Frå maktesløyse til meistring: Slik opplever unge arbeidsretta rehabilitering 

– Det er ganske slående hvordan de satte ord på å føle seg dømt av et samfunn, og lettelsen av å slippe den følelsen, og hvor mye krefter det ga i seg selv, fortel Torunn Berggård, som har undersøkt unges erfaringar med arbeidsretta rehabilitering. Foto: Nora Kokkvoll

Av Guro Lien 
Seniorrådgjevar, Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering 

Kva oppfatningar og erfaringar har fagpersonar og unge av eit arbeidsretta rehabiliteringsprogram for unge? Kan godt etablerte arbeidsretta rehabiliteringstilbod fungere for unge som står langt unna arbeidslivet? 

Kan godt etablerte arbeidsretta rehabiliteringstilbod hjelpe unge? 

Desse spørsmåla er utgangspunkt for ei ny masteroppgåve. Torunn Berggård, som i fleire år har jobba som fysioterapeut ved Hernes Institutt i skogane nord for Elverum i Innlandet, har skrive ei masteroppgåve om det arbeidsretta tilbodet for unge ved Rehabiliteringssenteret AiR i fjellbygda Rauland i Telemark.  

Det siste året har Hernes Institutt forsterka si satsing på unge. Rehabiliteringssenteret AiR har drive sitt tilbod for unge i nokre år. Begge klinikkane har døgnbaserte tilbod, der deltakarane bur på klinikken i fire veker eller meir.  

Berggård trur samarbeid er viktig: – Fagmiljø som tilbyr arbeidsrettet rehabilitering for unge bør dra nytte av hverandre, lære av hverandre og samarbeide, for å utvikle tilbudene til unge voksne. Vi er et lite fagmiljø, og vi er sterkere sammen.  

Kva verkar for unge lengst unna arbeidslivet? 

Ungt utanforskap er ei av vår tids store samfunnsutfordringar. 105 000 unge mellom 20 og 29 år står i dag på utsida av skule- og samfunnsliv.  

Frå forskinga veit me at mange tiltak verkar for unge, men ikkje for dei med dei mest samanfløkte behova. Det er lite forsking på kva som verkar for unge lengst unna arbeidslivet.  

Oppsummerer unge og tilsettes opplevingar og erfaringar 

I ei kvalitativ masteroppgåve har Berggård gjort fokusgruppeintervju med to grupper tilsette og to grupper unge deltakarar.  

I denne artikkelen vil eg legge vekt på det som kjem fram om dei unges eigne erfaringar. Men som Berggård sjølv poengterer: Fagpersonane si oppfatning av tilbodet stemmer godt overeins med det dei unge sjølv fortel.   

Står langt unna arbeidslivet 

Fagfolka ved klinikken fortel at unge som kjem dit, skil seg både frå ein gjennomsnittleg ung vaksen i samfunnet og frå vaksne som får arbeidsretta rehabilitering.

Berggård skildrar dei tilsette si oppleving av dei unge slik: – En av de store forskjellene er at de voksne har et liv som er bygd opp og som skal rehabiliteres. De har opplevd å være i arbeidslivet. De unge har et liv som ennå ikke er bygd opp, og sliter i nettopp det å bygge seg et selvstendig liv. Mange står langt unna arbeidslivet.  

Kjenner seg makteslause 

Under arbeidet med masteren har Berggård intervjua to tverrfaglege team med fagfolk på Rehabiliteringssenteret AiR om kva som kjenneteiknar unge som kjem til senteret. Dei tilsette fortel at mange manglar grunnleggande ferdigheiter, slik som å stå opp om morgonen og å kunne følgje rutinar og timeplanar. Ofte opplever dei sosiale settingar som krevjande. Psykiske plager er vanleg – spesielt angst. Det same er låg sosioøkonomisk status. Mange kjem frå eit dysfunksjonelt heimemiljø, og har lang erfaring med å «flyte rundt i systemet», utan å ha opplevd å bli sett eller anerkjent for den dei er.  

Kort sagt: Mange av dei unge opplever liten kontroll over eige liv, og kjenner seg makteslause, både ovanfor sin eigen situasjon, og i forholdet til samfunnet.  
 
– Fagfolkene på de tverrfaglige teamene opplever at en viktig del av jobben deres rett og slett er å bygge ned frykten for systemet, fortel Berggård. – De jobber mye med å få snudd negative erfaringer med hjelpeapparatet. Det å gjøre de unge trygge nok til å ta imot hjelp er en forutsetning for at de skal kunne komme inn i arbeid eller utdanning på sikt.  

Kjensla av å bli dømde av eit samfunn slepp taket 

Når dei unge sjølve skildrar si oppleving, kjem det å bli akseptert og anerkjend av tilsette og dei andre i gruppa høgt opp, fortel Berggård. Ungdomane opplever dei tilsette som medmenneske som tek seg tid til å lytte og forstå individuelle behov, og at den kjensla er viktig for å i det heile tatt få eit utbyte.  

– Det jeg synes er veldig interessant, er at de snakket veldig mye om den aksepten og anerkjennelsen som kontrast til det de har opplevd i samfunnet ellers, utdjupar ho. – Mange har opplevd å bli dømt for å ikke mestre krava til arbeid, utdanning og prestasjon, og de beskriver en stor lettelse over å være i et miljø der man ikke hele tiden trenger å forsvare seg og forklare seg for det man plages med og det man syns man ikke får til. De sa at det var godt å slippe belastningen med å forklare begrensninger man ikke en gang skjønner selv.   

– Under opplegget på AiR følte de seg verdifulle bare for å dukke opp og være til stede – uavhengig av hva de presterte, sier Berggård. – For hvis de ikke fikk til noe selv i løpet av den økta, så var de til stede for gruppa si. Det er ganske slående hvordan de satte ord på å føle seg dømt av et samfunn, og lettelsen av å slippe den følelsen, og hvor mye krefter det ga i seg selv.  

God kommunikasjon la til rette for meistring: «–Å prøve er å vinne!» 

Dei unge Berggård intervjua opplevde at fagfolka på huset gjennom god kommunikasjon og dialog la til rette for meistring – at dei på ulike måtar sa at «å prøve er å vinne.» Ungdomane opplevde at det var greitt å ikkje få til ting, og då kom motivasjonen for å prøve. 

Ho fortel også at mange opplevde auka sjølvtillit når dei til trassa redsle og prøvde aktivitetar som verka skumle, slik som riding og klatring. Slik skildra ein ung kar kjensla av å kome til toppen i klatreveggen: «֪– Jeg kom meg opp den gule løypa to ganger. Det var fantastisk å være der oppe. Jeg følte meg som en konge.» 

Gruppa: Frå skummel setting til heiagjeng 

– Mange av de unge forteller at det å skulle være i en gruppe var noe av det som skapte mest frykt og usikkerhet før oppholdet, seier Berggård. Utryggleiken var basert på tidlegare negative erfaringar i relasjon til andre, og i relasjon til deira eigen posisjon i samfunnet.  

Ho fortel at dette snudde undervegs i opphaldet: Etter ei tid opplevde dei unge gruppa som ein styrke. Mange gjekk frå kjensla av å vere aleine, til å vere ein del av eit fellesskap. Dei opplevde at deira deltaking var viktig: – Flere forteller at gruppefølelsen gjør at man møter opp selv om man ikke orker – for å heie på de andre, og ikke svikte de.  

Meir avslappa i aldersblanda gruppe 

Under opphaldet er unge blanda i ei gruppe med godt vaksne med lang erfaring – både frå livet og arbeidslivet. Berggård fortel at mange fortel at dei kjenner seg meir avslappa i ei aldersblanda gruppe enn i reine ungdomsgrupper. Dei kjenner mindre prestasjonspress, og lærer mykje av dei som er eldre enn dei. Ein av dei sa det slik: – Med bare oss unge har det lett for å bli en konkurranse om hvem som har det verst.»  

–Det å ikke bo her, det ville ødelagt mye

– Både unge og ansatte trekker fram det at tilbudet er døgnbasert, som helt avgjørende, seier Berggård. – Det gir en avstand til hverdagen hjemme og en opplevelse av struktur. Mange forteller at det er vanskelig å lage en god struktur på døgnet når de er hjemme.  

Eit sitat frå ein av dei unge deltakarane Berggård intervjua understrekar dette: «–Det å ikke bo her, det ville ødelagt mye.».  

Under Berggård sin presentasjon av masteroppgåva kjem det fram at det fire veker lange opphaldet gjer at mange opplever ein avstand til kvardagen heime, både fysisk og mentalt. Ein avstand til stress og byrder, ein avstand til det som ofte er eit dysfunksjonelt heimemiljø. Mange opplever at det er enklare å halde fokus og konsentrasjon på klinikken enn heime.  

Ein av deltakarane skildra det slik: «Det føles litt som å få litt ro da, at kroppen, som kanskje har vært i en form for beredskap en stund, slipper litt da.» 

Usikre på vegen vidare 

Mange av dei unge som kjem til AiR er langt frå arbeid. Då Berggård intervjua dei to gruppene unge mot slutten av opphaldet, var fleirtalet prega av stor uvisse når det gjeld vegen vidare. For dei fleste var det urealistisk å kome i arbeid rett etter opphaldet – til det var vegen framleis for lang. Vanlegare var det å setje seg mål om å oppretthalde struktur, rutinar og gode vaner når ein kjem heim: Stå opp om morgonen, ete regelmessig.   

Det døgnbaserte: Både nødvendig og utfordrande 

Og på dette punktet kan det døgnbaserte, som både dei tilsette og dei unge sjølve skildrar som ein heilt avgjerande del av tilbodet, møte seg sjølv i døra. Det å vere fråkopla frå heimemiljøet i ein periode byr også på utfordringar: Korleis kan fagteama på best mogleg vis legge til rette for at kvar enkelt «lagrar» kjensla av tryggleik, aksept og meistring og held den ved like heime? Korleis kan dei legge til rette for at dei unge held fast i nye, gode rutinar og vaner, og slik legg viktige grunnsteinar for deltaking i samfunn, utdanning og arbeidsliv? 

Denne utfordringa ser også fagpersonane ved AiR, og dei er klare til å ta tak i den:  

–Me skal i gang med eit pilotprosjekt der målet er å gje betre oppfølging av dei unge i etterkant av opphaldet, fortel seniorrådgjevar ved Rehabiliteringssenteret AiR, Tarjei Helle. – Utfordringa er å få til både lik og like god og heilskapleg oppfølging frå lokalt støtteapparat, uavhengig av kva slags kommune du skal kome heim til. Det me, som aktør i spesialisthelsetenesta kan gjere noko med, er korleis me legg opp eit løp i etterkant av opphaldet som i større grad ivaretek behova deltakarane har i overgangen til kvardagen.

Les meir

Hva er arbeidsrettet rehabilitering – og hvordan får jeg det?

Utenforskap og forskning: Hva hjelper folk med helseplager tilbake i jobb?

Ny forskning: – Langvarig arbeidsrettet rehabilitering virker

Samfunnsøkonomi: Arbeidsrettet rehabilitering lønner seg

Ny forskning: Arbeidsrettet rehabilitering nyttig ved angst, depresjon og fastlåste tanke- og handlingsmønstre

Forskning: Mange av de som henvises til arbeidsrettet rehabilitering har hatt en tøff oppvekst

Bok: Arbeidsrettet rehabilitering – en vei mot deltakelse