Gje god hjelp til unge: Samarbeid, bygg tillit og sjølvtillit

En person hjelper en annen opp en bratt fjellskrent
Foto: Mostphotos

Vil du hjelpe unge inn i jobb eller utdanning? Sentrale rapportar kan oppsummerast i fire råd: Bygg tillit, relasjonar og sjølvtillit – og samarbeid med andre hjelparar.

Solveig Svardal
Spesialrådgjevar, Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering

I første del av vår webinarserie om ungt utanforskap serverte statistikksjefen i NAV, Ulf Andersen, skremmande tal om unge utanfor.

Vi brukar meir pengar og har fleire tiltak enn nokon gong for å bøte på problema og hjelpe unge vaksne med samansette utfordringar, vanskeleg familiebakgrunn og manglande utdanning og kompetanse til å kome inn i eller tilbake til jobb eller utdanning.

Dei fleste av desse ønsker og treng hjelp.

Oppdraget for denne teksten er å sveipe lyskastaren over nokre rapportar som tek opp unge vaksnes møte med hjelpeapparatet, og kva som er nødvendig for å skape gode møte, som kan bidra til gode prosessar og gode resultat.

Solveig Svardal
Spesialrådgjevar Solveig Svardal

Forandringsfabrikken samlar, systematiserer og formidlar kunnskap om barn og unge og deira møte med hjelpeapparatet, og gir råd til myndigheiter og politikarar basert på desse erfaringane.

I 2016 leverte dei rapporten Klokhet om NAV, med råd til NAV etter samtalar med 55 unge som har hatt kontakt med fire ulike NAV-kontor i Oslo og Akershus.

For eit par veker sidan, i februar 2022, kom det ein meir omfattande oppfølgjar, basert på intervju med 215 unge vaksne (18-25 år, men flest i alderen 19-21 år) i heile landet. Oppsummeringa av erfaringane dei unge har gjort seg ved første møte, samarbeid undervegs i prosessen og hjelp til vegen vidare (etter NAV) er presentert som kjenneteikn ved gode og dårlege møte.

Erfaringane dannar grunnlag for råd, både til NAV-rettleiarane og NAV-leiarane, om kva som skal til for å få til gode møte, gode prosessar og gode resultat.

Tillit

Eigentleg handlar dette mykje om tillit og dei tre sentrale komponentane i tillit: At ein opplever at den ein møter vil ein vel, at vedkomande er oppteken av deg som menneske, og ikkje berre saka. At vedkomande har den nødvendige kompetansen til å møte og stå i utfordringane og finne gode løysingar. Og ikkje minst at vedkomande har integritet og er til å stole på.

Det handlar også om å vere der for brukaren (gjerne til alle døgnets tider), og å involvere og ansvarleggjere brukaren. Sette brukaren i førarsetet for eige liv, så å seie.

Heile menneske

Dei unge ønskjer og treng, som oss alle, å bli sett og møtt som einskilde menneske med sine spesifikke behov. Dei ønskjer ikkje å bli sett på som ei samling av enkeltdelar og enkeltproblem, men som eit heile, med ressursar og muligheiter.

Dei treng at det blir fokusert på denne heilskapen og alle moglegheitene, framfor diagnosar og problem, og dei ønsker ikkje å bli sendt frå den eine spesialisten til den neste og aldri kome skikkeleg i gang med å finne moglegheitene.

Relasjonar

I fjor haust leverte NORCE ein rapport om unge som står utenfor arbeid, opplæring og utdanning (NEET). Dette er ei kunnskapssamanstilling om kven dei unge i NEET-kategorien er, kvifor dei fell ut og korleis dei opplever fråkoplingsprosessen dei går gjennom, og til slutt; kvifor systemet ikkje har fanga dei unge og deira behov opp.

Det mest oppsiktsvekkande funnet i denne rapporten, som summerer opp litteratur om NEETs (Not in Education, Employment, or Training) er kor sentrale relasjonelle utfordringar er, og korleis brotne relasjonar og manglande tilhøyrigheit ser ut til å spele ei rolle for fleire av risikofaktorane for å havne i gruppa NEET: låg sosioøkonomisk status og familiebakgrunn, dårleg psykisk helse, psykososiale problem og fråfall frå skule og utdanning.

Gode relasjonar, samhandling og fleksible individuelle løysingar er også nøkkelen til å hjelpe unge tilbake til jobb og utdanning.

Sjølvtillit og sjølvkjensle

Eit sentralt arbeid som NORCE støttar seg på er frå OsloMet, og handlar om oppfølging av utsett ungdom i NAV.

Arbeidsforskningsinstituttet (no del av OsloMet) fekk hausten 2011 i oppdrag av Arbeids- og velferdsdirektoratet å evaluere pågåande utviklingsarbeid knytt til oppfølging av utsett ungdom i NAV. 15 utviklingsprosjekt vart evaluert. Sentrale funn i dette arbeidet er at hjelpa like ofte kan og bør handle om å bygge sjølvtillit som å bygge spesifikk arbeidskompetanse.

Fleksibilitet og skreddarsaum er avgjerande for å finne vegen ut av NAV og til eller tilbake til arbeidslivet. I denne prosessen er etablering av «vanlege» relasjonar så som foreldre-, vene- eller omsorgsrelasjonar særleg viktig.

Denne evalueringa peikar også på viktigheita av samhandling.

Samhandling

Samhandling, samtidigheit og tidleg innsats er ord og uttrykk vi fort kjenner att frå både kunnskapsoppsummeringar, forsking, og ikkje minst politiske dokument.

Utanforskapsmeldinga til den førre regjeringa seier at samhandling mellom arbeid, helse og utdanning er viktigare enn nokon gong, dersom vi skal løyse utfordringane med utanforskapen. Hurdalsplattforma for den sittande regjeringa er ikkje mindre tydeleg i sine formuleringar.

Men dei unge opplever nok at det er eit stykke att.

Bombardering

Eg skreiv det innleiingsvis; vi har fleire tiltak og fleire hjelparar enn nokon gong. Brukarane kan ofte kjenne seg bombarderte, og opplever nærmast å bli slegne i hel av alle hjelparane og alle tiltaka.

Det kan vere nødvendig å gjere nokre grep for å sette dette meir i system, slik at brukaren opplever ein aktør, ein person, som kan greie å omsette alt dette til noko som verkeleg hjelper.

Viktig for brukaren – viktig for samfunnet

Så er det sjølvsagt ikkje berre brukarens oppleving som er viktig for å løyse denne floken. Men vi er avhengige av at brukaren er i stand til å gjere seg nytte av hjelpa for at vi skal kunne bruke fellesskapen sine ressursar på ein god måte.

Vil du vite meir om korleis dei unge opplever møtet med hjelpeapparatet, og sjå eksempel på og refleksjonar rundt korleis me kan samhandle for å gje dei betre hjelp?
Sjå opptak av webinaret «Unge utanfor arbeid og utdanning – korleis kan vi samhandle for å gje dei betre hjelp?»

Meny