Ny rapport: Korleis betre informasjonsutvekslinga mellom Nav og helse?

Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Kva skal til for å få betre informasjonsutveksling mellom Nav og helse- og omsorgssektoren? Dette spørsmålet er sentralt i ein ny rapport.

Av Guro Lien
Seniorrådgjevar, Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering

For å kunne løyse samfunnsoppdraga sine, treng Nav og helse- og omsorgstenesta å utveksle informasjon seg imellom. I dag er utvekslinga av helseopplysningar fragmentert. Dette skapar mellom anna usamanhengande tenester for innbyggarane og mykje ekstra arbeid for helsepersonell.

Det slår Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse fast i ei ny utgreiing.

Tekniske løysingar største hinder for betre informasjonsutveksling

I fylgje rapporten påverkar den fragmenterte informasjonsutvekslinga både innbyggarar, helsepersonell og Nav. Dette er nokre av konsekvensane:

  • Helsepersonell brukar unødvendig mykje tid på å formidle helseopplysningar til Nav, og tilbakemeldingane dei får frå Nav er ofte ikkje tilfredsstillande.
  • Innbyggarar kan oppleve brot på prinsippet om rett vedtak, og/eller rett yting til rett tid gjennom at sakshandsaminga blir unødvendig lang, eller at dei ikkje får ytinga dei har krav på.
  • Det er i nokre tilfelle opp til innbyggarane å få samspelet mellom dei offentlege tenestene til å fungere.

Rapporten slår også fast at dei tekniske løysingane som vert nytta i dag er det største hinderet for betre informasjonsutveksling. Så langt ser det ikkje ut til at det er bruk for eit nytt regelverk for å kunne etablere ei ny teknisk løysing mellom helse og Nav.

Utgreiinga er gjort av på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Den byggjer vidare på eksisterande kunnskap og strategiar på feltet, mellom anna «Strategi for fagfeltet Arbeid og helse».

Første prioritet: Sjukemeldingsløpet

I samband med utgreiinga er det gjennomført ei brei kartlegging for å finne ut kva aktørar innan helse som utvekslar informasjon med Nav, og kva delar av Nav denne utvekslinga er knytt til.

Kartlegginga viser at legar i spesialisthelsetenesta og fastlegar er dei helseaktørane som har mest kontakt med Nav. Sjukemeldingar og legeerklæring ved arbeidsuføre utgjer til saman over 90 % av alle skjema helsepersonell sender til Nav. Sjukemeldinga blir brukt i oppfylgjing av sjukefråvær og ved søknadar om sjukepengar. I prosessar knytt til arbeidsavklaringspengar (AAP) og uføretrygd brukast  legeerklæring ved arbeidsuføre.

Rapporten peikar på sjukemeldingsløpet og prosessen kring arbeidsavklaringspengar som dei to viktigaste områda å forbetre framover. Informasjonsutveksling knytt til sjukemeldingsløpet får første prioritet.

Vegen vidare: Strategisk samarbeid, utprøving og tenestedesign

Rapporten frå dei tre direktorata kjem med fire anbefalingar for vegen vidare:

  1. Det strategiske samarbeidet mellom Nav og det nye Helsedirektoratet bør halde fram.
  2. Dei digitale samhandlingsløysingane som prosjektet har identifisert, bør vurderast nærare gjennom pilotering og utprøving.
  3. Vidare arbeid med konkrete ytingar bør bli rigga som ein tenestedesignprosess og starte med sjukemeldingsløpet.
  4. For å sikre nødvendig oppslutning frå leverandørar av elektroniske pasientjournalsystem, bør det bli laga ein plan for bruk av ulike verkemiddel som kan bidra til dette.

I dei fire anbefalingane ligg det heilt konkrete forslag til korleis Nav, Helsedirektoratet og andre aktørar bør arbeide vidare for å få til betre informasjonsflyt mellom Nav og helse.

Tenestedesign for heilskaplege, brukarorienterte forløp

Ei av anbefalingane i utgreiinga er at noko av det vidare arbeidet bør bli rigga som ein tenestedesignprosess. Målet med tenestedesign er å utvikle heilskaplege og brukarorienterte tenester – altså å gje brukaren ei betre oppleving av ei teneste eller eit forløp. For å få til dette, treng ein perspektiva frå alle aktørane som leverer inn til tenesta, slik at alle ser si rolle i heilskapen.

Eit eksempel er informasjonsutveksling knytt til sjukemeldingsløpet: Ein tenestedesignprosess legg opp til å involvere alle aktørar knytt til forløpet, slik som pasientar/brukarar, Nav, aktørar innan helse og leverandørar av elektroniske pasientjournalsystem. I tillegg til å legge grunnlag for betre informasjonsflyt og ei betre brukaroppleving for sjukemelde, vil ein slik prosess også gje betre oversikt over omfanget av informasjonsutvekslinga og kva eventuelle endringar i utvekslinga kan føre til.   


Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse. (2023). Nå snakker vi! Utredning av forbedret informasjonsutveksling mellom NAV og helse- og omsorgstjenesten.

Finn ut meir om samarbeidet mellom Nav og helse

Informasjonsutveksling
Les heile rapporten: «Nå snakker vi! Utredning om forbedret informasjonsutveksling mellom NAV og helse- og omsorgstjenesten»>
Les rapporten «Informasjonsutveksling mellom NAV og fastleger» >

Samarbeid og samhandling

Samhandling – det å kople tenestene saman og skape flyt, er eitt av fem hovudsatsingsområde i den nasjonale strategien for fagfeltet arbeid og helse.
Les «Strategi for fagfeltet arbeid og helse» (pdf) >

Finn ut meir om korleis aktørar innan arbeid og helse opplever samhandlinga i praksis:
Artikkelserie: Samhandling rundt unge
Artikkelserie: Samhandling rundt langtidssykemeldte

Tenestetilbod som koplar arbeid og helse
Finn ut meir om korleis arbeid/utdanning og helse blir kopla i praksis i ulike tenestetilbod:
Artikkelserie: Tjenestetilbud som kobler arbeid og helse
Artikkelserie: Tjenestetilbud for unge – utdanning, arbeid og helse

Vil du vite meir om arbeid og helse?

Meld deg på nyheitsbrevet vårt eller ta ein kikk på temasida om arbeid og helse – der finn du ein oversikt over forsking, kurs og andre ressursar