Å gje fleire moglegheit til arbeid står heilt sentralt i vedtak frå Arbeiderpartiet sitt landsmøte no i mai. Fleire unge i arbeid, samarbeid mellom arbeid, helse og utdanning og arbeidsretta rehabilitering er viktige stikkord.
Av Guro Lien
Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering
To vedtak frå Arbeiderpartiet sitt landsmøte no i mai er tett knytte opp mot arbeid og helse-feltet: «Arbeid til alle er jobb nr 1» og «Flere unge i arbeid».
Vil gje fleire moglegheit til arbeid
Rundt 600.000 vaksne står av ulike årsakar utanfor arbeidslivet. Mange av desse har helseplager.
For å gje fleire moglegheit til arbeid, vil Arbeiderpartiet mellom anna:
- Styrke arbeidsretta rehabilitering for å gje folk god hjelp til å koma tilbake til arbeidslivet
- Gjere det lettare å kombinere trygd og arbeid, slik at fleire får brukt arbeidsevna si
- Gå gjennom overgangar frå ytingar til arbeid for å gjere det meir økonomisk forutsigbart og lønsamt å kome i jobb eller å jobbe meir
Fleire unge i arbeid: Ungdomsgaranti og styrkt samarbeid
Rundt 100.000 unge under 30 år er utanfor jobb, utdanning og opplæring. Arbeiderpartiet vil styrke innsatsen opp mot dei unge. Målet er å hindre at unge fell utanfor gjennom å tilby hjelp og oppfølging som er tidleg, tett og tilpassa.
For å gje fleire unge moglegheit til arbeid, vil Arbeiderpartiet mellom anna:
- Gjennomføre ein ungdomsgaranti for alle under 30 år, som bidreg til at unge som treng det, får tett og individuell oppfølging frå Nav
- Gje raskare og betre hjelp gjennom ungdomsgarantien og ei styrkt oppfølgingsteneste
- At ungdomsrettleiaren i Nav skal bidra til å koordinere tilbodet til unge mellom Nav, helse og utdanningssektoren
- Finne nye modellar for å kombinere inntektssikring med opplæringstilbod
- Styrke Nav og arbeidsmarknadstiltaka monaleg
Sjå alle vedtak frå landsmøtet >
Kjelde:
Arbeiderpartiet. (2023). Vedtak og andre landsmøtedokumenter. Arbeiderpartiets landsmøte 2023.