knyter barrierane mellom anna til haldningar i samfunnet, og ser haldningane også i eit historisk perspektiv.

Boka vil vere godt eigna for fagpersonar innan psykisk helsearbeid og rehabilitering, forsking og utdanning, for arbeidsgivarar, rådgivarar, leiarar og andre. Boka utgjer eit sentralt bidrag til den norske faglitteraturen innan psykisk helse og arbeidsliv.

Torkil Berge, Erik Falkum. «Se mulighetene. Arbeidsliv og psykisk helse», 331 s, Oslo: Gyldenal Akademisk, 2013. ISBN 978-82-05-42845-4.