Podkastar for deg som hjelper folk inn i jobb: Stress

Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Er stress eigentleg farleg? Korleis kan vi meistre det? Her er eit knippe podkastar for deg som vil vite meir om stress og ulike måtar å handtere det på.

Av seniorrådgjevar Guro Lien og seniorforskar Monica Eftedal
Nasjonal kompetansetjeneste for arbeidsrettet rehabilitering

Under finn du podkastar som kan vere nyttige for deg i jobben din – uansett om du er rettleiar, behandlar eller har ein annan jobb der du hjelper menneske med helseplager inn i eller tilbake i arbeid eller utdanning.

Klinikarar, forskarar og andre fagfolk er med i fleire av podkastane. Dersom du finn ein podkast du likar, kan du gjerne utforske andre episodar frå same utgjevar – me har berre tatt med eit lite utval.

God lytting!

Stress

Å meistre stress

Den første podkasten på lista er ein del av Mestre – ein podkastserie som handlar om stress og livspåkjenningar. Serien har sitt utspring i appen «Mestre», som inneheld føredrag og øvingar knytt til tema som til dømes jobbstress, tidsklemme og smerter.

Meditasjon, mindfulness og stress

Stress og utmatting

Giorgio Grossi, som er gjest i dei to siste podkastane, har gjennom mange år arbeidd som både behandlar og forskar ved «Stressmottagningen» i Stockholm. Her har menneske med utmattingssyndrom fått tverrfagleg rehabilitering. Då mottaket vart lagt ned i år, oppretta Grossi og kollegaene hans noko dei kallar eit virtuelt stressmottak. På nettsida til det virtuelle mottaket finn du sjølvhjelpsverktøy og andre digitale ressursar knytt til stress og utmatting.

Slik høyrer du på podkastar

Podkastar er lydfiler. Lastar du ned lydfilen på mobilen, blir lyden god og stabil, og du kan høyre på den når som helst – kvar som helst.

Om du ikke ynskjer å laste ned podkasten, kan du strøyme lyden direkte fra ei nettside. Det er berre å trykke på play, akkurat som når du høyrer på nettradio. Då må du vere førebudd på litt meir ustabil lydkvalitet, avhengig av kor god internettforbinding du har.

Få hjelp til å kome i gang: Slik kjem du i gang med å lytte til podkast >

Artikkelserie: Podkaster for deg som hjelper folk inn i jobb

I denne artikkelserien vil vi presentere et knippe podkaster som kan være nyttige for deg som hjelper mennesker med helseplager inn i eller tilbake i jobb eller utdanning.

Så snart podkast-tipsene for ett tema er publisert, vil det komme en lenke i oversikten under.

I artikkelserien vil vi gi deg tips til podkaster innenfor følgende tema:
Arbeid og helse: Sammenhenger, samhandling og sykefravær >
Unge og utenforskap >
Digitalisering, kunstig intelligens og VR i helsesektoren og arbeids- og velferdssektoren >
Arbeidsinkludering og tilrettelegging i studier og skole >
Psykisk helse, oppmerksomhet og hukommelse >
Smerter, muskel- og skjelettplager og fibromyalgi >
Stress >
Metoder innen arbeidsrettede tiltak, behandling og rehabilitering >
Traumer >
Søvn og pust >
Arbeidsgiver og Nav >
Biopsykososial modell og helhetlig tilnærming >
Karriere- og studieveiledning

Ønsker du flere podkast-tips?
Se 18 podkaster for deg som hjelper folk tilbake i jobb >